Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- 
            Annen tur (1)
                     - Ekspedisjon (1)
 
- Fottur (87)
- 
            Skitur (49)
                     - Fjellskitur (12)
- Randonnée/Telemark (37)
 
- 
            Sykkeltur (6)
                     - Blandet sykling (2)
- Terrengsykling (4)
 
Tylderingen
- Dato:
- 31.12.2017
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 6,2km
                                                
                                 Første turen til Tylderingen, aleine og med liten oppakning. 
 Turen oppover gjekk stort sett greitt (det er alltid spor å følgje), men vèret kødda seg til etter Vardafjell nær toppen. På rein trass gjekk eg vidare i kraftige vindkast og snødrev, og - for å sette kruna på verket - tok eg attpåtil nokre lattarlege vegvalg. Det gjorde eg nedatt og. Eg kom altfor langt mot aust nær kanten til stupet, og måtte staka meg vel opp att vel 50 nye høgdemeter. Då var eg i godt humør. Nuvel. Første gong er ein og blir fersking uansett. 
 Snøen var heilt grei ned til bilen. Noko pudder her og der, men mykje oppkøyrd. 
 På veg oppover
                            
Dalen
- Dato:
- 02.12.2017
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 3,1km
                                                
                                 Nydeleg pudder i Sogndalsdalen i dag. Men på veg ned endte det likevel med knall og fall, og opphovna fot og forkjøling. Om kvelden rykka Sogndal ned, og så brant barnehagen vår ned dagen etter. Så det var ikkje den beste helga samla sett.
                            
Kveldstur i stjerneskin, retning Svartholten.
- Dato:
- 20.11.2017
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 4,1km
                                                
                                 Nice øverst. Oppkjørt som fan nedst. Alt i alt ein ganske kjekk tur.
                            
                                                                                                                 Nice øverst. Oppkjørt som fan nedst. Alt i alt ein ganske kjekk tur. 
                                    
Årets første skitur
- Dato:
- 19.11.2017
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 6,4km
                                                
                                 Like utanfor stovedøra. Perfekte forhold! Ræva svingteknikk.
                            
                                                                                                                 Like utanfor stovedøra. Perfekte forhold! Ræva svingteknikk. 
                                    
Eit lite stykke oppover i Balestrandsfjella
- Dato:
- 11.11.2017
- Distanse:
- 5,8km
Saurdalen til Kalbakk
- Dato:
- 21.10.2017
- Distanse:
- 13,3km
                                                
                                 Den tradisjonelle haust-turen frå Saurdalen i Balestrand, via Kvilehytta, og ned att til Kalbakk er alltid ein slager. Fjord og fjell og trolsk himmel, i skjønn foreining. 
 Høyres vel ut som ein klisje. 
 Men bileta lyg ikkje. Flotte fargar, tørt og fint, men fytti helsike  so det bles. Bombesikker på at det gjekk i stiv kuling til liten storm frå 800m. Det trakk litt ned. Elles var eg og litt skuffa over at vi ikkje fann att vekeblada frå 50-talet i Kvilehytta. Det har vel vorte brukt som dasspapir i naud.
                            
Sundagstur til Amlaholten
- Dato:
- 08.10.2017
                                                
                                 Amlaholten i godver er ein avstikkar i nalsjonalromantikken. Mangla berre nokre bunadskledde brullaupsgjestar i ein langbåt ut på fjorden. Men vart ikkje skuffa av den grunn.
                            
                                                                                                                 Amlaholten i godver er ein avstikkar i nalsjonalromantikken. Mangla berre nokre bunadskledde brullaupsgjestar i ein langbåt ut på fjorden. Men vart ikkje skuffa av den grunn. 
                                    
Høge ambisjonar men låge resultat
- Dato:
- 24.09.2017
- Distanse:
- 6,5km
                                                
                                 Den planlagde turen frå Anestølen innover Langedalen, over Steindalseggi, Steindalsnipa, Nipa og ned att Tverrdalen, vart til ein tur innover Langedalen. 
 Kva skjedde? Tja. Eg sprengte meg totalt på veg innover. Snusen, på si side, han sprengte lemen.