Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter

Bølhøgda
- Dato:
- 23.07.2017
- Distanse:
- 10,1km
Tur i lag med Kristine og pappa. Vi parkerte ved Søre Bølhøgda, og gjekk over dei tre Bølhøgdane. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på Ramstindane og Store Ramshøgda, men eit forferdeleg regnvêr satt inn på veg ned i frå Nørdre Bølhøgda, og vi valde å snu. Det vart ein skikkeleg våt retur.
Tur til Rendalen - Elgspiggen og Muen
- Dato:
- 21.07.2017
Vi vakna relativt tidleg opp fredag morgon, og køyrde ned til Spekedalssetra. Derifrå hadde vi tenkt til å gå på Elgspiggen og Gråhøgda i Tolga. På veg oppover mot Elgspiggen merka vi at vi var slitne, og at det ikkje var så viktig for oss å komme opp på Gråhøgda. Vi tok ein matpause, og vi bestemte oss for å ikkje gå på Gråhøgda. Vi satte at den eine sekken og gjekk opp på Elgspiggen. Same veg ned at.
Vi køyrde attende til Unset frå Spekedalssetra, og satt snuta tilbake mot Gausdal. Vi fann ut at vi ville på Muen på Ringebufjellet på vegen heim. Turen opp på Muen er en kort, men tung motbakke. Oppe på toppen er det mange varder, og flott utsikt. Dette vart ein bra avslutning på ein veldig fin ferietur.
Tur til Rendalen - Akshaugen, Tannvola og Gråhøgda
- Dato:
- 20.07.2017
Når vi vakna på torsdag var vi temmeleg slitne etter Sølenturen dagen før. Vi tok det difor nokså roleg denne dagen. Etter frukosten pakka vi samen leiren og køyrde innover mot Fiskevollen. Vi stoppa og parkerte ved Åkeråmyra, og gjekk på Akshaugen. Det var fint råk heile vegen opp. Det var strålande vêr, og veldig varmt, så vi satt lengje på toppen. Medan vi satt der fann vi ut at vi ynskja å bade, så vi gjekk ned at, og køyrde vidare til Fiskevollen. Der bada vi, og vi lå ein god stund i sola.
Frå Fiskevollen køyrde vi attende mot Bergset, men stoppa nord for Tannvola. Derifrå gjekk vi om Tannvola nord til Tannvola. På Tannvola hadde vi ein lang rast i den steikande varme sola.
Dagens siste tur gjekk til Gråhøgda. Frå Bergset køyrde vi til Unset og innover bomvegen >>>
Tur til Rendalen - Rendalssølen
- Dato:
- 19.07.2017
- Distanse:
- 27,2km
Onsdag morgon vakna vi opp til lavt skydekke, vind og litt kaldt vêr. Etter frukost i bilen, det var for mykje mygg til å sitja ute, sykla vi i vegen til Sølenhytta. Der gjekk vi over brua litt nord for hytta, før vi følgde råket oppover. Råket forsvann omtrent på tregrensa, så vi gjekk i lyngen til vi kom opp på råket mellom Åkerådalen og Sølenskardet. Dette følgde vi nordover i nokre meter, før vi gjekk rett opp på Nordre Sølen. På Nordre hadde skodda letta, og vi fikk litt utsikt, men det var framleis kaldt vêr. Difor gjekk vi raskt vidare mot Midtre.
Nede i skaret mellom dei to bygde vi ein varde på den vesle toppen på veg opp mot Midtre. Vi følgde ryggen opp mot Midtre, der var det litt morosam småklyving. Vêret starta å bli riktig bra, og oppe på toppen kunne >>>
Tur til Rendalen - Tissvola m.f.
- Dato:
- 18.07.2017
Kristine og eg har lengje snakka om å reise åt Rendalen, og om å gå på Sølen. Måndag såg vi at det var spådd fint vêr, så vi fann ut at dette var veka å gjere det. Tysdag formiddag køyrde vi i veg mot Rendalen.
Første stopp på vegen vart i bakkane ned mot Bergset, der gjekk vi på Trønneskampen. Greitt, men bratt, råk heile vegen opp til toppen. Litt utsikt gjennom skodda. Etter turen køyrde vi ned til Bergset.
