Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Stornubben

Dato:
30.05.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
21,1km

Skitur med Kristine. Vi var forberedt på å gå eit stykke med skiene på sekken denne turen, men at det skulle gå 500 høgdemeter før vi kunne ta dei på, hadde vi ikkje trudd. Uansett fint å gå oppover fjellsida i joggesko, og det var enorme mengdar mogop i lia. På 1390moh kunne vi ta på oss ski, men det var ein del berrflekker vidare. Nokon kunne vi gå over med skiene på, medan andre stader var det for mykje stein. Flott vêr heile dagen. Vi møtte tre andre folk denne dagen, ein som gjekk same runde som oss, og to som gjekk på Stornubben. Fin tur, men litt mykje bæring av ski.

Kart    

Rundtur på Sørbølfjellet og Ørneflag

Dato:
21.05.2020
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
29,4km

Vi har sett på denne turen ei stund, og vi har sett på fleire ulike ruter å ta han på. Valet fall til slutt på å køyre til Sør-Aurdal sida av Vassfaret. Turr og berr veg oppover i frå parkeringa. Vi festa skiene på sekken, og skiskoa i sekken og gjekk oppover med joggesko. I krysset før Storekrakkoia skifta vi sko, og satt frå oss joggeskoa og litt ekstra oppakning. Derifrå håpa vi å kunne gå på ski, men det var berre bort til brua. Så skiene vart bore til der vi gjekk av bilvegen. Derifrå kunne vi gå på ski opp til Storrustefjellet. Vi hadde egentleg tenkt til at det berre skulle bli Storrustefjellet og Ørneflag denne turen, men vi fann ut at det var greitt å gå bortom Sørbølfjellet. Ned frå Storrustefjellet er det berre om lag 100 høgdemeter, og veldig kupert, så >>>

Kart    

Rundtur sør for Torolmen

Dato:
20.05.2020
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
14,1km

Tur etter jobb. Strålande flott vêr, så vi drog så snart vi hadde moglegheit. Vi parkerte rett aust for Torolmen, og følgde skispora ned til brua over elva frå Tyin. Derifrå gjekk det jamt og trutt oppover mot Svarteknippa på flott skiføre. Kort og grei køyring ned frå Svarteknippa, før vi tok ein liten pause i sola før oppstigninga til Slettningsegge. Flott skiføre mellom Slettningsegge og Sletterustvatnet SØ, og også attende til bilen. Ein skikkeleg flott tur i strålande vêr. Fantastisk utsikt mot Jotunheimen og særleg Hurrungane store deler av turen.

Kart    

Grønsennknippa på fjellski

Dato:
13.05.2020
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
10,0km

Tur etter "jobb". Litt rart å dra på skitur etter sjukefråver frå jobben, men i desse corona-tider er det jo nok med milde symptomer for å ikkje kunne møte opp på jobb dagen etter. Heldigvis symptomfri i dag, så i morgon blir det første dag med elever sida nedstenginga. Turen var også den første på nye fjellski. Det fungerte veldig godt. Stort sett skareføre heile turen, og kortfeller fungerte godt opp. Mykje betre å køyre ned med stålkanter, enn med langrennsski. Litt vind og litt overskya, men ellers fint vêr.

Kart    

Tre turar i Hedalen

Dato:
02.05.2020
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
3:42t
Distanse:
19,4km

Ny tur til Sør-Aurdal. Langtjernkollen på Manfjellet, Busufjellet og Høgdefjellet var målet for denne turen. Det vart sein turstart da vi var innom alle sportsbutikker i mellom Slidre og Bagnm noko som endte med at vi bestilte fjellski på Intersport i Bagn. Mykje fint vêr på turen, men også litt vind og periodar med overskya og lett snøvêr. Snøen som kom tidlegere i veka lå framleis i vegen mange stader på dei to bomvegane, så firehjulstrekk var kjekt og ha, forsåvidt også glad for at vi ikkje hadde bytta dekk enda. Vi tok av på bomvegen inn til Fledda, og parkerte på parkeringsplassen ved skiløypa. Derifrå følgde vi skiløypa opp til Sæterknatten. Ikkje nykøyrd den første halvanna kilometeren, men bra etter det. Skikkeleg sugeføre. Ganske langt i mellom Sæterknatten >>>

