Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Skitur Bjørnaholten, Skredenosi, Vedabakknosi, Åsete

Dato:
19.02.2000

Med Årdal Turlag på skitur Det var frammøte med privatbil ved Aosahytta på Seimsåsen. Veret var flott; klårt og stillt med - 10 grader C. Underleg nok var det berre 5 mannfolk inkl. turleiar som hadde lyst å gå denne turen, men me fekk oss ein uforgløymeleg dag ute i den flotte naturen. Skiføret var godt, og det var lett å ta seg fram. Frå Aosahytta gjekk me opp til Bjødnaholten og vidare til Skredenosi, der me hadde oss ein skikkeleg rast. Deretter gjekk turen over Vedabakknosi og vidare nedatt til Slettedalsvatnet. Så rett nedatt på Nystølen i herleg puddersnø. Deretter bar det flaksande nedatt til Åsetsvingen. Tyngste stykket var derifrå med skia på ekslene oppatt til bilane på Aosahytta. Turen tok ca. 5 timar. Johan Nes tok flotte bileter på turen. Sjå februarbilete >>>

Kart