Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Lomskollen

Dato:
21.09.2014
Turlengde:
1:33t
Distanse:
5,8km

Kart    

Semelholstinden

Dato:
20.09.2014
Turlengde:
8:37t
Distanse:
22,0km

Eg var svært gira på å få Semelholstinden i boks, siden dette var siste 2k-toppen eg mangla i området. Kvelden før hadde eg lufta dette til Geir Arne, og det passa veldig bra at han også mangla denne toppen. Øyvind var også gira, og vi tok turen tross labert ver.

Kart    

Vestre og Store Rauddalstinden

Dato:
19.09.2014
Turlengde:
8:01t
Distanse:
25,0km

På dag 2 på peakbooktreffet hadde eg sett meg ut Vestre og Store Rauddalstindane. Eg hadde tatt med sykkel, og starta frå Leirvassbu i 10-tida. Det er uvant å starte ein fjelltur med sykkel, men duverden så mykje tid ein sparer. Det er 8 km ned til Gravdalsdammen og ca 200 høgdemeter. Eg la frå meg sykkelen ved Gravdalsdammen og starta på motbakkane. Nesten heile fjellsida låg i skuggen, men på slike varme haustdagar er det egentlig greit. På motsatt side av Gravdalen vart det flottare og flottare utsikt mot Smørstabbtindan. På Vestre måtte eg ha ein liten matbit før eg tusla vidare mot Store, der eg tilbragte 1-2 timar i solskinnet.

Nørdre Semelholstinden

Dato:
18.09.2014
Turlengde:
4:03t
Distanse:
14,6km

Eg ankom Leirvassbu kl.16 og rakk ein kjapp tur til Nørdre Semelholstinden. Jogga mesteparten av det flate, og valgte ei ganske direkte rute opp ryggen. Ingen store problemer her, men ganske laust og eit litt utfordrande og bratt sva omtrent midtvegs.

Kart    

Jobbsynfaring til Bispevatnet

Dato:
17.09.2014
Kart    

Blånebba

Dato:
15.09.2014
Turlengde:
3:13t
Distanse:
8,3km

I dag var det like strålande haustver her på vestlandet, og eg valgte meg ut Blånebba som turmål etter jobb. Brukte i overkant av ein time opp, og sat og slappa av i solskinnet på toppen i ein liten time.

Kart    

Stigbott-traversen

Dato:
14.09.2014
Turlengde:
6:59t
Distanse:
12,4km

Veldig fin tur i lag med Øyvind og Helene! Tett skodde i starten, men etter at vi kom over skodda vart det strålande solskinn og shorts. Avslutta turen med eit forfriskande bad i Alnesdalen!

Kart    

Ny tur til Romsdalshornet via normalvegen

Dato:
13.09.2014

Borgar, ein tidlegare kollega frå Ål i Hallingdal, nevnte for ei tid tilbake sidan at han var meget interessert i ein tur på Hornet. Denne helga passa det bra, ikkje minst med tanke på vermeldinga. Øyvind hadde som vanleg lyst til fjells, og han tok også turen oppover frå Drammen. Det var ein spent gjeng som la i veg oppover ura kl.8. Omtrent halvegs oppi bratta valgte vi å ta fram tauet. Borgar har vore på Stetind, men har elles ganske lite klatreerfaring. Eg følte dessutan eit stort ansvar, sidan eg var kjentmann og "førar", og det var derfor ingen vits i å bære tauet i sekken... Vi gjekk på løpande sikring oppover, og det gjekk unna i bra tempo. Før innsteget til Halls renne tok vi lunsj. Øverst i Halls renne tok vi dagens første taulengde. Eg leda opp, og sikra >>>

Romsdalshornet via normalvegen

Dato:
10.09.2014

Eg har høyrt mykje om normalvegen opp Halls renne, og eg var heldig som fekk med meg ein lokalkjent kollega frå Isfjorden til å vise meg vegen opp. Først og fremst var eg spent på å finne ut kor vanskeleg ruta er, men eg ville også rett og slett lære meg kvar ruta går. Vi starta i godt driv og framdrifta oppover ura var god. Etter ura er det ei blanding av sti og sva, og her viser raude prikkar vegen vidare. Vi nærma oss raskt den gule flekken, og her skråa ruta opp til venstre mot Halls renne. Før innsteget til renna tok vi ein matbit, og nøt utsikta. Nesten øverst i renna tok vi fram tauet, og Jo leda opp det korte partiet opp til skaret mellom Hornet og Lillehornet. Frå skaret tok vi ei ny taulengde mot toppen. Jo leda an, og eg kom raskt etter. Vi ankom toppen etter 2 timar >>>

Klatring på Litlefjellet

Dato:
07.09.2014
Kart