Kart    

Skitur på Vaset

Dato:
29.04.2020
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
3:04t
Distanse:
20,2km

Skitur i bra skiløyper på Vaset. Vi gjekk på felleski, det fungerte bra. Vi måtte ta av skiene ved mange veger, det byrjar å minke på snøen no. Dårleg vêr til å byrje med, men det betra seg etter kvart, og på Storhaug hadde vi litt utsikt.

Kart    

Gilafjellet og Geiteknappen

Dato:
26.04.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
8,9km

Tur i lokalområdet med Kristine. Ganske bra vêr, litt overskya, men lite vind. Mye spor oppover, og vi møtte ein del folk. Framleis flotte forhald, men litt sikk-sakk for å unngå kratt og steiner. Eit parti på veg mot Geiteknappen måtte vi bære skiene, og vi måtte gå de siste metrene til toppen. Flott snø å køyre ned på.

Kart    

Grindane

Dato:
25.04.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
18,0km

Nok ein dag med flott vêr. Det var spådd ein del vind fleire stader i dag, men på Grindane skulle det vere lite vind til lang utpå dagen, så da gjekk turen dit. Vi parkerte ved vinterparkeringa like etter bommen på Helinvegen, og følgde scooter-spor oppover. Veldig fint å gå. Da vi kom opp til Skavlen på om lag 1000 moh møtte vi på dagens første berrflekk. Det gjekk greitt å gå på ski der, men verre skulle det bli. Vi hadde vore litt betenkte med tanke på snøras i bratta mellom Grindane og Grindetjernet, men det var ingen fare. Der var det nesten ikkje noko snø at. Vi gjekk sikk-sakk for å halde oss på snø, og gjekk igjennom kratt. Til slutt sklei vi 20 høgdemeter ned at, og gjekk i kanten av Grindetjernet. Løypa oppover var heller ikkje den beste før vi kom bort til >>>

Kart    

Graveskarnosi og Søre-Knipen i Årdal

Dato:
24.04.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
9,4km

Tur etter jobb. Vi køyrde opp til Tyin og over kommunegrensa til Årdal, og parkerte ved vestenda av Torolmen. Derifrå følgde vi spor oppover mot Søre-Knipen. Ganske bratt eit lite stykke over hyttefeltet. Så vart det slakare oppover mot skardet mellom Søre-Knipen og Graveskarnosi, og veldig slakt opp til Graveskarnosi. Ned frå Graveskarnosi gadd vi ikkje å ta av fellane. Litt vond snø oppover mot Søre-Knipen, men greitt å gå. Ned frå Søre-Knipen tok vi “normalruta”, som var ganske bratt. Kjekt med toppturski ned der. Min første tur i denne delen av Jotunheimen, ein veldig flott tur, og mykje flott utsikt undervegs.

Kart    

Nordre og Søre Brurskardknappen

Dato:
21.04.2020
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
6,1km

Kort skitur etter jobb. Vi drog frå Slidre litt før halv tre, og var klare til å gå om lag ein time seinere. Mykje snø, og mykje biler langs Valdresflya. Det var greitt å parkere på den vesle parkeringslomma ved kommunegrensa mellom Øystre Slidre og Vågå. Vi vurderte om vi skulle gå på langrennsski eller toppturski. Valet fall til slutt på langrennsski, da det såg ut til å vere ein del berrflekker oppover. Det var eit greitt val, men toppturski hadde nok fungert bra det og. Vi bar skia eit lite stykke frå om lag 1300moh, før vi satt dei frå oss dei siste 60 høgdemetrane opp til toppen. Litt vondt føre å køyre med langrennsski ned frå toppen, men det gjekk greitt. Oppover mot Nordre braut det litt, men det var stort sett greitt føre. Vi satt frå oss ski 100 høgdemeter >>>

Kart