Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Alta

Dato:
06.07.2019

Tre turar i dårleg vêr. Den fyste på veg til Alta frå Hammerfest, dei to andre i Alta etter fyst å ha vore på campingplassen ein tur.

Kart    

Tur til Nordkapp

Dato:
05.07.2019

Tur med Nordkapp som mål. Vêret var spådd finast tidleg på dagen, så vi tok ein tidleg frukost på hotellet, og køyrde frå Hammerfest klokka 8.10. Framme ved Nordkapp litt over elleve, der fann vi ut at vi ikkje ville betale inngang, så vi snudde ved bommen og køyrde ein kilometer attende. Vi parkerte på ein parkeringslomme ved maste ved vegen til Davvenjarga. Derifrå gjekk vi til Nordkapp, det er gratis inngang for gåande og syklande. Vi gjekk fyst rundt på Nordkapp-platået, som var veldig fint, før vi gjekk inn i bygningen. Der inne var det også fint, med ein del krigshistorie frå området, og ein fin film om Nordkapp. Attende til Hammerfest hadde vi tenkt til å gå nokre småturar. Fyste tur vart Davvenjarga. Eg starta Peakbook-appen rett utfor døra på Nordkapp-bygget. >>>

Kart    

Tre turar på veg mellom Nordreisa og Hammerfest

Dato:
04.07.2019

Tre små turar på veg frå Nordreisa til Hammerfest. Fyste tur var Svanehompen . Det var ein lettgått tur i fin bjørk- og furuskog. Andre tur gjekk til Nesaksla . Det var også ein lettgått tur, men det var frodigare vegetasjon der, så vi vart blaute. Vi stoppa så for å gå på Mikkaltinden, men etter eit kjapt måltid byrja det å regne, så vi droppa den turen. Tredje og siste tur for dagen vart Komsa i Alta. Gjekk opp og ned på råk. Vi vurderte også fleire turar undervegs, men vêret var ikkje på lag med oss i dag. I Hammerfest gjekk vi til Meridianstøtta.

Kart    

Store Blåmann og Vardfjellet

Dato:
03.07.2019
Distanse:
6,5km

Store Blåmann på Kvaløya var målet for dagen. Vi prøvde å komme i gang så tidleg som mogleg, for å få mest mogleg sol på turen. Vi val same startsted som mange andre Peakbookarar, og gjekk på bra råk opp til toppen. I høgda var det ein del snø som var roten, og vi sank ein del og sklei bakover, så det vart ekstra tungt. På om lag 800moh mista vi råket i eit lite snøparti, og kom inn i eit skikkeleg klyveparti. Godt å ikkje gå der ned at. Storslått utsikt på toppen, og godt vêr. På nedturen tok vi ein lang pause i sola på om lag 600moh. Etter turen på Store Blåmann køyrde vi vidare nordover, vi hadde ordna overnatting på Sandnes Fjord Camping ved Straumfjorden i Nordreisa. Undervegs på bilturen fann vi ut at vi ville ta ein tur til, og valet fall på Vardfjellet. >>>

Kart    

Store Bentsjordtinden

Dato:
02.07.2019
Distanse:
7,0km

Vêret var spådd best utover dagen, så vi venta til litt utpå dagen med turen. Målet for turen var Store Bentsjordtinden. Vi parkerte på den vesle parkeringslomma i Brokskar. Derifrå gjekk det bratt opp gjennom skogen. Godt råk, men litt glatt underlag. Oppe av skogen, på 320moh, flata det ut ein del, og vi fekk fin utsikt mot toppen. Oppover fjellsida var råket berre sporadisk, men det var veldig fint å gå oppover. Flott utsikt på toppen, og stor, fin varde. Nokon lunde same veg ned, men vi følgde nokre snøpartiar.

