Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Kvithovd

Dato:
10.09.2019
Distanse:
13,1km

Tur åleine etter jobb. Gjekk heime frå oppover Slidre. Følgde turskilta mot Kvithovd inn mot Skori. Etter dei siste husa vart det slutt på veg, og i råket var det mykje høgt gras og buskas. Temmeleg variert kvalitet på råket opp til Klokkargardsberget, og eg vart ganske blaut. Vidare følgde eg bilvegen forbi Slidrestølen, og deretter godt råk og traktorveg opp til toppen av Kvitholvd. Det skal være ganske så bra utsikt frå Kvithovd, men vêret når eg var på toppen var skodda. Så eg gjekk ikkje bortom nokon av dei to utsiktspunkta, eller varden, denne gongen. Morosamt med hotellet som ligg nesten heilt på toppen. Ned at gjekk eg same rute til Slidrestølen, og følgde bilvegen heile vegen ned derifrå. Med denne turen fullførte eg Vestre Slidre pf100-lista, ein dag etter at Kristine >>>

Kart     1 kommentar

Ålfjell

Dato:
09.09.2019
Distanse:
5,0km

Tur etter jobb. Vi parkerte øvst i hyttefeltet aust for Ålfjell. Derifrå var det godt råk opp til toppen. Oppe på toppen kom det nokre regndropar.

Kart    

Vennisfjellet, Høgegge og Tomashelleren

Dato:
08.09.2019
Distanse:
18,5km

Vi vakna opp til strålande sol i dag, så da ville vi på ein litt høgare topp. Målet for turen i dag vart da Vennisfjellet. Etter å ha vurdert om vi skulle gå i frå aust eller vest, fall valet på vest og Sanddalen. Vi parkerte i innhegninga rett før stølen, og gjekk vegen forbi dei flotte stølane. Vi følgde DNT-råket mot Tomashelleren eit lite stykke, før vi tok av og gjekk bratt oppover att med Gjartrudsåne. Vi følgde bekken litt før vi gjekk ryggen i retning Galnehusfjellet. Frå Galnehusfjellet gjekk det slakt vidare til Vennisfjellet. Storslått utsikt! Vakkert i mange retningar, men Jotunheim-rekka stel merksemda. Flotte fjell! Ned frå Vennisfjellet gjekk vi til ein liten knaus vi oppretta og kalla Midtre Vennisfjellet aust. Der diskuterte vi om vi skulle gå til Nordre >>>

Rennefjellet

Dato:
07.09.2019
Distanse:
6,4km

Tur i fint vêr. Stort sett råk, men litt utanom også. Flott utsikt, og vi fann ein kilo molte.

Kart    

Javnberget

Dato:
03.09.2019
Distanse:
6,3km

Kveldstur til Javnberget i Øystre Slidre. Vi parkerte ved Lidar kyrkje, og følgde skiltinga, og fint råk opp til toppen. Fantastisk flott utsikt!

Kart    

Liahovda

Dato:
02.09.2019
Distanse:
2,9km

Liten kveldstur i Øystre Slidre. Vi parkerte i vegkanten like før Beitostølen helsesportsenter, og følgde traktorveg eit godt stykke. Vidare opp terrenget på jakt etter bær og sopp. Vi fann nokre få piggsopp, og litt blåbær. Fin utsikt på toppen.

Kart    

Kjeldeknatten

Dato:
01.09.2019
Distanse:
3,7km

Topptur med mykje plukking av villbring, kantarell og blåbær.

Kart