Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter

Raudtinden
- Dato:
- 07.04.2019
- Distanse:
- 11,7km
Dag to i Narvik, og med tunge føter etter turen på Sandviktinden i går, vart det ein lettare tur i dag. Målet for dagen var ein topp med mange namn; båe Raudtinden og Durmålsfjellet på norsk, og Ruvssotcohkka på samisk.
Frå Narvik køyrde vi innover Beisfjorden, og vegen inn til Tømmerbakken. Derifrå køyrde vi bomvegen inn til parkeringa. Oppover følgde vi ein traktorveg med scooter-spor opp til Brennholtet. Vidare opp til Raudtinden var det ein del spor, men dei var litt attblese. Ved tregrensa lagde vi oss ein fin sitteplass, og åt niste og kosa oss i sola. Det gjorde vi også på toppen, der utsikta var fenomenal.
Ned at var føre bra, og køyringa var morosam. Ein fin tur i flott vêr.
Sandviktinden
- Dato:
- 06.04.2019
- Distanse:
- 19,8km
Det var spådd skikkeleg bra vêr i helga, så Kristine og eg ordna oss overnatting i Narvik frå laurdag til sundag. Vi køyrde i vegen laurdag morgon til Håkvikdalen sør for Narvik. Vi parkerte ved ein parkeringsplass i vegkanten.
Derifrå gjekk vi over brua, før vi tok på oss skiene. Oppover mot Sandviktinden følgde vi nesten same rute som råket, og vi var heldig med at nokon hadde gått før oss oppover. Fyste pause vart på om lag 880moh, sola varma godt oppover og det var tungt å gå.
Vidare gjekk vi oppom Lágocohkka. Der tok vi ein ny rast, og vi vart tatt igjen av eit par andre da vi gjekk i veg at, dei må ha snudd der, for vi såg ikkje noko meir til dei.
Vidare opp til Gaskabeaicorru, med ny pause der, før vi gjekk dei siste (kolossalt tunge) 380 høgdemetrane opp til Sandviktinden. >>>
Kjerringhola
- Dato:
- 26.03.2019
- Turlengde:
- 1:31t
- Distanse:
- 12,0km
Skitur i lysløypa på Breistrand, med ein avstikkar oppom Kjerringhola.
Høgåsen
- Dato:
- 25.03.2019
- Turlengde:
- 1:49t
- Distanse:
- 13,2km
Skitur i lysløypa på Breistrand med Kristine. Tok avstikkeren oppom Høgåsen.
Sørvikfjellet rundt
- Dato:
- 24.03.2019
- Distanse:
- 30,1km
Ikkje så pent turvêr denne helga, grått og litt nedbør, både regn og snø. Det og stor rasfare førte til at det ikkje vart ein skikkeleg fjelltur. Vi fekk likevel ein lang og fin skitur på sundag. Vi køyrde til skulen i Sørvika, der dei arrangerte skirennet Hinnøyløpet. Vi gjekk i vegen like etter rennstart, men ein snøscooter hadde allereie klart å øydelegge det eine sporet. Etter kvart vart også det andre sporet øydelagt av scooterkøyring. Klisteret frå dagen før fungerte godt i starten av turen då, men etter kvart byrja det å snø, så vi sleit med klabbing i dei bratte motbakkane som var tidleg på turen. Vi la inn ein liten avstikkar frå skiløypa og >>>
Høgfjellet
- Dato:
- 18.03.2019
- Distanse:
- 20,7km
Det tredje forsøket på Høgfjellet på tre dagar. I dag var det spådd fint vêr, og når vi har ferdige på jobb i halv tre tida, strålte sola. Vi køyrde til skytebana i Borkenes og gjekk i vegen i skiløypa. Sola strålte framleis og det var nesten vindstille. Frå skiløypa følgde vi nesten same rute som dagen før, men spora våre var blese att. Vi droppa å gå oppom Råheia, men gjekk rett mot Skjærstaddalsfjellet. Snøen var forblåst og fokket, med mange små skavlar så det var ikkje spesielt behageleg i alle nedover bakkar, spesielt ned i frå Høgfjellet var det litt vanskeleg. Vi la turen utom Sjurfjellet og Storlitinden sjølv om det byrja å mørkne. På turen attende fekk vi fin solnedgang. Nede att i skiløypa gjekk vi lysløypa, så vi slapp å bruke hovudlyktane våre. >>>
Råheia
- Dato:
- 17.03.2019
- Distanse:
- 17,5km
Nytt forsøk på Høgfjellet i Harstad. Det var spådd mykje vind i dag, så vi var usikre på om det var fint å vere i høgda. I staden for å ta heisen opp i Sollia drog vi til skytebana i Borkenes og gjekk i gode skiløyper, om det ikkje var fint å gå på toppane så fekk vi uansett ein fin tur tenkte vi. Det var fint å gå i skiløypene, men det bles ein god del. I frå myra mellom Gammen og Koven tok vi av frå skiløypa og gjorde vi eit forsøk på nå Høgfjellet. Det var fint å brøyte opp til om lag 500 moh, der økte vind kraftig og det vart meir skya og litt skodde. Vi gjekk opp til Råheia, der sa vi oss nøgde, så det blir nok eit nytt forsøk på Høgfjellet seinare. Det var ein finare tur å starte på Borkenes, enn å ta heisen i Sollia.
