Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Kajakkpadling (2)
- Fottur (280)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (120)
- Fjellskitur (16)
- Langrennstur (16)
- Randonnée/Telemark (88)
-
Sykkeltur (17)
- Blandet sykling (3)
- Gatesykling (6)
- Terrengsykling (7)
"Peakbookvenner"
Nyseterskarven
- Dato:
- 21.02.2014
- Turlengde:
- 2:45t
- Distanse:
- 8,0km
Starta ved grustaket og fulgte sti til Hegerholmsetra og Einangsetra. Fulgte deretter stort sett ryggen til topps.
Sandnestindan
- Dato:
- 15.02.2014
- Turlengde:
- 4:45t
- Distanse:
- 12,4km
Besøk hos svigermor på Eide treng ikkje berre bety mykje god mat og kaker. Eg bestemte meg derfor for å ta ein tur over Sandnestindan. Då vi kom køyrande over Fræneidet hoppa eg av ved parkeringa til Trollkyrkja. Eg stoppa sovidt ved Trollkyrkja, som er blant av Sør-Norges lengste grottesystem, men tok ikkje turen inn denne dagen. Vidare gjekk turen opp mot den vestre delen av Trolltindane. Det blåste godt og var ganske surt, men heldigvis ingen skodde. Eg var litt spent på egga opp til, og ned att frå, sjølve Trolltinden, men den viste seg å vere heilt uproblematisk. Vidare vart det mykje opp og ned over Stordalstinden, Blåfjellet, Hældalstinden og Snipa. Det gjekk fint å gå med joggesko med broddar, men enkelte plassar var det litt ekkelt med nokre bratte og knallharde snøfelt >>>
Sjøvdøla og Helvetestind
- Dato:
- 08.02.2014
- Turlengde:
- 33:31t
- Distanse:
- 22,6km
Denne helga kom Øyvind Brekke på besøk til Isfjorden, og han var veldig gira på eit par flotte Romsdalsfjell. Hovedmålet vart Sjøvdøla, og vi såg for oss ei natt på Svartvassbu. Vi inviterte også med ei fjellgal venninne, og kl.8.30 på laurdag var vi klar til start ved Rabben innerst i Grøvdalen. Det er som kjent lite snø i området no, og vi møtte ikkje snøen før etter eit par hundre høgdemeter. På ca 450 moh vart det sopass hard og glatt snø, så her bestemte vi oss for å ta på stegjerna. Videre fulgte vi stort sett den merka sommerruta opp til Svartvassbu. Det var fantastisk å sjå at den eine kjente stortoppen etter den andre kom til syne, og spesielt var synet opp til Juratind flott!
Oppe på Svartvassbu tok vi ei matpause, og tømte sekkane for unødvendig vekt, og >>>
Snortungen vestre
- Dato:
- 02.02.2014
- Turlengde:
- 2:10t
- Distanse:
- 6,9km
Ettermiddagstur til Breidviksetra og vidare opp mot den vestre delen av Snortungen. Eit lite toppunkt, men frå setra (og frå Åndalsnes) er toppen ganske dominerande.
Lundsfjellet og Nøta
- Dato:
- 28.01.2014
- Turlengde:
- 1:40t
- Distanse:
- 5,0km
Alt håp er som kjent ute, og då kan ein ikkje berre sitje og gnure på eit kontor og sjå ut på solfylte fjelltoppar! Derfor slutta eg tidleg i dag, og satte kursen mot Vågstranda. Eg hadde sett meg ut to skogkledde åsar som kunne passe fint i dag. Nesten heile Lundsfjellet er verna som barskogreservat, og eg var ganske spent på både naturen og om eg ville få noko utsikt.
Eg parkerte nedanfor garden i Brudeskaret, og fulgte merking mot Lundsfjellet og Helgestø. Raud merking heilt til topps, men stien er ellers noko utydeleg og eit bevis på lite ferdsel. På toppen fekk eg gløtt av både fjord og fjell, og spesielt var utsikta mot Venjestindan og Trolltindan flott. Artig med trolsk skog i forgrunnen og majestetiske toppar i bakgrunnen.
Etter å ha returnert ned same vegen til Brudeskaret >>>
Kjølen
- Dato:
- 26.01.2014
- Turlengde:
- 1:42t
- Distanse:
- 6,5km
I dag vart det ein søndagstur heim til Stordal, og då passa det fint å stoppe på Ørskogfjellet og ta ein liten avstikkar i solskinnet.
Oksen
- Dato:
- 25.01.2014
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 2:38t
- Distanse:
- 9,8km
Eg fulgte grusveg opp til Hatledalen og "T-krysset" midt på myra. På kartet står det at vegen hit er stengt med bom, men eg såg ingen bom.. Herfrå var planen å følge grusvegen vidare i retning Hatlesetra, men tilfeldigvis traff eg ein kar som tipsa meg om å følge en traktorveg rett nordover fra det nevnte krysset. Denne gjekk etterkvart over til sti, og tok meg opp til Slettskaret. Herfrå var det enkelt til topps via nordaustegga. Joggesko med broddar var ypperleg fottøy i dag...ein skulle ikkje tru det var slutten av januar..
Returen gjekk tilbake til Slettskaret, og derfrå tok eg turen bortom Eidsfjellet, og vidare ned til Kolåsen. Dei to sistnevnte var fine skogstoppar, med mykje innslag av store, trollske furutrær. Kanskje bra plassar for å oppleve orreleik? Det >>>