Frå Bergset køyrde vi til Østagrenda, og inn bomvegen til Fiskevollen. Vi tok av inn mot Mistdalen, og vi parkerte på Mistdalen seter. Derifrå gjekk vi på Tissvola. Vi følgde råket mot Sølen eit godt stykke, før vi gjekk opp på Tissvola i frå nord. Vi sykla ein del av vegen, det var kjekt.
Den tredje og siste turen denne dagen vart Envola. Vi køyrde atteiner >>>
Gråhøa ved Kvam og Søre Svartkampen i Sel
- Dato:
- 17.07.2017
- Turlengde:
- 4:05t
- Distanse:
- 15,5km
Kristine og eg køyrde frå Nygaard til Vinstra, og opp Per Gynt seterveg. Dette var eit flott fjellområde eg ikkje har vitja før. Vi gjekk to turar derifrå, før vi køyrde vidare i retning Heidal.
Tur 1: Frå parkeringsplassen til Krøkla. Vi brukte 45 minuttar, og gjekk 3 kilometer. Godt råk og flott utsikt frå denne toppen. På veg ned at til bilen gjekk vi bortom utsiktspunktet. Etter turen åt vi niste i bilen.
Tur 2: Same utgangspunkt som tur 1. Vi gjekk fyst på Skarven, og vidare på Gråhøa. Her var det flott råk, men også like fint å gå utanom råka. Tilbake at følgde vi råk heile vegen. Vi oppretta ein liten topp på ryggen aust for Gråhøa, og bygde ein varde. Ein veldig fin tur. Når vi køyrde i vegen att, starte det å regne kraftig. På denne turen brukte vi 1 time >>>
Sikkilsdalshø
- Dato:
- 15.07.2017
- Distanse:
- 14,5km
Vi parkerte på Sikkilsdalsseter, og gjekk på det gode råket mot Gjendesheim via Sikkilsdalshøe. Vi gjekk av råket og gjekk oppom Hornet, fint terreng å gå utanom råk. Vidare opp på Sikkilsdalshøa og om Gravdalsknappen til Ingulssjøhøa. Frå Ingulssjøhø gjekk vi rett ned bratta til Skåltjønna, og følgde vatnet tilbake til råket. Terrenget ved vatnet var litt myrete og det var noko kratt, men ikkje verre enn at det var fint å gå der. Ein flott dag å gå på tur, fint vêr, men litt vind.
Turar i Gjøvik
- Dato:
- 14.07.2017
- Turlengde:
- 2:53t
- Distanse:
- 9,0km
Fire små turar i skogen i Gjøvik kommune i lag med Kristine.
Tur 1: Akselhovde. 46 min, 1,4 km. Vi køyrde først opp til den Peakbook-registrerte parkeringsplassen på Bergum, men dei som bur der likar ikkje at folk parkerer der, så vi køyrde vidare.
Tur 2: Brattåshaugen. 20 min, 0,9 km.
Tur 3: Lauvsvehøgda og Åsgardshaugen. 57 min, 3,4 km
Tur 4: Ligardskampen. 50 min, 3,3 km.
Torsæterkampen, Skreifjella og Skreikampen
- Dato:
- 13.07.2017
- Turlengde:
- 4:01t
- Distanse:
- 13,6km
Tur til Oslo for å flytte ei seng for systera til Kristine. Eg plukka opp Kristine, som tok buss frå Hamar, på Gjøvik. På turen til Oslo gjekk vi tre turar. Etter Osloturen, åt Kristine og eg mat frå La Italia hos mor til Kristine. Ein fin dag.
Tur 1: Torsæterkampen frå Torsætra. 2 timer, 5 km
Tur 2: Skreifjella frå Nyhussætra. 1t og 6 min, 3,8 km
Tur 3: Skreikampen frå Oppegård. 1 time, 4,8 km. Gjekk fort oppover, jogga ein del ned att.
Skogstoppar i Stange
- Dato:
- 10.07.2017
- Turlengde:
- 2:47t
- Distanse:
- 7,2km
Etter at Kristine hadde vore på jobb, drog vi til Stange, og åt middag i hyggeleg lag på Pizza La Italia. Etter middagen reiste vi og gjekk tre turar i skogen innafor Espa. Den første turen gjekk vi på Gransjøhøgda, ein kort på omlag 50 minuttar. Den andre turen var enda kortare, berre 19 minuttar brukte vi opp og ned på Fugleleikhøgda. Den siste turen var noko lengre, på Grasberget og Nordre Romsæterberget brukte vi i overkant av ein og ein halv time.