Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Irland - Cliffs of Moher, Abbey Hill og Knocknarea

Dato:
05.08.2017

Kristine og eg køyrde avgårde tidleg i frå Killarney, vi hadde ein lang biltur forran oss, da vi skulle heilt til Londonderry i Nord-Irland. Vi planla nokre pauser undervegs, den første på Cliffs of Moher. Cliffs of Moher var bra tilrettelagt for turistar, og det krydde av folk, spesielt i nærheiten av Visitor Centre. Litt lengre unna vart det færre folk. Vi gjekk sørover langs klippane, til borgruinen Hag's Head. På veg attende derifrå satt eg på Peakbook-appen. Tilbake til Visitor Centre gjekk vi oppom tårnet O'Brien's Tower. Cliffs of Moher hadde eit utruleg flott landskap, og vi var veldig heldige med vêret. Etter turen på Cliffs of Moher køyrde vi vidare i retning Londonderry. Undervegs stoppa vi og tok to fjelleturar. den første gjekk på Abbey Hill like før Galway. Vi >>>

Kart    

Irland - Carrauntoohil og Gap of Dunloe

Dato:
04.08.2017
Distanse:
11,7km

På fredag var Carrauntoohil målet for dagen. Vi køyrde opp til Cronins Yard, og parkerte på den store parkeringsplassen der. Når vi køyrde regna det litt, og når vi gjekk i vegen var toppen dekt av skodde. Vêret bedra seg gradvis utover dagen, og vi fikk flott utsikt. Råket frå Cronins Yard var godt, og det var mange andre som var på veg mot toppen. På omtrent 400 høgdemeter bratna det til, og vi gjekk opp det som heitar Devils Ladder. Det var bratt, og det var meir bekk enn råk, men likevel fint å gå opp der. Oppe frå Devils Ladder hadde vi att omlag 300 høgdemeter til toppen. Denne oppstigningen var ein fin og brei fjellside. På toppen var det mykje folk, og eit stort kors i staden for varde. Vi fann ut at vi ville gå ein anna rute ned att, og gjekk dermed ned ruta som >>>

Irland - Ring of Kerry og Knocknasullig

Dato:
03.08.2017
Distanse:
1,1km

I Killarney var hovudmålet å gå på Carrauntoohil. Vêret skulle bli betre fredag enn torsdag, så vi utsette det ein dag. I staden tok vi turen Ring of Kerry, ein køyretur rundt Iveragh-halvøya. Vi starta med eit lite stopp på Muckross House like etter Killarney, og hadde fleire stopp undervegs. Undervegs fikk vi auge på toppen Knocknaskullig, som så flott ut frå bilvegen. Vi parkerte på ein liten lomme i vegkanten, klatra over eit gjerde og gjekk i vått kratt opp til toppen. Flott utsikt frå toppen, og ein kort tur.

Kart    

Irland - Great Sugar Loaf

Dato:
02.08.2017
Distanse:
2,5km

Kristine og eg drog på ferie til Irland tysdag 1.8. Vi leigde bil på flyplassen, og overnatta like sør for Dublin. På onsdag reiste vi og vitja hagen og slottet i Powerscourt, det var veldig flott. Etter besøket der reiste vi litt vidare for å gå på Great Sugar Loaf. Vi parkerte på ein stor parkeringsplass sør for toppen. Det var godt råk heile vegen opp, og mange folk som gjekk. På toppen var det strålande utsikt. Etter turen køyrde vi gjennom Wicklow Mountains til byen Cashel, kor vi vitja kyrkjeruinen Rock of Cashel. Til slutt køyrde vi til Killarney i Kerry og overnatta der.

Kart    

Ringsrudåsen og Høgberget

Dato:
31.07.2017
Distanse:
10,7km

Kart    

Finndalshaugen, Tverrlihøgda og Nordre Revåkampen

Dato:
30.07.2017
Distanse:
7,8km

Tur i lag med pappa, Johannes og Kristine. Vi køyrde først inn til Finndalen, og gjekk bratt og utan råk opp på Finndalshaugen. Etter det køyrde vi inn Revsjøvegen, og parkerte ved Slia. Derifrå gjekk vi på Tverrlihøgda og Nordre Revåkampen.

Kart    

Svangkampen og Djupdalskampen

Dato:
29.07.2017
Distanse:
9,3km

Tur i lag med pappa og Kristine. Vi køyrde av E6 ved Krekke, og tok vegen mot Goppolen. Vi parkerte ved Flauseter, og følgde godt råk opp på Svangkampen. Derifrå gjekk vi i terrenget til Djupdalskampen og tilbake. Det var ein del regnvêr rundt oss, men vi slapp unna.

Kart    

Toppar i Gjøvik og Vestre Toten

Dato:
28.07.2017

Vi var i veldig koseleg 70-årslag i Gjøvik. Før kaffe og kaker gjekk onkel Laurits, onkel Jan, Anders, pappa, Kristine og eg ein tur på Bergstoppen. På turen var det flott utsikt over Gjøvik og Mjøsa. Etter selskapet gjekk Kristine og eg nokre turar i Gjøvik og på Vestre Toten. Først gjekk vi på Askimhaugen, med veg heile vegen opp. Så på Skonhovdhøgda, der hadde vi eit gammelt, atvokse råk vi følgde. Så køyrde vi til Vestre Toten og gjekk på Lauvhøgda. Til slutt køyrde vi på Finstad, midt på eit gardstun som denne toppen ligg, følte vi ikkje for å gå ut av bilen her.

Kart    

Reitbakkhøgda, Hovdekollen og Bjørga

Dato:
27.07.2017

Kart    

Kampekollen

Dato:
24.07.2017
Distanse:
4,4km
Kart