Sollia i Harstad
- Dato:
- 16.03.2019
- Distanse:
- 5,5km
Høgfjellet er ein av toppane i Harstad vi manglar, så i dag tenkte vi å gå på han. Det var spådd bra vêr da vi drog heime frå. Vi køyre til Sollia alpinsenter, der kjøpte vi to eingongskort. For to kort tok dei 190 kronar, 70 kronar meir enn vi betalte for to kort i Tromsø. Vêret hadde vært ok medan vi køyrde, og når vi åt litt mat i bilen. På veg oppover heisen vart det meir vind og meir overskya. Det byrja også å snø ein del. Frå heisen var det kort og lett opp til Sollifjellet, men vêret vart berre dårlegare. Over mot Vetefjellet vart sikta mykje dårlegare, og etter Vetefjellet vurderte vi sikta og vêret for dårleg til at det var noko poeng i å fortsette turen. Irriterande å måtte snu, men vêret var ikkje på lag med oss i dag. Etter turen tok vi ein ny tur >>>
Bergsheia på Dyrøya
- Dato:
- 10.03.2019
- Distanse:
- 10,5km
Vi åt ein god frukost på hotellet i Bardufoss før vi drog mot Dyrøya for å gå på Bergsheia. Vi fann ein parkeringsplass langs vegen, og fekk lov frå grunneigar til å parkere der. Vi hadde bestemt oss for å prøve toppturskia etter den tunge turen på Aursfjellet dagen før. Det var godt føre og fint og gå oppover, ned att var det fantastisk køyring.
I løpet av turen fann vi ut at vi ville ta med ein topp til, Liaheia. Etter ein god pause i Bergskardet, følgde vi ryggen opp til Liaheia.
Det var strålande vêr denne dagen. Vinden som hadde blese surt tidlegare i ferien var borte (bortsett frå akkurat på toppen av Bergsheia) og sola verma for fullt.
Aursfjellet
- Dato:
- 09.03.2019
- Distanse:
- 10,0km
Etter ein strålande dag i Tromsø i går, var det i dag meir overskya. Vinden var fortfarande kald, og nokså sterk så vi fann ein ikkje så altfor høg topp. Valet fall på Aursfjellet i Målselv. Vi drog rett etter å ha ete ein riktig god frukost på hotellet i Tromsø. På vegen fann vi ut at vi ikkje ville tilbake til Evenskjer med ein gong, så vi ordna med overnatting til sundag på Bardufoss hotel.
På Peakbook-kartet er det registrert ei parkering like ved der vi starta turen, men han ligg på privat eigedom, så vi parkerte heller i vegkanten. Dei fyste høgdemetrane gjekk vi på bilveg, før vi følgde scooterkøyring oppover traktorvegen. Frå vi tok av frå traktorvegen vart det brøyting, men vi kunne stadvis følgje scooterspor oppover. Vi hadde ikkje vurdert turen som bratt >>>