Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Litleoksen og Randsetfjellet

Dato:
18.01.2014
Turlengde:
2:34t
Distanse:
6,2km

Mykje vind og grått ver gjorde at vi helst ville unngå dei høgaste toppane i dag. Valget vart dermed Litleoksen på Rødvenhalvøya. Parkerte ved Landresetra (bomveg, 30 kr betalast med giro), og fulgte merka sti til topps. Litt isete innimellom, og sterk vind på toppen. Flott utsikt utover fjorden, og mot Vågstranda og Vestnes. Opphaldet på toppen vart kort, så nistepakken sparte vi til vi kom litt ned i skogen. Etter å ha returnert til bilen tok eg ein snartur oppom Randsetfjellet, og denne var verdt å få med seg.

Kart    

Stegjernstur til Klauva

Dato:
11.01.2014

Eg parkerte ved skytebana litt over kl.8, og før eg gjekk ut av bilen viste gradestokken -11 grader. No ligna endeleg januar på seg sjølv! Eg pakka trugene på sekken og rusla med hodelykt i retning Loftskarsætra. Rett før sætra var det veldig isete og glatt, og eg bestemte meg raskt for å ta på stegjerna. Videre oppover i retning skaret mellom Skarven og Søre Klauva er det tungt og bratt, og utsikta bak meg lokka meg til å ta mange pauser. Oppe i skaret la eg frå meg trugene, dei kom eg ikkje til å få bruk for. Videre opp mot Søre Klauva er det enkelt, og undervegs måtte eg ta av stegjerna pga lite snø. Det vart ingen lang pause på toppen, sidan eg skulle vidare mot Klauva. På veg ned til skaret måtte stegjerna på og isøksa fram, og med slikt utstyr gjekk det fint å kome >>>

Kart    

Presten, Prosten og Blåtindane

Dato:
04.01.2014

Under lunsjen på fredag kom to kollegaer og spurte om eg var interessert i ein fjelltur i Måndalen i helga. Det var eg sjølvsagt veldig lysten på, og turmålet (Prosten, Svartevassegga og Trolltinden) høyrdest veldig spennande ut! Vi parkerte ved Moen i Måndalen i 8-tida, og var raskt i gang oppover skogsvegen i retning Mosetra. Oppe på setra pakka vi ned hodelyktene, og satte kursen mot Vassfjellet. Her fann vi raskt ut at stegjerna måtte på, og vi traska oss i fint driv opp til Vassfjellet. Her vart vi møtt av flott utsikt, men også sterk vind. Egga vidare opp mot Presten og Prosten såg litt ekkel ut, spesielt på det vinterlege føret, men ting er ofte lettare enn det ser ut på litt avstand, og i 12-tida stod vi endeleg på Prosten. Etter ei kort matpause bestemte vi oss for å >>>

Verahornet

Dato:
01.01.2014
Kart    

Mosætra

Dato:
31.12.2013
Kart    

Løsetnakken

Dato:
30.12.2013
Kart    

Gausnestoppen

Dato:
29.12.2013

Kart    

Melen og Stemshesten

Dato:
27.12.2013

Vi parkerte ved skytebana ved Skotten, og fulgte skogsveg oppover mot Skottenvatnet. Derfra på sti opp til Kyrhaugen og over ei ganske spiss egg opp til egga mellom Melen og Stemshesten. Siste partiet mot Melen var hardt og til dels isete, men med litt forsiktigheit gjekk det bra. På toppen var det veldig fin og vid utsikt til alle kanter! Etter ei kald pause på toppen gjekk vi ned frå Melen og satte kursen mot Sjurvarden. Her er det fint og lettgått terreng, og det tok ikkje lang tid før vi stod på toppen. Øverste partiet ned mot Stemshesten var også veldig isete og glatt, men vi kom oss trygt ned. Etter ei matpause på Stemshesten rakk vi akkurat ned til bilen før mørket var over oss, og da passa det fint å køyre tilbake til Eide og få middag hos svigerfar!

Kopphornet

Dato:
25.12.2013

På første juledag er det alltid godt å kome seg ut og sveitte av seg litt julemat. Årets tur gjekk på truger til Kopphornet. Eg hadde lyst å fortsette vidare mot Vadbottshornet, men den sterke vinden gjorde egga litt for utrivelig. Dessuten måtte eg nedatt for å rekke ein ny runde med julemat...

Kart    

Mosætra

Dato:
24.12.2013
Kart