Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (1)
- Fisketur (1)
-
Annen vintertur (4)
- Trugetur (4)
- Fottur (197)
-
Klatring (1)
- Isklatring (1)
-
Skitur (60)
- Fjellskitur (27)
- Langrennstur (26)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Sykkeltur (4)
- Blandet sykling (2)
- Gatesykling (1)
- Terrengsykling (1)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Favorittopper
Ettermiddagstur på Horgi
- Dato:
- 28.06.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 9,9km
100 personar har skrive seg inn i boki på støls- og topptrimmen til no!
Topptur, Kråkebergnosi. Grensetopp mellom Årdal og Lærdal.
- Dato:
- 26.06.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 13,0km
Jon Einemo og eg starta ved garden Øvre Kvame i Borgund kl 12. Litt sein start då det var meldt betring i veret på det tidspunktet. Fylgde stølsvegen til vårstølen Igdeset (1 time hit) og vidare til fjellstølen Fosse (2 timar hit). Flotte store steinsel der eit av dei var nokolunde intakt. Vidare bratt opp bakkane retning vest. Fylgde dyretrakk oppover mot tjørna (1360 moh). Snøfenner/steinur vidare til toppen. (1561 moh). Høgaste punktet (1569 moh målt med gps) ligg noko lenger i nord-vest enn det geometriske merket og den store varden.
Fin tur, men mykje vegetasjon fram til stølene, spesielt fram til vårstølen. Stadvis svært glatt på grunn av våt skogsbotn.
Flott utsikt til toppane og fjellområda ikring i Lærdal, Årdal og langt inn på Filefjellet.
Ofredalstunnelen-Storedokki-Utsikten tur/retur
- Dato:
- 12.05.2019
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 3,7km
Starta ved austre enden av verdas brattaste vegtunnel, Ofredalstunnelen.
Det er merka sti som etter kvart kjem saman med den gamle gangvegen til Seimsåsen. Brattare enn dei fleste andre stiane til fjells her i bygdi, men spanande.
Brukte 40 min. til Storedokki der Arild har sett opp postkasse med bok.
Flatar ut herfrå opp mot Geitånetjørni som framleis ligg isdekt.
Ved høgpentmasta på toppen rundar me til høgre og kjem opp i traktorvegen.
Føl denne opp til der det er merka med skilt til Utsikten. Der er det fin utsikt mot Seimsdalen, Hurrungane, Gjerdesnosi og fjella på austsida av Årdalstangen
Til Hødntind (Horntind) utan ski
- Dato:
- 15.04.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:12t
- Distanse:
- 10,5km
Til Finndalshorn på piggsko
- Dato:
- 14.04.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:08t
- Distanse:
- 6,2km