Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Tylderingen

Dato:
31.12.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
6,2km

Første turen til Tylderingen, aleine og med liten oppakning. Turen oppover gjekk stort sett greitt (det er alltid spor å følgje), men vèret kødda seg til etter Vardafjell nær toppen. På rein trass gjekk eg vidare i kraftige vindkast og snødrev, og - for å sette kruna på verket - tok eg attpåtil nokre lattarlege vegvalg. Det gjorde eg nedatt og. Eg kom altfor langt mot aust nær kanten til stupet, og måtte staka meg vel opp att vel 50 nye høgdemeter. Då var eg i godt humør. Nuvel. Første gong er ein og blir fersking uansett. Snøen var heilt grei ned til bilen. Noko pudder her og der, men mykje oppkøyrd. På veg oppover

Kart    

Gråmerri

Dato:
30.12.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
6,6km

Kart    

Dalen

Dato:
02.12.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
3,1km

Nydeleg pudder i Sogndalsdalen i dag. Men på veg ned endte det likevel med knall og fall, og opphovna fot og forkjøling. Om kvelden rykka Sogndal ned, og så brant barnehagen vår ned dagen etter. Så det var ikkje den beste helga samla sett.

Kart    

Kveldstur i stjerneskin, retning Svartholten.

Dato:
20.11.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
4,1km

Nice øverst. Oppkjørt som fan nedst. Alt i alt ein ganske kjekk tur.

Kart    

Årets første skitur

Dato:
19.11.2017
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
6,4km

Like utanfor stovedøra. Perfekte forhold! Ræva svingteknikk.

Kart    

Eit lite stykke oppover i Balestrandsfjella

Dato:
11.11.2017
Distanse:
5,8km

...rett utanfor døra til foreldra.

Kart    

Saurdalen til Kalbakk

Dato:
21.10.2017
Distanse:
13,3km

Den tradisjonelle haust-turen frå Saurdalen i Balestrand, via Kvilehytta, og ned att til Kalbakk er alltid ein slager. Fjord og fjell og trolsk himmel, i skjønn foreining. Høyres vel ut som ein klisje. Men bileta lyg ikkje. Flotte fargar, tørt og fint, men fytti helsike so det bles. Bombesikker på at det gjekk i stiv kuling til liten storm frå 800m. Det trakk litt ned. Elles var eg og litt skuffa over at vi ikkje fann att vekeblada frå 50-talet i Kvilehytta. Det har vel vorte brukt som dasspapir i naud.

Kart    

Nok eit mislukka forsøk på Mugnetinden

Dato:
14.10.2017
Distanse:
5,9km
Kart    

Sundagstur til Amlaholten

Dato:
08.10.2017

Amlaholten i godver er ein avstikkar i nalsjonalromantikken. Mangla berre nokre bunadskledde brullaupsgjestar i ein langbåt ut på fjorden. Men vart ikkje skuffa av den grunn.

Kart    

Høge ambisjonar men låge resultat

Dato:
24.09.2017
Distanse:
6,5km

Den planlagde turen frå Anestølen innover Langedalen, over Steindalseggi, Steindalsnipa, Nipa og ned att Tverrdalen, vart til ein tur innover Langedalen. Kva skjedde? Tja. Eg sprengte meg totalt på veg innover. Snusen, på si side, han sprengte lemen.

Kart