Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Skogstopp-sanking i Søndre Elverum

Dato:
06.10.2020
Turtype:
Fottur

Turane Vi køyrde inn Flotsvegen, 50kr for 80km grusveg. Vi køyrde rundt inne i Elverum-skogen og gjekk fem småturar. Første tur gjekk vi på veg, før det var ein kort avstikkar i skogen. Litt utsikt på toppen. På andre tur var det teikna inn råk på kartet, det såg vi ikkje noko av. Så det vart ein ny skogstur. Tredje tur vart også kun skog utan råk, og ingen utsikt. Fjerde tur vart dagens flotteste. Veldig flott råk opp til toppen. Koseleg hytte før toppen, og tårn på toppen. På siste tur var det teikna inn råk, men det var ikkje så lett å følgje. Vi tok feil på veg opp, men følgde det ned at.

Kart    

Konnerudkollen/Gruvåsen og Vardåsen i Drammen

Dato:
04.10.2020
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,1km

To turar i Drammen med Kristine, pappa og onkel Knut. Det var spådd ein del regn, men vi var heldige med vêret. Gruvåsen, eller Konnerudkollen, vart første tur. Det var ein kort tur på bra råk. Sjølve toppunktet ligg litt inne i skogen. Til Vardåsen gjekk vi ruta som såg best ut på kartet, men traktorvegen vi gjekk var ganske attgrodd. Ned gjekk vi på bra råk. Fine turar.

Kart    

Gunhildrudknatten og Nesfjell i Øvre Eiker

Dato:
03.10.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:45t
Distanse:
11,4km

Helgetur til Mjøndalen. Pappa, onkel Knut, Kristine og eg drog ut på tur. Frå bilen gjekk vi på godt råk opp til Gunhildrudknatten. Derifrå gjekk vi vi terrenget ned til vi traff på råket mot Gunhildrudsetra. Vi gjekk oppom Gunhildrudsetra og hadde ein matpause ved Fisås-Brånavann, før vi gjekk i terrenget opp til Nesfjell. Ned frå Nesfjell gjekk vi i terrenget. Det var heilt greitt å gå, fram til vi kom til eit felt der dei har rydda skog, der var det veldig kronglete. Traktorveg mot slutten. Fin tur, men diverre ikkje bra nok vêr til å sjå utsikta på toppane.

Kart    

Kråkberget og Holshaugen i Åmot og Elverum

Dato:
30.08.2020
Turtype:
Fottur

Frå Gåsbu køyrde vi til Elverum, og oppover austsida av Glomma mot Rena. Vi tok av frå hovudvegen ved Vålsrønningen. Der vart vi møtt av stengd bom, og skilt med at bommen låses utan varsel. Vi kjente på bommen, han var ikkje låst, så vi køyrde oppover vegen, og håpa at han ikkje vart låst medan vi var innover. Første tur gjekk til Kråkberget. Vi køyrde innover Langmyrdalen, og parkerte like før Vesle Kråkberget, der vart vegen litt dårlegare. Litt kronglete terreng frå vegslutt og opp til "toppen". Vi plukka ein bærplukkar kvar med blåbær undervegs. Den andre turen gjekk til Holshaugen. Der vart vi møtt av låst bom, og vi parkerte ved den. 900 meter på veg, før det gjekk bratt oppover. Høgt tårn på toppen, men vi gjekk ikkje opp i det. Også på denne >>>

Kart    

Nordbykollen og Myrehogget

Dato:
27.06.2020
Turtype:
Fottur
Distanse:
11,4km

Frå overnattinga vår i Sande drog vi Nordby i Drammen. Vi gjekk bratte råk opp til Nordbykollen. Det går også an å følgje slakere og betre råk opp. Vidare drog vi til Skramnæs på hyggeleg besøk. Tante Hanne og onkel Knut var så turguider opp på Myrehogget, og rundt om Eurekatoppen. På veg ned vart det bad i Hoggtjern. Etter badet vart vi nesten enda blautere, da himmelen verkeleg åpna opp slusane. Ein flott og hyggeleg tur. Kort opphald på Skramnæs etter turen, før vi drog til Stange.

Kart    

Toppsanking i Sør-Aurdal

Dato:
30.04.2020
Turtype:
Fottur

Toppsanking i Sør-Aurdal. Vi forsøkte også å komme oss til Høgberget, men der vart vi stoppa av mykje snø i vegen rett etter krysset ved om lag 500moh. Vi syntes det vart litt langt å gå, så vi utsetter den til ein annan gong. Det vart fem greie turer, der den kortaste, Puttekollen, var den finaste. Der var det flott utsikt utover Sør-Aurdal. Vel verdt å betale 60kr for å slippe å gå på vegen oppover. Vi parkerte i vegkanten heilt inntil der råket tok av frå vegen. Stort sett tørre og fine forhald på dei tre første turane, men litt snø oppover mot Kristiansmokollen. Mot Midtknatten gjekk vi på hard snø etter bilvegen, medan det vart litt kratt i skogen oppover mot toppen, men ikkje så ille. Oppover til parkeringa til Eidskollen måtte vi fjerne eit digert grantre frå vegen. >>>

Kart    

Klukkargardsberget

Dato:
19.03.2020
Turtype:
Fottur

Spasertur med Kristine.

Kart    

Einangsteinen

Dato:
18.03.2020
Turtype:
Fottur

Spasertur med Kristine.

Kart    

Klukkargardsberget

Dato:
17.03.2020
Turtype:
Fottur

Spasertur med Kristine.

Kart    

Storsætra

Dato:
28.10.2016
Turtype:
Fottur

Kristine og jeg dro opp til Storsetra fredagskvelden. Etter å ha fyrt opp i ovnene gikk vi en kort tur langs Djupådalsvegen til Kirkerudsetra. På lørdagen var det flott vær. Planen var å gå til Prestkjerringa og vi gikk i vegen i 12-tiden. Det var veldig tungt å gå i snøen og av og til litt vanskelig å finne råket. Oppe på snaufjellet blåste det veldig surt, så vi sa oss fornøyde med Gammelhans og snudde der. Traff på ei elgku med kalv i Nyseterskaret. Søndag kjørte vi til Nysetervegen og parkerte ved bommen. Gikk vegen innover og råket opp på Hærfjellet. Et koselig opphold på Storsetra, men litt mye flue inne på hytta.

Kart