Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Rundtur på Nordre Fjellstølen
- Dato:
- 23.02.2020
- Turtype:
- Langrennstur
- Distanse:
- 20,0km
Skitur frå Røysvang på Nordre Fjellsjøstølen.
Vêret var strålande, men ein del vind. Noko som førte til at dei flotte skiløypane vart attblese. Vi gjekk stort sett i løyper, men opp på toppane måtte vi gå utan løyper. Utanom sporet var føret varierande. Nokre stader var det god laussnø, medan andre stader var det skare.
Ein skikkeleg flott tur, i eit flott turområde.
Binnhovdknatten
- Dato:
- 22.02.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 3,5km
Endeleg ein dag med god vêrmelding! På grunn av nokre ærend i Fagernes, kom vi sein avgårde på tur. Vi betalte 20kr inn bomvegen på Aurdalsåsen, og køyrde inn mot Engan. Vegen var så som så, så vi parkerte ved fyste moglegheit. Hadde vi køyrd 150 meter lenger, hadde vi kome til ein litt større parkeringsplass.
Oppover var vi heldige, det hadde gått nokon før oss og brøyta spor. Utanom spora deira var det tungt å gå i 20cm tung laussnø. Vêret vart meir og meir overskya utover dagen. Oppe på toppen var det enormt med vind, så det var utfordrande å få av fellane på skia.
Snøen var forblåst på toppen, og nede i skogen var det vel mykje og tung laussnø, og ikkje bratt nok til å få opp den heilt store farta, men det var morosamt.
Ein fin, liten tur vart det.
Smørlifjellet
- Dato:
- 15.02.2020
- Turtype:
- Langrennstur
- Distanse:
- 14,7km
Sol og pent vêr på morgonen. Kristine hadde time hos optiker klokka 11.30, og ble der i om lag ein time. Vêret vart meir og meir overskya utover dagen, og like etter vi gjekk i vegen forsvann sola, og ho dukka ikkje opp att.
Det vart likevel ein fin skitur i eit flott område. Vêret held seg ganske bra, og løypane var litt attblese, men ganske bra. Utsikta frå toppen er nok riktig fin i skyfritt vêr.
Synet
- Dato:
- 07.02.2020
- Turtype:
- Langrennstur
Skitur etter jobb saman med Kristine. Vi køyrde til Vaset rett etter jobb, og parkerte ved skiheisen. Derifrå gjekk vi til Gomobu, og vidare til Synet. Frå Synet gjekk vi om Valtjernet attende til Gomobu, og til bilen. Flott vêr på turen. Vi hadde solskinn til å byrje med, før det vart ein flott solnedgang, og flott kveldsljos. Vi rakk akkurat attende til bilen før det vart mørkt, for øvrig ljoste månen bra. Veldig bra skiløyper på Vaset denne turen.
Skitur rundt Nørdre Syndin
- Dato:
- 26.01.2020
Skitur med Kristine. Gjekk i frå Syndinstøga. Fine løyper rundt Nørdre Syndin, attblese i løypa aust for Midtre Syndin. Fint vêr, og flott utsikt.
Skitur på Beitostølen
- Dato:
- 25.01.2020
- Turlengde:
- 2:27t
- Distanse:
- 19,1km
Skitur på Beitostølen med Kristine. Vi gjekk løypa ned til Javnin, og opp til Øysterlie. Derifrå til Olevatnet, og vi gjekk oppom og registrerte den vesle haugen Rundhaug. Frå Olevatnet gjekk vi tilbake til Beitostølen. Flotte skiløyper, men grått og overskya vêr.
Skitur på Reinshovd
- Dato:
- 14.01.2020
- Distanse:
- 1,8km
Årets fyste tur på telemarkski. Kristine på randonee. Kort og fin tur etter jobb, godt skiføre
Skitur i Vest-Torpa
- Dato:
- 02.01.2020
- Distanse:
- 15,2km
Juleferien er slutt, og Kristine og eg køyrde attende til Valdres. På vegen dit tok vi ein stopp i Torpa, for å gå ein skitur og for å få årets fyste nye toppar.
Vi parkerte i vegkanten der skiløypa kryssa vegen, men fann ut etterpå at det var ein parkeringsplass ved Smedsrud.
Vi gjekk i vegen på dei to dagar gamle, men perfekte, skiløypane. Mykje oppover til å byrje med. Vi følgde skiløypa til Klettvatnet, derifrå vart det brøyting. Kristine var sprek, og tok seg av brøytejobben. Ikkje utsikt på Jenthaugen.
Ned att same veg frå Jenthaugen.
Opp til Ohovde følgde vi trugespor. Kristine som er liten og lett, gjekk greitt oppå. Eg som er noko tyngre, sank jamnt og trutt i gjennom. Det vart ein tung tur opp, men flott utsikt på toppen.
På toppen tok vi på lykter, men berre Kristine >>>