Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Midtvola ved Atnbrua

Dato:
30.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
7,9km

Helgetur til Nord-Østerdalen. Vi drog frå Gåsbu etter jobb, og installerte oss på ei campinghytte på Skogli camping, rett sør for Atnsjøen. Vi drog så til skiløypa til Midtvola. Derifrå gjekk vi oppover mot toppen på fjellski. Vi måtte bære skia litt på starten, men føret og snøen var overraskande bra. Flott utikt på toppen. Kort og fin tur.

Kart    

Skitur til Målia

Dato:
18.04.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
3:07t
Distanse:
24,4km

Skitur med Kristine

Kart    

Kvilåsen og Venberget i Åmot

Dato:
17.04.2021
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
17,1km

Målet for dagen var eigentleg Deifjellet frå søraust, men der var området stengt på grunn av mykje millitæraktivitet i skytefeltet. Da måtte vi leggje om turplanane. Kvilåsen og Venberget vart da det nye målet. Vi hadde håpa å kunne køyre opp til Holmsjøen, eller i det minste forbi Ulvåsetra, men det gjekk ikkje. Vi vart stoppa av mykje snø i vegen, og vi parkerte i vegkanten. Fint skiføre i vegen oppover mot Holmsjøen, og også fint i terrenget. På Kvilåsen var det flott utsikt nordover, og det var godt å sitte i sola der. Vi tok av kortfellane frå fjellskia før vi gjekk i vegen nedover frå Kvilåsen. Vidare mot Venberget vart det ikkje naudsynt å ta dei på igjen. Ikkje noko utsikt på Venberget, men like nedunder toppen kom vi til eit skogholdt der det var flott utsikt >>>

Kart    

Skitur til Svaen

Dato:
11.04.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
3:07t
Distanse:
26,0km

Fin skitur, og avslutning av stolpejakten på Hedmarksvidda. Stort sett fint klisterføre, men litt klabbing der vi gjekk utanom spor.

Kart    

Skitur i vindmølleland

Dato:
10.04.2021
Distanse:
26,8km

Kristine hadde sett ut ein tur til Raskiftet, og det var nykøyrde skiløyper. Vi køyrde så høgt vi kom opp mot Raskiftet frå Osensjøen. Bra scooter-spor stort sett heile vegen, men litt attblese på åpne partiar. Skiløypa stopper litt nord for Raskiftet, så det var brøyting opp til toppen. Veldig bra skiforhold utenom løypane denne dagen. Også opp til Grasberget og Ulsjøfjellet var det brøyting. Frå Ulvsjøfjellet følgde vi beltespor i beilvegen ned att. Mykje vindturbinar i område. Dei er store og stygge, men det var faktisk flott utsikt frå nokre av toppane uansett. Fint vêr, og ein veldig fin tur. Dette vart årets første tur med nye bestigningar, det var på tide.

Kart    

Skitur på Gåsbu

Dato:
07.04.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:18t
Distanse:
12,0km
Kart    

Stolpejakt på Hedmarksvidda

Dato:
05.04.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
5:54t
Distanse:
40,4km

Langtur og stolpejakt på Hedmarksvidda med Kristine. Vaffelstopp på Budor.

Kart    

Skitur på Prestkjerringa

Dato:
03.04.2021
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
27,2km

Laurdag hadde vi gått ein runde om Blestern, denne dagen vart turen utvida med Prestkjerringa. Fin tur og flott vêr.

Kart    

Tur til Prestkjerringa

Dato:
01.04.2021
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
24,7km

Dette var eigentleg tenkt som siste dag på Ginahytta i påska, men vi fann ut at vi ville vere nokre netter til. Etter ein flott skitur på Skjellbreidsfjellet, satt vi ein liten stund i solveggen på hytta. Vi drog så ned til Nygaard. Der fekk vi ein god middag, og vi fekk med mat til resten av påskeveka. Turen attende frå Værskei til Nysetra gjekk raskt på godt føre.

Kart