Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"

Blåkollen
- Dato:
- 03.06.2018
- Distanse:
- 23,3km
Sundag gjekk turen til Blåkollen. Vi gjekk det flotte råket til Bjørnhollia, før vi gjekk opp mot Blåkollen. Vi følgde råket til omtrent 1200 moh, før vi tok av og gjekk i terrenget opp på toppen. På tur attende gjekk vi oppom Musvolkampen, vi hadde råk opp på toppen, men gjekk utan råk ned at. Dette var ein veldig flott tur i eit flott landskap. Vêret var fint heile turen. Etter turen drog vi i veg heimover. Vi hadde først ein stopp i Koppang, der satt vi frå oss campingvogna hos Tuss og Eva, før vi åt ein sein middag i Rena.
Gravskardhøgda
- Dato:
- 02.06.2018
- Distanse:
- 17,1km
Kristine og eg tok med campingvogna oppover Østerdalen torsdag kveld. Om lag klokka ti var vi framme på Straumbu. Plan for helga var å gå på Gravskardhøgda og Blåkollen. Etter ei natt i vogna åt vi frukost ute på ein benk i sola. Vêret var varmt da vi gjekk i vegen mot Gravskardhøgda. Den første stigninga gjennom skogen var tung, og vi vart i tillegg plaga av mykje mygg. Da vi kom opp i høgda slapp vi unna myggen, men vêret holt seg bra. Vi gjekk det gode råket mot Breisjøseter nesten til Gravskardet, før vi gjekk oppover ryggen til Gravskardhøgda. Fantastisk utsikt på toppen, men ein del vind. Vi hadde vurdert å gå ein lenger runde, om Skjellåkinna og Eriksrudhøa, men ein veke med sjukdom for Kristine gjorde at turen vart lang nok utan. På veg ned at tok vi den vesle >>>