Kart    

Kistefjellet

Dato:
01.07.2019
Distanse:
16,4km

Etter god frukost og ein hyggeleg morgon hos Jorunn på Senja drog vi på tur. Vêrmeldinga spådde overskya, litt regn, men lite vind. Kistefjellet med bilveg opp til toppen virka som ein grei tur når vêret ikkje var på sitt beste. Det starta temmeleg bra, det var overskya, men ikkje vind eller regn. Da vi kom opp i mellom Kistefjellet og Kvittinden kom diverre skodda, og vi hadde ikkje sikt før vi var nede på om lag 700moh, nedunder Kvittinden. Vegen var grei å gå, litt laust nokon stader etter trakkemaskina som køyrde forbi oss, og det var litt snø i høgda som var tung å gå i. Fint terreng opp til Kvittinden, men litt glatt på steinane. Ned frå Kvittinden hadde vi på veg opp sett nokre snørenner som såg fine ut, men dei var vanskelege å finne i den dårlege sikta. Men vi >>>

Kart    

Storala

Dato:
30.06.2019
Distanse:
14,7km

Året vårt i Nord-Norge nærmar seg slutten, og i dag flytta vi ut av leilegheita. No skal vi køyre litt rundt i nord før vi sett kursen sørover til Valdres. Tilhengaren med flyttelasset skal vi ha ståande hos Jorunn på Silsand medan vi køyrer rundt oppi her. I dag var det spådd varierande vêr, men på Storala i Bardu var det spådd fint. Storala ligg også fint til rett ved E6 ved Setermoen, noko som passa bra på vegen mellom Skånland og Senja. Vêret var ikkje altfor fint når vi gjekk i vegen, det regna litt og Storala låg i skodda. Men det betra seg gradvis, og oppe i høgda fekk vi flott vêr. Nysnøen dei siste dagane var glatt og tung å gå på, men la ei fantastisk kulisse over landskapet. Ned att gjekk vi oppom Orta. Veldig bra råk på mesteparten av turen.

Kart    

Fiskefjorden

Dato:
28.06.2019
Distanse:
19,9km

Tur til Snøtinden og Nordre Fiskefjortinden i Tjeldsund og Lødingen. Parkerte på parkeringa innerst i Fiskefjorden. Derifrå følgde vi DNT-råket mot Toralfsbu. Godt merket og fint å gå på. Ved Revskarvatnet på 473moh tok vi av frå råket, og gjekk opp på Snøtinden. Fint terreng å gå i oppover, og vi kunne skli ein del på snøen ned at. Frå Revskarvatnet gjekk vi opp til skardet mellom Bollfjellet og Fiskefjordstindan, derifrå følgde vi standard-ruta oppover. Den er delvis varda, og det var to som hadde gått før oss. Ned at tok vi ein snarveg ned eit snøfelt. På veg attende gjekk vi oppom Bollfjellet.

Kart    

Helligtinden

Dato:
27.06.2019
Distanse:
9,8km

Vi satt lengje heime i Evenskjer og vurderte for og i mot tur. Vêret var bra heime, men det var spådd dårleg overalt; sterk vind og litt regn. Til slutt fall valet på tur og Helligtinden. Så da vart det ny tur til Tjeldøya, den åttande gongen vi er på øya, og sannsynleg den siste. I tillegg til Helligtinden håpa vi på og kanskje også få med Øst for Trollfjellet (821moh). Vêret såg ikkje lovande ut på veg utover til Tjeldøya, og det betra seg diverre ikkje. Det var sterk vind oppover, som berre vart sterkare og sterkare. Etter kvart vart det også tett skodde. Det var også ein del regn i lufta, så det vart ein kald tur. Vi følgde godt råk frå parkeringa opp til Tindvatnet. På austsida av vatnet gjekk vi bort frå merkinga (som rundar toppen og kommer opp på nordsida), >>>

Kart    

Sverigetinden

Dato:
25.06.2019
Distanse:
9,4km

Siste dag på Andøya. Vi drog frå Ånes til Andenes i styrtregn. Vi brukte styggvêret til ein tur innom Andenes, og eg fekk kjøpt meg nye, vasstette fjellsko. Vi drog så til Storvatnet for å gå på Sverigetinden. Vi følgde fint råk og gode merker opp til Breidtinden. Vidare var det råk, men ikkje merker bort til Sverigetinden. Frå Sverigetinden gjekk vi attende med sikte på Trolltinden, og tok med oss Breiviktinden på vegen. Fint terreng å gå i der vi gjekk utanom råk. På turen, og spesielt opp mot Trolltinden, bles vinden noko heilt enormt. Ned frå Trolltinden gjekk vi utanom råket ned til 280moh, derifrå følgde vi eit godt råk som ikkje er teikna inn på kartet.

Kart