Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Gråhøgda, Kvia, Sauvola og Kleberkakken

Dato:
09.07.2017
Distanse:
18,4km

Ny tur på Friisvegen. Kristine og eg parkerte der Rondanestien kryssar Friisvegen, derifrå satt vi på med pappa til Åsdalsætra. Planen var eigentleg å gå ein runde så vi kom tilbake att om Jammerdalsbu. Vi gjekk i vegen traktorvegen oppover frå Åsdalsætra, etter eit stykke gjekk vi i retning Gråhøgda. Her skulle det i følgje kartet være råk, men det var berre at enkelte vardar. Frå Gråhøgda gjekk vi ned til Borkebua, Gråbua på kartet, og vidare på Store Kvia. Frå Store Kvia hadde vi eigentleg tenkt til å gå til Veslefjellet og vidare til Jammerdalsbu, men vi forandra planen, og gjekk til Sauvola i staden. Derifrå gjekk vi over Kleberkakken og tilbake til bilen på Åsdalsætra.

Kart    

Toppar i Ringebu og Stor-Elvdal frå Friisvegen

Dato:
07.07.2017
Distanse:
21,3km

Kristine og eg køyrde frå Nygaard til Friisvegen. Der parkerte vi like etter Åsdalstjønna. Vi gjekk i vegen utan råk mot Store Hirisjøhøgda. På veg dit gjekk vi oppom Gluggen. Vidare gjekk vi ein runde om Rundvola, Prestbuhøgda, Storvola og Storfjellet. Det var ikkje råk, men det var stort sett godt underlag og gå på, og ikkje kratt. Opp igjen Friisvegen til bilen gjekk Kristine i førevegen og henta bilen. Ein flott tur i bra vêr.

Kart    

Heidalsmuen og Saukampen

Dato:
04.07.2017
Distanse:
16,6km

Tur i lag med Kristine. Vi køyrde frå Nygaard mellom ni og ti, til Skåbu og vidare grusvegen til Murudalen og inn til Musætrin. Runden om Heidalsmuen, Kviknegråhø og Saukampen var flott. Ned i frå Heidalsmuen var det noko laus ur, men vi gjekk også mykje på reinlav og gras. Over mot Kviknegråhø vart det ein del kratt og litt myr, det same vart det ein periode i dalsøkket mellom Saukampen og Musætrin. Stort sett fint vær, men litt overskya og ein del vind, så ein del plassar vart det kaldt og surt.

Kart    

Svarthaugen - fullført Gausdalsliste

Dato:
02.07.2017

Den først turen gjekk vi på Svarthaugen frå setra nord for Svarttjønnet. Brukte om lag ein time opp og ned. Vi følgde saueråk opp og ned, så det var betre å gå enn forventa. Også utsikta var noko betre enn eg hadde venta, vi såg både Gråhøin og Djuptjernkampen. Dette var den siste toppen min på Gausdal +100pf. Første topp var Djuptjernkampen for nesten 25 år sidan (15.7.92), førre topp på lista var Trettehøgda for nesten tre år sidan (26.10.14). Dei to andre turane samla vi på toppar på Gausdal +50pf-lista. Den første av dissa turane gjekk vi frå bommen ved Roasetra, og på Sekken, Påsån og Rosetervegtoppen. På denne turen vart vi nesten plaga livet av, av innpåslitne fluer og andre innsektar. Den siste turen vi gjekk var riktig stutt, då gjekk vi på Storhaugen >>>

Kart     1 kommentar

Trolltind

Dato:
29.06.2017
Distanse:
24,1km

Etter ei natt i telt på Øvre Dørålseter, var Trolltinden målet for turen. Det var siste topp for båe Kristine og meg på over 2000moh i Rondane. Vi gjekk i veg etter ein god frukost, i eit roleg tempo. Anmarsjen over Storflye, og rundt Nørdre Smedhamran, er lang. Vi kryssa over Langholskridu, kor det enkelte plasser fortfarande er ein del snø. Derifrå gjekk vi nordryggen opp på Trolltinden. Flott utsikt på toppen. Ned att gjekk vi meir mot vest, før vi gjekk den lange vegen attende til Dørålseter. Stort sett fint vær denne turen også, men litt vind. Vi overnatta på Dørålseter ei natt til, og skulle eigentleg gå ein dagstur til før vi drog heim, men magevondt førte til at vi drog rett heim utan tur.

