Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Gamle Ylja kraftstasjon

Dato:
08.08.2019
Turtype:
Fottur
Distanse:
6,3km

Kosetur saman med barnebarn Anna. Ho kunne tenka seg å etablera eit hotell i den gamle kraftstasjonen. Etter turen vart det skissert planar om innreiing, fasadar og fasilitetar. Ein flott og spanande tur!

Kart    

Helgedalen Turtagrø

Dato:
04.08.2019
Turtype:
Blandet sykling
Distanse:
4,0km

Kart    

Fannaraaken

Dato:
04.08.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
8,3km

”Dei galne (gamle) har det godt”. Med eit lite vindauge av godvêr i sikte, vart telt, soveposar og kokeutstyr frå midt på 70-talet pakka og syklar hengt på bilen fyrste laurdagen i august. Ved destinasjon Turtagrø var det kamp om parkeringsplassane, men endeleg etter ei stund var det ein plass for oss og. Me fekk pakka på oss sekkar og utstyr og av garde bar det innover Helgedalen med Fanaråken i sikte. På veg frå parkeringsplassen mot avkøyrsla til Helgedalen stoppa ein utlending med stor medynk for oss og tilbaud oss skyss. Me avslo på høfleg måte. Tur til Fanaråken hadde fruen drøymt om lenge (ho har berre vore der på ski). Sykkelturen var ikkje so lang men desto skeivare. Sekken halla meir og meir mot Steindalsnosi, men me kom fram til ein flott plass å slå leir ved >>>

Kart    

Helgedalen

Dato:
03.08.2019
Turtype:
Terrengsykling
Distanse:
4,0km

Kart    

Tenlehytta og Vardhovdtind

Dato:
01.08.2019
Distanse:
15,5km

Fin tur til Vardhovdtind fyrste dagen i august. Starta frå Grøv-stølen og fylgde V-merka rute til kryss med sti til Børrenøse. Derfrå var det T-merka sti som me fylgde til toppen av Vardhovdflenane. Deretter var det fritt fram. Har registrert turen 12 gonger på ski, men aldri på barmark. Mange reinsdyr å sjå. Me såg òg ei rypemor som passa på sine 5 små. Flott og lett terreng å gå i og god utsikt i alle retningar. Brukte litt over 3 timar opp og ca 1,5 time ned att i gangtid.

Kart