Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Joggetur til Mannen

Dato:
30.09.2013

Det er mange som prater om fjellformasjonen Mannen i Rauma, spesielt sidan han truer med å rase ned og skape litt trøbbel for raumaværingane. Eg hadde derfor lyst å ta turen og sjå på denne Mannen før han eventuelt raser ned i Romsdalen.. Eg starta frå Strupen og jogga rolig innover dalen. Det er 7,3 km til "toppen", og eg var spent på om eg ville klare å jogge heile vegen. Det er svært lett terreng innover dalen, og total stigning er ca 4-500 høgdemeter. Etter 59 minutter klaska eg handa på postkassa ved Mannen og var særdeles fornøgd med å ha forsert heile dalen og ikkje minst dei siste 150 bratte høgdemeterne i joggande tilstand. Mannen ser mest ut som ei badeand, og den står nærmast og vipper på kanten mot Romsdalen. Nesten vindstille og relativt varmt vær gjorde >>>

Kart    

Høgkubben

Dato:
28.09.2013
Kart    

Moanebba

Dato:
27.09.2013

Kart     1 kommentar

Varden

Dato:
25.09.2013
Kart    

Gråhøe i Reinheimen

Dato:
20.09.2013
Turlengde:
7:29t
Distanse:
32,4km

Eg hadde egentlig sett meg ut dette som ein skitopp frå Billingen, men for eit par veker sidan begynte eg å fundere på tanken på å ta denne til fots. Tanken var då å starte frå Lordalen og jogge mest mulig innover det flate partiet i starten. Vekkerklokka ringte kl.5.45 i Isfjorden, og eg kom meg opp. 3 kvarter seinare var eg klar til avreise. I bilen på veg oppover Romsdalen såg eg at temperaturen nærma seg null, og ved Bjorli var det 2-3 minusgrader. Men; det var skyfri himmel og sola var på veg nedover fjella! Bomvegen inn til Lordalen kostar 100,- og det er sjølvbetjent bom. Vegen innover er ca 2 mil. Kl.9 stod eg klar ved Nysætri/Nordstølen, og eg starta å jogge roleg innover på sørsida av elva. Det er svært lett terreng innover i starten, og eg hadde god framdrift. Eg >>>

Litlefjellet

Dato:
18.09.2013

Kart    

Nonstua

Dato:
14.09.2013
Kart    

Aksla

Dato:
12.09.2013
Kart    

Fototur i Venjesdalen

Dato:
11.09.2013

Eg og Marianne tok med oss fotoapparat og køyrde opp i Venjesdalen. Totalt vindstille og flotte haustfarger ga mange fine motiv!

Kart    

Olaskartinden

Dato:
10.09.2013
Kart