Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter

Maistua og Gansåstoppen
- Dato:
- 11.05.2019
Turar med Kristine og Benedicte. Vi satt lengje i “glaskuppelen” på Maistua, og vi var lengje på toppen av Gansåsen. Gløymde å fotografere på Maistua. Vi gjekk bortom der nåla er satt inn på Peakbook på Gansåsen, men båe kartet med einmeters-koter og augemålet mitt seier att trigpunktet er høgare.
Andsfjellet og Åsen
- Dato:
- 10.05.2019
- Distanse:
- 7,5km
Vêrmeldinga spådde mykje vind og på morgonen var det delvis overskya. Vi ynskja difor ikkje nokon høg topp, og valet fall på Andsfjellet. Vi køyrde opp vegen mot toppen, som var brøytt opp til om lag 400moh. Der tok vi på skia og gjekk mot toppen. Telemark- og randonne-skia fungerte bra, men langrennsski hadde fungert like bra på denne turen. Mykje vind, men greitt vêr og flott utsikt.
Turen var ikkje spesielt lang eller tung, så vi tok ein liten tur til. Vi køyrte til Åsen, og gjekk opp til Åsen. Kurant spasertur, men lite utsikt på toppen.
Stor-Kjølen og Juksafjellet
- Dato:
- 09.05.2019
- Distanse:
- 11,8km
Stor-Kjølen er ein topp som synast fint i frå Tromsø, og som vi hadde prata om å gå på før. Etter råd om å parkere ved Storelva stadion drog vi dit. Vi bar skia opp vegen frå stadion og kunne ta dei på med ein gong vi gjekk av vegen. Greitt å gå oppover, men litt sikk-sakk for å unngå barflekker. Gjekk om eit par småtoppar på veg opp. Storslått utsikt på toppen, og godt å sitte i solveggen. Ned at var dei fyste 90-100 høgdemetrane morosame, før det vart slakt og ganske kjedeleg til vi var på Akselkollen igjen. Derifrå vart det betre, men litt roten snø.
På veg til overnatting i Målselv fann vi ut at vi skulle ta ein tur til. Turen gjekk til Juksafjellet ved Strupen i Balsfjord. Mykje snø og vi søkk ein del. Litt utsikt frå toppen.
Tre småtoppar rundt Tromsø
- Dato:
- 08.05.2019
Etter tre kromtopper på tre dagar i strålande vêr, var det i dag spådd dårlegare vêr. Vêrmeldinga slo til, og skitur freista ikkje. Men tur vart det. Fyst drog vi sørover frå Tromsdalen, til Ramfjordnes. Der gjekk vi gjennom bratt kratt og roten snø opp til Storåsen. Litt utsikt på toppen, men øydelagt av vêret. Neste fottur vart etter ein kinotur i Tromsø by og installering på neste overnattingsplass på Kvaløysletta. Vi hadde eigentleg sett på to småtoppar nordover på Kvaløya, menn fann ut at det vart båe kortare og køyre og gå om vi drog sørover.
Vi stoppa på ein parkeringsplass i Henrikvikdalen og gjekk på Nattmålsfjellet. Ved vegen var det mykje snø, og vi snakka på at det kunne ha vore bra å gått med ski, til vi huska at fellane låg at i leilegheita. Da >>>
Tromsdalstinden
- Dato:
- 07.05.2019
- Distanse:
- 12,9km
Tromsdalstinden er ein topp vi har hat lyst til å gå på etter at vi gjekk på Skarsfjellet, Blåmannen og Blåfjellet i mars. Nå var det dags for tur dit. Ettersom gårdagen vart så sein, og vêret var spådd bra heile dagen, hasta vi ikkje med å komme av gårde. Vi sov lengje, og åt sein frukost, før vi drog frå overnattinga vår i Tromsdalen til parkeringa ved Asko på Leirbakken. Tydeleg at dette er ein populær tur; det var mange bilar på parkeringsplassen, og to stykkar gjekk i vegen når vi kom, og når vi gjekk i vegen byrja ein annan å gjere seg klar. Ho gjekk forøvrig forbi oss eit stykke oppi sida. Vi var litt redde for at vi måtte bære skia litt i byrjinga, sidan parkeringa ligg såpass lågt og i sørhallinga. Men det slapp vi, snø heilt ned til parkeringa, og heile >>>
Fugletinden og to småtoppar
- Dato:
- 06.05.2019
- Distanse:
- 13,1km
Vi byrja dagen med ein god frukost og utpakking frå Malangen Apartment, før vi drog til Luneng og gjekk ein flott skitur på Fugltinden. Etter den turen drog vi på sightseeing til Middagsbukta i Balsfjorden, kor bestemora til Kristine er i frå. Vidare drog vi på besøk til grandtanta til Kristine i Soleng vest for Bentsjorda. Etter å ha vore på besøk der drog vi ut til Sommarøy utanfor Kvaløya. Der gjekk vi to små turar, fyst på Nordkollen på Hillesøy, så på Ørnflygnakken på Kvaløya. Til slutt drog vi til overnattingsstaden vår i Tromsdalen. Vi kom fram ganske seint og det vart sein middag.
