Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"

"Kremtoppen" Marsteinberget
- Dato:
- 02.07.2020
- Turtype:
- Spasertur
- Turlengde:
- 0:19t
- Distanse:
- 1,2km
Erik W. Thommessen har lagd ei kremtopp-liste med 100 toppar sør for Trondheimsfjorden. Når ein lager ein subjektiv liste med topper er det rom for mykje diskusjon om kva topper som høyrer med. Det er mange topper som har gode argument for å vere med. Om Marsteinberget har det, er litt meir usikkert. Parkeringsplassen er to meter høgare enn toppen. Men det var ein kurant liten tur. Og utsikta var forøvrig flott mot Sæbufjorden, med Torfinnstindane, Kalvehøgda/Rasletinden og Besshøe bak.
Fullføring av pf100+ lister i Nordre Land og Etnedal
- Dato:
- 01.07.2020
Tur 1 - Kollhaugen. Vi køyrde frå Gausdal mot Slidre litt utpå dagen. Planen var å køyre opp til Bondlisætra frå Tomte, i mellom Torpa og Dokka, men der vart vi møtt av låst bom. Så da vart det å køyre rundt om Dæli for å komme til Bondlisætra.
Vi parkerte ved Bondlisætra, og sykla inn til råket tok av frå bilvegen. Derifrå gjekk vi først på råk, så i terrenget opp til toppen. På veg attende oppretta vi toppen Sør for Geitberget.
Tur 2 - Dronningknatten. Vi køyrde opp til Stuve, og parkerte på plassen før den låste bommen. Der fann vi ut at bakhjulet på sykkelen til Kristine var punkter. Vi trilla med oss min oppover, og bytta på å sykle nedover.
Varde på toppunktet, men lite utsikt. Da var pf100+ lista i Nordre Land fullført.
Tur 3 - Haustsæterfjellet. Dagens >>>
Nordbykollen og Myrehogget
- Dato:
- 27.06.2020
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 11,4km
Frå overnattinga vår i Sande drog vi Nordby i Drammen. Vi gjekk bratte råk opp til Nordbykollen. Det går også an å følgje slakere og betre råk opp.
Vidare drog vi til Skramnæs på hyggeleg besøk. Tante Hanne og onkel Knut var så turguider opp på Myrehogget, og rundt om Eurekatoppen. På veg ned vart det bad i Hoggtjern. Etter badet vart vi nesten enda blautere, da himmelen verkeleg åpna opp slusane. Ein flott og hyggeleg tur.
Kort opphald på Skramnæs etter turen, før vi drog til Stange.
Kølåsen, Haraldsfjellet, Sæteråsen og Hvittingen
- Dato:
- 26.06.2020
Andre dag på tur rundt Oslofjorden. Vi køyrde frå parkeringa ved Stikkvannskollen til Holmsbu for dagens første tur. Turen på Kølåsen var veldig kort. Det bygges hytte på høgaste punkt.
Neste tur gjekk til Haraldsåsen. Der var det bra råk heile vegen opp. Etter turen køyrde vi ut til Rødtangen og bada i sjøen.
Vidare tok vi ferga frå Verket til Svelvik. Der gjekk vi på Sæteråsen. Oppover gjekk vi om Ebbestadvatnet for å bade, men der var det skilt om drikkevann og bading forbudt. Så det vart ikkje noko bad. Flott tårn på toppen.
Etter den tredje turen køyrde vi vidare til Sande. Der kjøpte vi pizza på Pizzabakeren, og åt middag ved SKjervikbukta. Etter middag vart det ein siste tur for dagen. Vi køyrde oppover mot Hvittingen, og parkerte ved bommen. Det vart bad i Orebergvatnet >>>
Tårnåsen, Bollerudåsen, Toåsen og Stikkvannskollen
- Dato:
- 25.06.2020
Ferietur og kommunetopp-sanking nedover Oslofjorden.
Turen byrja strålande med ein punktering ved Hauketo. Vi skifta til reservehjulet og køyrde til Hauketo CarSpa, som reparerte det punkterte hjulet for berre 300 kroner. Meget god service der!
Første "topp" vart Tårnåsen, med 0 i PF. Likevell ein fin tur opp frå skulen, og veldig flott utsikt i det høge tårnet.
På den andre turen økte primærfaktoren med ein meter. Sørvest for Bollerudåsen var ein kort tur.
Vidare drog vi til Nesodden, og gjekk på Toåsen. Det var ein grei tur, og vi fann litt moden blåbær undervegs. Etter turen drog vi ned på friområdet ved Alværn, der bada vi i sjøen og lagde god middag på stormkjøkken.
Det vart ein tur til. Vi drog til Stikkvannskollen, som er kommunetopp i Hurum. Det var ein lenger >>>
Røssjøkollane
- Dato:
- 23.06.2020
- Distanse:
- 9,7km
Vi planla Sankthans grilling på Nysetra, så Kristine og eg drog innover Vestfjellet for å gå ein fjelltur før grillinga.
Det var ein flott tur rundt Røssjøkollvatnet på dei to høgase Røssjøkollane, med forfriskande bad i vatnet.
Koseleg grilling med mamma, pappa, Johannes og tante Sigrid på Ginahytta etterpå.
Flokofallet og Lundevarden
- Dato:
- 22.06.2020
Turen til Flokofallet. 2 km - 95 hm - 49 min
Kristine og eg gjekk tur til Flokofallet på veg frå Stange til Gausdal. Køyrde Burmavegen frå Vingrom til Saksumsdalen. Fint råk, og flott foss.
Turen på Lundevarden: 4,2 km - 283 hm - 1 t 23 min
Kristine, pappa og eg gjekk så ein kveldstur i Østre til Lundevarden. Vi gjekk i frå Houm. Flott råk opp til Lundevarden, og fin utsikt. Ikkje råk til Nord for Lundevarden
Kveldstur på Svarthamaren og Skreddalsfjellet
- Dato:
- 18.06.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 9,9km
Kveldstur etter jobb.
Vi hadde undersøkt om vegen til Skreddalen var køyrbar, og nå skulle vi komme nesten heilt fram. Hundre meter før stølen var det ei snøfonn i vegen, og vi parkerte i vegkanten like før den.
Innover mot Svarthamaren var råket flott å følgje. Frå Svarthamaren gjekk vi utan råk over Øystre Skreddalsfjellet til Skreddalsfjellet. Ned frå Skreddalsfjellet var det godt råk.
På bilturen attende stoppa vi ved både Dalstøltjernet og Javnin for å ta bilde av den vakre naturen.
Helgetur til Sogn: Store og Vetle Haugmelen
- Dato:
- 14.06.2020
- Distanse:
- 16,0km
Siste dag på helgetur til Sogn. Parkerte ved den låste bommen over Dalåker. Fullt køyrbart vidare inn, kunne køyrd heilt til der råket tar av frå vegen etter Syresete.
Lang veg innover til råket, vi brukte 40 minutter innover grusvegen.
Turen ble artigare etter at vi kom inn på råket. Opp til Vassløysa var det traktorveg, vidare var det bra råk, men ein del snø.
Fin rundtur om dei to toppane.