Kart    

Digerronden, Midtronder og Høgronden

Dato:
28.06.2017
Distanse:
21,3km

Kristine og er køyrde tidleg frå Gausdal til Øvre Dørålseter. Etter å ha satt opp teltet, gjekk vi i veg på godt råk. Vi følgde råket mot Høgronden, men tok av der råket passerte Vidjedalsbekken, og gjekk over Vidjedalsflye til Digerronden. Derifrå gjekk vi over Midtrondane til Høgronden. Frå Høgronden følgde vi det gode og godt merka råket tilbake til Dørålseter. Det var fint vær heile turen, men litt sur vind, så det vart mykje av og på med jakka. Over Digerronden og Midtrondane møtte vi berre to personar, mens det var folksamt på Høgronden. Turen var lang og tung, men skikkeleg flott.

Kart    

Skjervungfjellet og Nylsfjellet

Dato:
26.06.2017
Distanse:
19,9km

Siste dag på Ginahytta for denne gang. Etter å ha pakka og vaska ut, drog vi til Spåtind høyfjellshotell. Der gjekk vi på Skjerungfjellet. Det var ein kort tur og vi brukte under timen opp og ned. Vi køyrde vidare til Nylsetra parkeringslomme. Derifrå gjekk vi opp på dei to toppane på Nylsfjellet. Etterpå drog vi heim til Nygard. GPS-sporet her ljug litt, då eg ikkje slo av appen mellom turane.

Kart    

Gammelhans, Myssmørhelje og Prestkjerringa

Dato:
25.06.2017

Vi starta dagen på Ginahytta roleg, med frukost og spel, før vi tok ein liten rotur på Nedre Nysætervatnet. Dagens tur vart til Gammelhans, Myssmørhelje og Prestkjærringa. På Myssmørhelje bygde vi opp ein ny varde, som vart stor og fin. Der møtte vi også tante Sigrid, som hadde vore på Prestkjærringa.

Kart     1 kommentar

Spåtind og Bjørnehalli

Dato:
24.06.2017

Etter ein snarvisitt innom Ginahytta satt vi kurs for Spåtind. Vi parkerte på ein av parkeringslommane på Feplassen og gjekk i veg på godt råk. Vi var først oppom utsiktspunkt 1197, som eigentleg kunne vært ein topp. Etter det var vi på vesttoppen, før vi gjekk utanom råket til nordvesttoppen og austtoppen. Greitt terreng å gå utanom råk på toppen, men det er betre i råket. På veg ned att frå Spåtind gjekk vi oppom sørausttoppen på Hasatjernhøgda. Vi hadde eigentleg tenkt til å køyre innover mot Spåtind høyfjellshotell og gå på Skjerungfjellet og Nylsfjellet, men vi fann ut at vi heller ville gå på Bjørnehalli. Etter ein kort matpause i bilen, gjekk vi i veg same retning som mot Spåtind, men tok raskt av og følgde råket mot Fjellsætri. Opp til Bjørnehalli var >>>

Kart    

Nordre Land

Dato:
23.06.2017
Distanse:
19,1km

Turar i Nordre Land saman med Kristine. Den første turen gjekk i frå Krokvassfjellet parkering til Krokvassfjellet. Vi brukte om lag ein time på den turen. Den andre turen var til Kråkhugukampen. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå i frå Finndalen bomveg parkering, men bommen var ope, så vi køyrte vidare innover så langt vi kom. Vegen gjekk heile vegen til toppen, og han var ikkje stengd med bom, så det vart berre dei ti siste høgdemetrane vi gjekk på føtene. Den tredje turen gjekk vi i frå Bergevassknotten parkering til Bergevassknotten. Her var bommen stengd, pluss at vegen ikkje går til toppen, så her møtte føtene igjen brukast. Appen har stått på heile turen og dermed registrert både køyring og gåing.

Kart