Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Aunfjellet
- Dato:
- 08.12.2018
- Distanse:
- 7,9km
Fyste skitur for sesongen. Vi drog til Aunfjellet nordvest i Harstad. Der parkerte vi på den store parkeringsplassen, som ikkje var brøyta. Vi følgde spor oppover mot Keipen, men på om lag 420moh gjekk spora i retning av Hestbakkheia, så vi måtte brøyte sjølv opp til Keipen. Opp på Keipen gjekk vi vidare over Midtre Keipen til Nordre Keipen. På Nordre Keipen møtte vi ein som gjekk på truger. Morosam nedkøyring tilbake til bilen. Nede at i bilen åt vi litt mat, før vi gjekk i vegen oppover mot Litlehornet.
Det vart ein riktig flott tur på langrennsski. Lyset var fantastisk og det var utsikta også. Skiforholda var ok, men det var litt stein. Riktig artig å prøve ski at.
Middagsfjellet
- Dato:
- 25.11.2018
- Distanse:
- 6,8km
Tur til Middagsfjellet i Lødingen/Tjeldsund. Vi parkerte på DNT-parkeringa innerst i Fiskefjorden. Derifrå følgde vi DNT-råket mot Toralfsbu/Haakonsbu. Vi tok av frå råket tidleg, og gjekk brua over Dalelva. Derifrå gjekk vi rett opp til Middagsfjellet. Der var tungt å gå oppover, det var mellom 10-30 centimeter nysnø heile vegen opp. Vêret var heller ikkje spesielt fint; overskya, ein del snøvêr og litt vind på toppen.
Svenskrona og Hustadfjellet
- Dato:
- 24.11.2018
- Distanse:
- 4,3km
Tur til Lødingen. Vi drog frå Evenskjer litt før klokka 10. Vi drog fyst til Erikstad vest for Kanstadfjorden. Der gjekk vi på Svenskrona, det var ein fin liten tur, og sjølv om det var skya hadde vi litt utsikt. Etter turen drog vi vidare til Hustadstranda og gjekk på Hustadfjellet. Det og vart ein fin tur, men det snødde litt i byrjinga av turen. Mykje køyring for to korte turar.
Nagirvarri
- Dato:
- 20.11.2018
- Distanse:
- 5,9km
Tur på veg heim frå Kiruna. Vi hadde eigentleg sett ut ein lågare topp, men Nagirvarri vart for freistande medan vi køyrde på E10. Vi fann ein parkeringsplass langs E10, og gjekk i vegen oppover. Vi måtte krysse jernbanesporet, og gjekk over og under gjerdene. Turen opp til Nagirvarri var veldig grei og gå, men det var ekstremt mykje vind. Kraftig motvind på veg opp, og medvind attende. Flott utsikt på toppen, med utsikt mot Kebnekaise.
Isorakka
- Dato:
- 19.11.2018
- Distanse:
- 2,4km
Vi var to dagar i Rovaniemi. Fyste dag var vi i Santa Claus Village og i Santa Park. Dag to gjekk vi den korte turen opp på Isorakka, før vi køyrde attende til Kiruna.
Luossavarra
- Dato:
- 17.11.2018
- Distanse:
- 1,3km
Langhelg og tur til Kiruna/Rovaniemi. Vi drog til Kiruna etter jobb på fredag, og laurdag morgon gjekk vi opp på Luossavarra før vi drog vidare til Rovaniemi. Vi følgde skiheisen opp til toppen, det var kunstsnø i traseen, så dei nyinnkjøpte broddane vart tatt i bruk. Flott utsikt frå toppen. Ein fin liten tur, men mykje vind.
Forsøk på Niingen
- Dato:
- 10.11.2018
- Distanse:
- 7,5km
Kristine og eg stod opp tidlegare enn vanleg for å gå på tur i dag. Vi hadde eigentleg snakka om å gå på Blåfjellet på 903 moh i Skånland, men når vi såg kor lite snø det var i fjella, fann vi ut at vi ville prøve på ein høgare topp. Valet fall på Niingen i Evenes, på 1073 moh. Niingen er utsjåande messig ein riktig kremtopp, men det viste seg å ikkje være eit godt val.
Vi parkerte på Niingen parkering. Derifrå gjekk vi råket opp til vi kom til røyrgata. Vi gjekk under røyrgata og følgde ei betongtrapp oppover, før det gjekk ei trapp tilbake over røyrgata. På toppen av røyrgata tok vi ei lita pause før vi gjekk vidare. Her deler råket seg, hovudråket råket går vidare til Niingshytta, medan vi følgde det bratte råket rett opp mot Domningen/Niingen. Det var >>>
Nordlystur på Kvitnesveten
- Dato:
- 08.11.2018
- Distanse:
- 5,3km
Fyste dag på lengje med klårvêr, så vi gjekk ut for å sjå etter nordlys. Vi såg små antydingar, men det var for mykje anna ljos i nærleiken, så vi fann ut at vi måtte lengjer unna gatelys. Difor drog vi til Tjeldsundbrua og gjekk mot Kvitnesveten. Undervegs på turen såg vi ein del nordlys, fantastisk flott, diverre synast det ikkje så godt på bilete. Det vart ein riktig flott kveldstur, og vi satt ei god stund ved toppvarden og såg på ljoset.