Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (1)
- Ekspedisjon (1)
- Fottur (87)
-
Skitur (49)
- Fjellskitur (12)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (2)
- Terrengsykling (4)
Lærdal
- Dato:
- 28.05.2022
- Distanse:
- 2,0km
Trasketuren til dagsturhytta i Lærdal er ikkje noko for ein dreven fjellrev. For dvaske amerikanarar kan der derimot vere bra. Fin utsikt var det uansett, men det brydde ikkje guten på 2 seg om. Han var stort sett sint og sur frå topp til botn. Etterpå fekk mamma og pappa ein - særs lite roleg - lunsj med dei to små i parken på Øyri.
Stedjeåsen
- Dato:
- 27.05.2022
Kva gjer ein når det er planleggingsdag i barnehagen og kona er på jobb. Reiser ein plass det er minst mogleg sjanse for katastrofe.
Grøssete
- Dato:
- 17.10.2021
- Distanse:
- 2,4km
Kjapp, men nokså våt dag i retning Grøssete i Sogndalsdalen. Gadda ikkje heilt opp sidan gullgåsa uansett hadde lagt sjokoladeegg nedanfor stølen.
Finnsåsen
- Dato:
- 01.10.2021
- Distanse:
- 3,2km
Kjekk tur til Finnsåsen med jentungen og hunden. Ein god dose med morsomme skilt på veg oppover. Pappa lo godt, jenta forstod ikkje så mykje. Her har DNT noko å la seg inspirera av.
Leinefjellet, nesten
- Dato:
- 22.08.2021
- Distanse:
- 9,0km
Prøvde noko nytt. Sykling langs skogsveg med påfølgjande fjelltur. Varmt og tørt. Sjukt tørt faktisk. Så med lite vatn i sekken var det nesten ikkje forsvarleg å fortsette så veldig mykje lenger enn det vi gjorde. Kos tur uansett.
Dyrhovden, via elsykkel og føtene
- Dato:
- 08.08.2021
- Turtype:
- Blandet sykling
- Turlengde:
- 4:00t
- Distanse:
- 25,8km
Etter gårsdagens suksess var det lite som kunne hindre meg og jentungen i å nå den siste lågtliggjande primærtoppen, Dyrhovden, på motsett side (Sogndalsdalen). Dyrhovden er i underkant av 1000 moh, men kan vere seig å nå fordi den ligg litt langt frå hovudveg og parkeringsmoglegheiter. Det vil seie, viss ein då ikkje tek i bruk skogsvegane inn mot toppen på ein effektiv måte. Med effektiv meiner eg bil eller sykkel, men eg vil likevel ikkje anbefale nokon å nytte teslaen sin inn Drivdalsvegen (sør-vest for toppen) eller stigninga opp mot Liastølen (nord-vest for toppen). Ein får sikkert løyve frå grunneigar til å parkere ved garden Geirane, men herfrå og tilbake egnar seg ikkje for ein gjennomsnitteleg sprek - og gjennomsnitteleg motivert - 5-åring.
Altså vart løysinga >>>