Kvannetjørni (02.08.2023)


Turlengde 2t 53min
Distanse 3,5km
Høydemeter 355m
GPS

Fin tur til Kvannetjørni i dag. Har vore der før, men kan ikkje minnast at det var så bratt opp. (Har vel kanskje med alderen å gjera og). Men me får løn for strevet når me er oppkomne. Må vera ein av dei mest idylliske og fredfulle plassane i Årdal! På vegen opp bakkane, er det eit mangfald av planter som ein skjeldan ser maken til. Herleg å nyta nistepakka på selstrappa. Me vart ikkje nedtrakka av andre på turen heller. 10 personar hadde skrive seg inn i boki før oss dette året.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.