Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Podgorica

Dato:
03.08.2018
Distanse:
2,3km

Fredag vakna vi til gråvêr i Zabljak, så etter frukost drog vi rett av sted. Vi hadde bestilt hotell i Utjeha på kysten, men hadde tenkt oss innom hovudstaden Podgorica ein tur fysst. Bilturen til Podgorica var ganske kjedeleg, og det å køyre bil i hovudstaden var heller ikkje spesielt morosamt, sjølv om det ikkje er nokon utprega storby. Kristine hadde funne ein topp vi skulle på, Malo Brdo, heilt nord i byen. Vi køyrde opp eit bustadområde og fann ei parkering. Kort tur opp til toppen, fysst på bilveg, så på traktorveg. Nede at i bilen satt det inn eit valdsamt regnvêr. Det var nesten så ein ikkje såg vegen framfor bilen. Vi fann ikkje særleg mykje å ta oss til i Podgorica, så vi drog vidare til Utjeha. Det var ein strålande flott plass. Vakker kystlinje, varmt badevatn, >>>

Kart    

To toppar i Durmitor

Dato:
02.08.2018
Distanse:
2,2km

I Zabljak åt vi ein grei frukost på hotellet, før vi satt oss i bilen for å køyre til Sedlo i Durmitor. Vêret på morgonen, og vêrmeldinga utover dagen førte til at vi slo frå oss Bobotov Kuk. Vi satt oss i staden som mål å komme på Zupci og Sedlena Greda. Vegen opp til parkeringa på Sedlo var morosam å køyre. Frå parkeringa følgde vi godt råk i retning Sedlena Greda. Nedunder Zupci tok vi av frå råket for å gå på toppen. Zupci har ein liten egg med 4-6 småtoppar før sjølve toppen. Kartet vi følgde (peakbook-app) viste litt feil, den raude teiknestiften er på kartet i skråninga eit stykkje nord for toppen, men toppunktet er på teiknestiften. Vi gjekk oppom nokre av dei andre småtoppane på tur ned at. Nede at på råket gjekk vi i vegen vidare mot Sedlena Greda, >>>

Kart    

Dubrovnik og Trebinje

Dato:
01.08.2018
Distanse:
3,5km

Onsdag skulle vi vidare, Zabljak i Montenegro var neste destinasjon. Fysst drog vi til Dubrovnik, kor vi gjekk litt i gamlebyen før vi drog ut til øya Lokrum. Der gjekk vi fysst opp til borgen Fort Royal, som er høgaste punkt på øya, på om lag 85 moh. Til trass for den lave høgda, og dei få høgdemetrane, var det ein tung tur i den kolossale varmen. Etter toppturen låg vi litt ved vasskanten, før vi tok båten attende til Dubrovnik. Der hadde eg eigentleg lysst til å vitje bymurane, men den uuthaldelege varmen gjorde så vi ikkje orka, og vi drog rett vidare. Fysst var vi innom Bosnia. Vi stoppa i Trebinje og handla litt, veldig billeg i Bosnia. Etter handleturen hadde vi tenkt oss opp på toppen Kravica, som er på 801 moh. og har 190-200 meter i primærfaktor. Det var teikna inn >>>

Kart