Joggetur til Mannen (30.09.2013)


Kart
Bestigninger Mannen (1294moh) 30.09.2013
Andre besøkte PBE'er Strupen bru (750moh) 30.09.2013

Det er mange som prater om fjellformasjonen Mannen i Rauma, spesielt sidan han truer med å rase ned og skape litt trøbbel for raumaværingane. Eg hadde derfor lyst å ta turen og sjå på denne Mannen før han eventuelt raser ned i Romsdalen..

Eg starta frå Strupen og jogga rolig innover dalen. Det er 7,3 km til "toppen", og eg var spent på om eg ville klare å jogge heile vegen. Det er svært lett terreng innover dalen, og total stigning er ca 4-500 høgdemeter. Etter 59 minutter klaska eg handa på postkassa ved Mannen og var særdeles fornøgd med å ha forsert heile dalen og ikkje minst dei siste 150 bratte høgdemeterne i joggande tilstand.
Mannen ser mest ut som ei badeand, og den står nærmast og vipper på kanten mot Romsdalen. Nesten vindstille og relativt varmt vær gjorde opphaldet på kanten mot stupet til en flott fornøyelse!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.