Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Amlaholten, som vanleg

Dato:
28.09.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
5,0km

Jenta gjekk frå start til botn og guida attpåtil opp verste røklet. Litt sliten på slutten sjølvsagt, men dette var ikkje verst!

Kart    

Over fire kommunetoppar i råten snø

Dato:
21.09.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
26,5km

Tradisjonen tru starta det sjølvsagt med ein diskusjon, og deretter ein krangel. Arnold var som vanleg skeptisk til snøforholda i fjellet - og med rette denne gongen skulle det vise seg. Problemet var uansett timinga. Å hevde at vi no skulle sjå på ei alternativ rute, lengje etter at turplanen var HOGD I STEIN, var ikkje mindre enn HELLIGBRØDE! Forslaget hans vart difor raskt, og bryskt, avvist av underteikna. I den same steinen stod det og at avreisetidspunktet skulle vere 08.45. Krangelen starta då Eirik, lett tilbakelent i stolen med ein god kopp kaffi i neven, melde at han nok ville verte 10 minutt forseinka som følgje av at "badet var oppteke". Årsaka var elendig planlegging, med andre ord. Stemninga vart heller ikkje betre av at vår kjære sjåfør - og mor - kom vasande >>>

Fjelltur etter stoppeklokka

Dato:
08.09.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
8,1km

Kona måtte til Oslo med flyet om kvelden, og difor vart ikkje dette meir enn stressmarsj frå A til Å. Etter eit lite feilskjær før brua nede ved Anestølen, starta eg å følge stien oppover dalen. Stien forsvant fort i lyngen. Så då vart det nye feilskjær først mellom busk og bregner, og deretter over våtaste myra. Resultatet vart sprengde lunger før eg nådde Tverråni. Ein liten pause der eg naut utsikta, og inntok energi var heilt nødvendig. Det førde likevel til at eg var bak skjema. Og det skulle snart vise seg umuleg å innhente den tapte tida. Frudalsbreen Og slik fortsatte det oppover fjellet. Konstant bak skjemaet. Eg nådde ikkje eingong Sogndalseggi før eg fant ut at det var best å snu. For no var eg komen til eit punkt det verken var fint eller kjekt lenger. Det var >>>

Kart    

Frå Åberge til Bjedlastølen

Dato:
07.09.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
3,8km
Kart    

Lett vralting til nærmaste fjelltopp

Dato:
07.09.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
3,8km

Amlaholten

Dato:
06.09.2019
Distanse:
4,2km

Rask spring/marsj/gåing over Amlaholten for å halde formen ved lag. Trengte ein "pust i bakken" etter litt for mykje hardkøyr på jobb den siste tida.

Kart    

Militærmasj til Slettafjellet

Dato:
18.08.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
8,5km

Det var nesten berre AG-en som mangla for at denne fjellturen vart ein "full-blown" militærmarsj. For med beremeis og jentunge, inkludert vatn, mat, klede og sparkesykkel, på ryggen kjentes det nokre gongar som at beina skulle knekke i hop. Men for all del, ho var til tider svært innstilt på å gå sjølv, og då spesielt i dei mest utsette partia, dvs. stien frå stølen Sletten til toppen. Akkurat denne delen av turen er ikkje akkurat tilrettelagt for ungar - eller toskar med beremeis. Sparkesykkel i sekken seier du? Jau, planen - og rosinen i pølsa får ein seie - var at ho skulle få sparke ned att heile den gruslagte anleggsvegen. Tanken var god, men resten var fiasko. Etter to gode "tryn over styret" (små hjul over spesse steinar - nei, kven skulle tru!) vart >>>

Kart    

Føremiddagstur til Hest (forstå meg rett)

Dato:
10.08.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:45t
Distanse:
6,7km

Ein av "ørten" Hest`ar å bestige i Sogn inkluderer (primærtoppen) Hest på Nessane. Det er ei dugeleg kjempe frå fjorden å betrakte, så mykje kunne tyde på at dette og ville bety eit dugeleg slit. Slik er det likevel ikkje dersom ein velgjer ruta frå Nessadalen, og tek fjellet frå nordsida. Vi køyrde nesten heilt fram til Dalheim, der vi tok til høgre opp ein bomveg som grunneigarane kravde 30 kr for å passere. Der vart eg ein femtilapp fattigare (ingen vekslepeng på ein femtilapp), og ei erfaring rikare: Vipps har ikkje nådd folk i Nessadalen. Eit stykke oppover grusvegen kom vi fram til ein fin liten parkeringsplass der vi satte bilen. Vi passerte ei lita brua over elva Breidstøla og gjekk vidare på merka - men nokså attgrodd sti - gjennom spreidd bjørkeskog. Dette >>>

Kart    

Rask kveldstur

Dato:
09.08.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
3,0km

Eg vender stadig tilbake til Bruhjellstølen, evt. stien på veg opp dit. Ikkje fordi det er verdas mest spektakulære fjelltur, men fordi han - i tillegg til å liggje rett ved barndomsheimen - gir relativt mykje for pengane. Med andre ord: orkar du å slite og svette ein liten time får du betalt i uforgløymeleg utsikt (og sjølvsagt ein kvalifisert registrering i peakboki`).

Kart    

Om å gjere å skaffe seg ein ny primærtopp!

Dato:
04.08.2019
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,3km

Nord for Torsdagsnakken (etter kartet å lese). Ja, kva er eigentleg det for eit fjell? Det enkle svaret er at det er ein primærtopp som bidreg til å komplementere Sogndal-lista, og som difor er umåteleg meir viktig å bestige enn den langt meir kjende Tverrdalstind nokre steinkast (enda) lenger nord. Vel, no overdriv eg litt. Planen var uansett å nå Tverrdalstind og svingje innom Nord for Torsdagsnakken undervegs, men det målet skrota eg fort. Det var tross alt nok å gjere i huset før jobb- og barnehagestarten neste dag. Val av veg kunne vore gjort om att. Det beste er nok å følgje stien på venstre sida av elva på veg oppover Tverrdalen, og krysse denne eit stykke før ein kjem opp til vatnet. Då slepp ein å forsere røysa på motsett side og utsetje seg for steinras og anna drit.

Kart