Vi parkerte på ein liten parkeringsplass ved hovudvegen like ved Luneng. Vi hadde håpa at vi kunne køyre inn vegen som er teikna inn på kartet, men han var ikkje brøytt. Oppover var >>>
Hjerttinden
- Dato:
- 05.05.2019
- Distanse:
- 18,6km
Vi har tatt tidleg sommarferie i år, og fyste tur går i nordleg retning. Vi drog frå Evenskjer litt over klokka ni med Hjerttinden som turmål. Etter litt over to timar i bilen var vi framme ved Lynghaug parkering, og gjorde oss klare til tur. Vi kunne ta på oss skia allereie ved bilen, og vi hadde dagferske spor å følgje oppover. Da vi kom opp på nedsida av Veidfjellet møtte vi på ein del tamrein, som hadde lagd mykje spor rundt omkring. Etter Veidfjellet gjekk sporet vi følgde på nedsida av Hjerttindtuva, medan vi gjekk opp mot Hjerttindtuva.
Like etter at vi hadde tatt av frå spora såg vi dei to forran oss på veg ned på ryggen frå Hjerttindtuva. Dei hadde ikkje vore på Hjerttinden, men gått opp på baksida av Hjerttindtuva. Det vart ganske bratt, og veldig hardt, det siste >>>
Medbyfjellet i Bjerkvik
- Dato:
- 01.05.2019
- Distanse:
- 13,9km
Varierande vêr i dag, og usikker vêrmelding, så vi fann nokre låge topper å prøve oss på. Vi gjekk i vegen med skia og skiskoa på sekken, og prøvde fjellskoa for første gang i år. På litt over 300moh tok vi ein matpause, og tok på oss skia. Vi satt at fjellskoa og den eine sekken der. Skia måtte av eit lite parti på veg til toppen. Oppover mot Mellafjellet sleit vi med føret; fellane klabba og isa, så det vart tungt oppover. Vêret på Mellafjellet var dårleg, lite utsikt og litt snø. Vi tok ikkje av fellane før nedkøyringa til Geisvikskaret. Dei tok vi ikkje av før vi hadde passert Medbyklubben. Derifrå var det ok nedkøyring, og vi fann snø heilt ned til om lag 200moh. Da festa vi på ny ski og skisko på sekken og gjekk ned til bilen.
Rundfjellet
- Dato:
- 29.04.2019
- Distanse:
- 7,3km
Kombinert skitur og handletur etter jobb. Det var eigentleg spådd ok vêr, men det slo ikkje til. Det hadde vore overskya heile dagen, og vi håpa det skulle letne når vi gjekk i vegen på tur. I staden vart det verre. Snøen var ganske roten og nokre stader søkk ein ganske djupt. Oppe på om lag 680moh flata det ut og det vart tjukk skodde, og vi måtte gå på GPS-kurs for å finne rett veg til toppen. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå vidare til toppen “Vest for riksrøys 267 A” (690moh), men det slo vi frå oss på grunn av vêret. Vi hadde også vorte for seine til butikken om vi hadde gått vidare. Frå toppen behaldt vi fellane på ned at til om lag 690moh, der tok vi dei av, og nedkøyringa var faktisk ganske bra.
Middagsfjellet
- Dato:
- 28.04.2019
- Distanse:
- 10,0km
Tur med Kristine. Etter sein frukost med turplanlegging drog vi i veg mot Lødingen/Kvæfjord. Vi hadde eigentleg tenkt til å parkere ved parkeringsplassen på kommunegrensa, men da vi så at det gjekk ann å parkere i vegskuldra gjorde vi det, og spara ein del meter. Turen opp til Middagsfjellet vart ein flott tur i eit strålande vårvêr, det var varmt og godt, og utsikta var fenomenal. Nedkøyringa var fin, og det var god snø å køyre på.