Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Tre turar rundt Kvitfjell

Dato:
29.09.2019

Tre turar i Gudbrandsdalen med pappa og Kristine. Ikkje så bra vêr på Segelstadseterkampen, og bratt opp alpinbakken. Mykje betre vêr da vi var på Nårkampen, og flotte haustfargar. Ormsetra var ei skikkeleg fin setergrend. Kort tur på Storhaugen. Vi sleit litt med å finne råket på veg opp, men følgde det på veg ned.

Kart    

Liaberget

Dato:
27.09.2019
Distanse:
2,1km

Kort tur i Etnedal på veg frå Slidre til Gausdal. Gjekk i terrenget heile turen. Regn og kaldt vêr.

Kart    

Synet

Dato:
24.09.2019
Distanse:
2,5km

Vi måtte ein tur til Fagernes etter jobb, og på veg heim ville vi ta ein liten tur. Valet fall på Synet. Synet var ein riktig flott tur, sjølv om den var kort. Vêret var ikkje det beste, diverre, så utsikta vart så som så, her er det nok eigentleg fantastisk utsikt. Men flotte haustfargar i fjellet no.

Kart    

Gyranfisen

Dato:
22.09.2019
Distanse:
12,3km

Tur på veg heim frå Oslo. Tok av frå E16 sør for Sperillen, og køyrde opp til Vikerfjell. Vi parkerte der vegen er stengd med bom, og råket tok av til Svarttjernskollen. Vi gjekk fyst gjennom skogen, så kom vi opp i skikkeleg flott fjellterreng, men flotte haustfargar. Det var mange som gjekk på Svarttjernskollen i dag, flott råk opp til toppen. Vidare gjekk vi på eit tråkk ned til nordenden av Svarttjern, og følgde DNT-råket mot Gyranfisen/Treknatten. Vi tok ein lang rast ved den store steinen, der råket tar av til Gyranfisen. Flott utsikt på toppen. Attende til bilen gjekk vi i terrenget, der var veldig greitt ned til Tronsefisen. Derifrå var det litt meir kronglete, til vi kom inn på skiløypa, som vi følgde til bilvegen. Ein riktig flott tur.

Nordre Kolsås

Dato:
21.09.2019
Distanse:
3,2km

Føremiddagstur medan vi var i Oslo. Kurant parkering, og flott råk til toppen. Flott utsikt over Oslo og Oslofjorden.

Kart    

Høgåsen i Ringerike

Dato:
20.09.2019
Distanse:
4,9km

Tur på veg til Oslo. God bilveg å gå på opp til Nordre Damtjern, dårleg traktorveg derifrå. Tok av frå traktorvegen på om lag 370moh, og gjekk i terrenget til toppen. Ingen utsikt på toppen.

Kart    

Svarttjernknatten og Langeberget

Dato:
18.09.2019
Distanse:
2,4km

Turar med Kristine etter jobb. Vi drog over Tonsåsen, og innover mot Leirskogen. Inn grusvegen til Skardsætri måtte vi gjennom sju eller åtte grinder. Vi gjekk litt på attgrodd traktorveg, elles gjekk vi i terrenget. Små glimt av utsikt på Svarttjernknatten. Etter turen køyrde vi ned i Bagn, og oppover mot Langeberget. Vi køyrde inn bomvegen Skarsvegen, og parkerte i vegkanten der råket starta. Flott råk, som gjekk bratt og tungt oppover. Litt utsikt, og mange postkasser, på toppen.

Kart    

Smådalsfjellet

Dato:
16.09.2019
Distanse:
5,1km

Tur med Kristine etter jobb. Det var fint vêr da vi køyrde frå Slidre, men oppover skya det over, særleg på nordsida av Vangsmjøsa. Det var fint vêr da vi byrja og gå, men ein del vind, og det var litt skodde rundt om kring. Vi hadde fin utsikt ei stund, men så kom skodda, og det kom også litt snø som ikkje la seg. Ein fin og kort tur.

Kart    

Sirikjerke

Dato:
15.09.2019
Distanse:
2,3km

Kristine, pappa, onkel Knut og eg drog for å gå på Sirikjerke. Vi parkerte på den registrete parkeringslomma, og gjekk på bra råk opp til toppen. Flott utsikt. Etter turen på Sirikjerke køyrde vi nokon hundre meter vidare innover, og gjekk på Slettfjell. Der var det stor og fin varde, og like flott utsikt som på Sirikjerke. På veg heim til Slidre tok Kristine og eg ein liten avstikkar, og gjekk på Røysetoppen. Ingen utsikt på toppen.

Kart    

Lokkeråsen, Solbergvarden og Knabben

Dato:
14.09.2019
Distanse:
12,5km

Tur med Kristine, pappa og onkel Knut. Vi gjekk frå hytta på Steindamtjern, over Lokkeråsen, Solbebergvarden, Knabben og Solbergfjellet, til bilen mamma hadde satt at på Bjørkedokk. Vi gjekk ein del på grusveg, men mest på godt råk. Veldig fin tur og mykje flott utsikt.

Kart