Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Høge ambisjonar men låge resultat

Dato:
24.09.2017
Distanse:
6,5km

Den planlagde turen frå Anestølen innover Langedalen, over Steindalseggi, Steindalsnipa, Nipa og ned att Tverrdalen, vart til ein tur innover Langedalen. Kva skjedde? Tja. Eg sprengte meg totalt på veg innover. Snusen, på si side, han sprengte lemen.

Kart    

Fimreiteåsen - kun for å ta toppen

Dato:
22.09.2017
Distanse:
6,2km

Dette var ein kollegatur til Fimreie der dueskardvarden var det planlagte målet. Men eg fekk likevel kverulert meg til at vi heller gjekk til Fimreiteåsen. Litt surmuling vart det, naturleg nok, da det var lite å sjå der oppe. Men vi hadde heldigvis med øl. Seinare på kvelden vart det nok eit sjøslag i stampen hans Harald. Gud betre som eg angra dagen etterpå..

Kart    

Lemenjakt i Mefjellet

Dato:
17.09.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,2km

Etter gårsdagens fiasko var planane for sundagsturen jekka 3 hakk ned. Maks ei halv mil, og med ein estimert tidsbruk på 2-3 timar. Og denne gongen klarte vi målet! Da er det på sin plass å forfatte ein liten turrapport: Starten gjekk frå campingplassen ved Bygdin fjellhotell. For å parkere her må du betale 50 kroner til han Ole Thomas Grythe Nygard. Og etter biloppstillinga denne dagen å rekne, skal eg tru han godaste Gniar Nygard har til salt i maten. Frå parkeringa gjekk vi over grusvegen og inn på stien oppover i retning Heimre Fagerdalstjernet. Da vi var komne opp på det første platået, låg Synshorn aust for oss. Herfra gjekk vi mot venstre (det vert vest ja) og fortsette oppover ryggen mot Mefjellet. Da hadde vi gått i 1/2 time. Med skråsikker mine meinte likevel Arnold >>>

Kart    

Familietur i retning Sikkedalshøe

Dato:
16.09.2017
Distanse:
10,9km

Så var det endeleg duka for ei dugandes familiehelg på Beitostølen - som etter mamma Britt si meining, sitat; "fan meg var på tide". Første dagen vart målet sett til Sikkildalshøe. Vi starta i nærmast perfekt vêr frå Maurvangen, og parkerte inne på campingplassen. Det hadde nok ikkje camping-eigaren godkjend, om han da hadde sett det. Men det gjorde han altså ikkje. Første bommerten var at fjellskoa mine låg att på hytta. Så da vart det spasering i småby-sko, for øvrigt i samsvar med trenden på Besseggen like ved. Sist eg gjekk der såg eg til og med nokre kinesarar med lakksko og parasoll. Eg følte meg likevel ikkje mindre tosk av den grunn. Frå parkeringsplassen gjekk vi forbi nokre campingvogner og kom fort inn på stien. Her gjekk det i langt, slakt terreng gjennom >>>

Kart    

Bjedlastølen (nesten) via Åberge

Dato:
03.09.2017
Distanse:
7,2km

Føremålet var ein lett joggetur. Men det vart det ikkje. Godt eg hadde hunden som kunne dra meg i gong for kvar pustepause eg tok. Gud betre..

Kart    

Kvalneset, Runde

Dato:
02.09.2017
Distanse:
5,9km

Runde denne sagnomsuste øya, der mang ein mann (og mus) har møtt ein våt skjebne etter å ha vorte knust mot digre fjæresteinar. Her vaks han far Arnold opp - heilt til han fant ut at det ikkje var liv laga, og drog derifrå. Uansett så vekkjer denne øya mange gode barndomsminne. Denne gongen var vi på Runde fyr som feira 250 års jubileum. Det er ein rimeleg lett tur frå Goksøyra (ja, her kjem familienamnet frå) i noko blaut mark, opp fjellet og så bratt ned att - til Kvalneset. På vegen går ein forbi staden der den flamske handelsskuta Akrendam sakk i 1725. Den hadde kome seg ut av kurs på veg mot Jakarta i Indonesia og forliste her (!) ei stormfull natt 8. mars. Ja, eg tenkjer det same. Da har du jammen meg navigert deg bort i natta. Synd for mannskapet, men kjekt for dei tre >>>