Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (1)
- Fisketur (1)
-
Annen vintertur (4)
- Trugetur (4)
- Fottur (189)
-
Klatring (1)
- Isklatring (1)
-
Skitur (60)
- Fjellskitur (27)
- Langrennstur (26)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Sykkeltur (4)
- Blandet sykling (2)
- Gatesykling (1)
- Terrengsykling (1)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Favorittopper
"Aosatrippelen". Vedabakknosi-Skrednosi-Bjørnaholten
- Dato:
- 01.08.2023
- Distanse:
- 13,5km
“Aosatrippelen”. Vedabakknosi-Skrednosi-Bjørnaholten med retur om Kolabotn. Fin runde i nydeleg turver. Møtte 3 personar pluss ein hund på turen. Såg ein einsleg rupekylling. Elles er det kome stålrister over Kolabottsgrovi. Flott! Kunne vera litt skummel den til tider. Turlaget v/Helge Rørvik har bestilt skilt for dette området. Dei kjem nok på plass i løpet av sesongen. (Sjå òg tur nr Of 1.3 i boka "På tur i Årdal")
Vangsen
- Dato:
- 14.07.2023
- Distanse:
- 7,4km
Karin hadde prata om denne toppen lenge, og mellom to lågtrykk hadde ho bestemt seg, bestilte rom på Jostedalen Hotell og då var det berre å henga med. Frå Krekane tok me opp Vanndalen til Vanndalsvatnet 1057 moh der det var fin parkeringsplass. Følte oss litt åleine i eit stort nytt område, og berre ein utanlandsk bubil på plassen attmed. Men me sala på oss og la i veg ned bakkane mot ei solid bru. Lett å sjå at stien var mykje brukt. So vart det bratt oppover bakkane på andre sida med blaut jord, stein og vegetasjon i skjønn foreining. Der er det komen ein bil til på parkeringsplassen, seier Karin, og ein person kom bortetter stien i luntetrav. Me var ikkje lenger åleine her. I 1300 m høgd vart det ein 90 graders til høgre med 100 høgdemeter med stein og ur til me møtte >>>