Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Astridbekken - Nygaard

Dato:
07.08.2019
Distanse:
8,8km
Kart    

Storskardhøgda

Dato:
06.08.2019
Distanse:
4,5km

Tur på veg frå Slidre til Gausdal. Planen var eigentleg å gå på Store og Vesle Skjellingshovde, men det ville seg ikkje. Vi hadde sett at nesten alle går på disse toppane frå sør, men vi tenkte å køyre vegen innover og gå råket som er teikna inn til Store i frå nord. Frå Slidre køyrde vi til Bagn, og derifrå oppover mot aust. Vi tok av frå hovudvegen ved Breidablikk, og køyrde sørover, her vart det fort grusveg. Ved Nedre Braka tok vi av frå denne, og køyrde bomvegen (50kr) innover forbi Myrvang, mot Skjellingshovde. Vegen heiter Tverrvassvegen, og på kartet skal det gå ann å køyre han heilt over til Dokka. Diverre gjekk ikkje det. Ved Skålvatnet kom vi til låst bom, og vi måtte gje opp planen om Skjellingshovde. Vi køyrde attende til bommen inn mot Gravesætrin, >>>

Kart    

Hovde

Dato:
05.08.2019
Distanse:
1,9km

Kort tur på veg til Vestre Slidre. Køyrde god grusveg innover og parkerte på stor parkeringsplass. Råk/traktorveg til å byrje med. Etter kvart vart det sauråk, før vi gjekk i terrenget mot slutten. Grei tur, men lite utsikt.

Kart    

Ringebufjell

Dato:
04.08.2019
Distanse:
24,5km

Tur med pappa og Kristine. Vi drog ganske tidleg frå Nygaard, og parkerte på parkeringsplassen nedunder Muen. Pappa var klar til å gå litt før Kristine og meg, så han gjekk i vegen litt før oss. Vi tok litt forskjellige rå til å byrje med, og han gjekk oppom Muen, medan Kristine og eg følgde Rondanestien mot Gråhøgdbu. Ved Mumillom-råket tok vi av frå råket, og gjekk i terrenget opp til Velsmuen, det var veldig fint terreng å gå i oppover. Vi gjekk utanom råk heilt til vi kom inn at på Rondanestien mellom Stulshøgdin V1 og V2. Frå Veslmuen sikta vi oss inn på det som såg ut som toppvarden på Gråvorden, men det var ein varde sørvest for toppen. Vidare gjekk vi på Gråpiggen, der Kristine og eg bygde opp varden medan vi venta på pappa. Deretter gjekk vi vidare mot Grøtørhøgda. >>>

Kart    

Snezka

Dato:
31.07.2019
Distanse:
13,2km

Familieferie i Tsjekkia. Vi var fire dagar i Praha, så da passa det bra med ein tur til Tsjekkias høgaste fjell, Snezka. Pappa, Johannes, Kristine og eg åt frukost på hotellet klokka halv åtte, og gjekk frå hotellet litt over åtte. Vi gjekk til leigebilfirmaet Europcar, om lag 10-15 min å gå frå hotellet vårt. Derifrå køyrde vi i om lag tre timer. Det var ein del vegarbeid og GPSen sendte oss inn ein stengt veg, så bilturen vart lenger enn han kunne ha vore. Johannes var sjåfør. Vi hadde eigentleg tenkt til å køyre heilt inn til gondolen, men der var det fullt, så vi måtte køyre eit stykke oppover i Pec pod Snezkou. Oppover til toppen følgde vi godt råk frå Pec pod Snezkou til det flotte serveringsstadet på Bouda Ruzohorky. Derifrå var det veg forbi mellomstasjonen på >>>

Kart    

Praha

Dato:
29.07.2019

Familieferie til Tsjekkia. Guro gifta seg med Ondra, og heile storfamilien var invitert. Vi drog nedover den 25.7. Vi var fyst i utkanten av Brno, før vi var i Sloup. Deretter drog vi til Praha. Måndag 29.7 vart det “fjelltur” i Praha. Etter å ha vitja Prahaborgen og Vituskatedralen, tok vi bana opp til Petrin. Kristine og eg droppa å gå opp i tårnet denne gongen. Fin og koseleg familieferie i eit flott land og ein fin by.

Kart    

Svarthaugen i Oppdal og Haldorpiggen ved Otta

Dato:
21.07.2019

To korte turar på veg frå Trondheim til Gausdal. Stor parkeringsplass ved Svarthaugen, og fint råk til toppen. Fin utsikt, men litt overskya. Flotte garder på baksida i Oppdal. Til Haldorpiggen køyrde vi av i Otta og oppover mot Nordlie. Ved Nordlie var vegen stengd med bom, og vegen såg heller ikkje køyrbar ut for bil. Da måtte vi snu og køyre ned at til Otta. Så vi køyrde inn Ottadalen til Dale og oppover forbi Storrusten, og inn bomvegen til Kleirudsætre. Fin veg innover. Parkerte i vegkanten ved starten av råket til Haldorpiggen. Kort tur, med bra råk og flott fjellterreng.

Kart    

Storheia og Vassfjellet

Dato:
20.07.2019

Vi parkerte ved Skistua. Derifrå gjekk vi på veg og godt råk til Storheia. Nesten attende på Skistua gjekk vi oppom Gråkallen. På grunn av militære sperringar kom vi ikkje opp på høgaste punkt, men måtte stoppe 50 meter før høgaste punkt, og 4-5 høgdemeter lågare. Etter turen køyrde vi innom Trondheim og besøkte Nidarosdomen. Vidare køyrde vi til Flåsætra i Melhus. Derifrå gjekk vi på bra, men noko blautt, råk opp til toppen av Vassfjellet.

Kart    

Tre turar i Trøndelag

Dato:
19.07.2019

Vi køyrde frå Harran i Grong til Heimdal, sør for Trondheim. På bilturen stoppa vi innom fire byar, og vi gjekk tre turar. Den fyste turen gjekk på Heimdalhaugen, kommunetopp i Grong. Vi gjekk oppover på godt råk, som etter kvart vart dårlegare. På om lag 600moh mista vi råket, og gjekk rett opp bratta til toppen. Det fungerte bra, så vi gjekk same veg attende. Ein fin tur, men alt for mykje kveks, klegg og fluga tidleg på turen. Andre tur gjekk til Øyensskavlen, kommunetopp i Namdalseid. Vi følgde grusvegen oppover, til det gjekk opp eit råk ved 480moh, finfin snarveg. Veldig fin tur. Den tredje turen gjekk til Kverkillberget på Røra. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå råket som gjekk frå hovudvegen, men der fann vi ingen parkeringsplass. Det var berre 40 høgdemeter opp >>>

Kart    

De sju søstre

Dato:
17.07.2019
Distanse:
23,3km

Vi kom til Sandnessjøen tysdag kveld, og overnatta på Sandnessjøen Overnatting i sentrum. Vi forsøkte å finne ut om det gjekk buss mellom parkeringsplassane til de sju systrer, men det såg ikkje slik ut. Vi ringte difor etter taxi, som skulle køyre oss frå den nordlegaste til den sørlegaste parkeringa klokka ti. Onsdag sto vi klare på den nordlegaste parkeringa litt før ti, men det varte og rakk før taxien dukka opp. Halv elleve kom han. Prisen derimot var grei, 212 kroner kosta det. Tjue på elleve kunne vi gå i vegen oppover den lange motbakken mot Breidtinden. Det var spådd fint vêr denne dagen, det hadde vi ikkje til å byrje med. Den fyste matpause tok vi like nedunder fyste topp, på om lag 700moh. Skodda kom, og det var kjøleg å sitte i ro. Skodda øydela også utsikta >>>

Kart