Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)

Fullføring av Stange pf100 med mer.
- Dato:
- 08.07.2018
Under frukosten planla vi dagens tur, og fann ut at vi ville fullføre Stange-lista. Medan vi så på turane såg vi at toppen med størst primærfaktor i Nord-Odal ikkje var så langt unna, og at det same gjaldt kommunetoppen i Nes i Akershus. Dermed vart det seks turar, med ein del bilkøyring i mellom. På den første turen sykla vi nesten heile vegen, men satt vi frå oss syklane ein liten stund nedunder toppen. På den andre turen betalte vi femti kronar i bompengar. Før den tredje turen stoppa vi og bada i Sætersjøen. På den tredje turen var vi heldige då bommen sto oppe, så vi fekk køyrd vegen til endes. På den fjerde turen køyrde vi også vegen til endes, før vi sleit litt med å finne råket frå Ekornholsetre. På den femte turen var råket bra, og vi jogga nesten heile >>>
Storhøpiggen
- Dato:
- 04.07.2018
- Distanse:
- 6,9km
Tur til Storhøliseter. Kristine og eg gjekk den same turen som pappa og eg gjekk i 2013. Vi gjekk først i strålande vêr på Storhøpiggen og Storhøa, før vi åt mat i solveggen på Storhøliseter. Deretter drog vi attende vegen og stoppa ved ein liten parkeringsplass ved grensa til Fron statsallmenning. Langs allmenningen går det eit fint råk, når vi gjekk i 2013 gjekk vi gjennom kratt, dette var betre. Etter turen tok vi eit frisk og godt bad ved campingplassen i Olstappen.
Styggmann og Lushaugen
- Dato:
- 29.06.2018
- Distanse:
- 10,8km
Siste dag på ferieturen. Vi drog frå Vrådal etter frukost til Kongsberg. Vi køyrde til parkeringsplassen på Kroksbekk, og gjekk i veg oppover mot Styggmann. Vi valde å gå rett mot toppen, så vi følgde traktorveg eit stykke, før vi gjekk rett opp gjennom skogen. Det var mykje kratt og vondt å gå, men vi fann ein del molte. Flott oppe på toppen. Vi ville gå råket ned at, men vi fann ut at vi ville oppom Breistulfjellet. Kjeisamt kratt opp til toppen, og verre ned at. Ein ikkje altfor flott tur alt i alt, men fint på Styggmann.
Vidare på veg heim ville vi oppom Lushaugen, så vi køyrde inn vegen mot Minnesund, like etter lygna, og parkerte i vegkanten. Vi hadde håpa på open bom, men han var stengt. Vi gjekk innover bilvegen først, så på godt råk opp til toppen.
Roholtfjellet
- Dato:
- 28.06.2018
- Distanse:
- 13,6km
Ny topptur i Telemark. Kort køyretur frå Straand hotell til parkeringa ved Heia. Turen opp til siste bratta opp til austtoppen var temmeleg lang, og litt kjedeleg. Oppe på toppen var det flott. Turen vidare til vesttoppen var flott. På tilbaketuren bada eg i eit lite tjørn, medan Kristine låg og solte seg. Område mellom toppane var eit høgdepunkt på turen. På veg tilbake gjekk vi oppom toppunktet sør for austtoppen, og oppretta ein ny topp.
Roan og Napuren
- Dato:
- 27.06.2018
- Distanse:
- 7,9km
Onsdag drog vi i veg i retning av Vråliosen for å gå på Roan. Plan for dagen var å gå på Roan, for så å køyre til Lifjell og telte der. Undervegs medan vi køyrde, ringde meklaren til Kristine å fortalde at leilegheita var tatt på forkjøp, og at overtakingsmøte vart utsett. Vi fann da ut at vi skulle ta nokre fleire dagar i Vrådal. Vi køyrde til Roan parkeringsplass og gjekk på Roan. Etter den turen drog vi vidare vestover, forbi Hallbjønn høyfjellssenter, for å gå på Napuren. Vi parkerte på ein liten parkeringsplass på nordsida av vegen. Frå parkeringsplassen hadde vi godt råk heilt til toppen.
Fagerliheii
- Dato:
- 26.06.2018
- Distanse:
- 5,9km
Like fint vêr denne dagen som resten av sumaren. Etter ein god frukost på hotellet drog vi på tur for å gå på Fagerliheii. Vi parkerte på parkeringsplassen, og gjekk oppover på bra råk. Råket var temmeleg bratt og sola varma bra. Morosamt terreng med mykje svaberg. Flott varde ved trigpunktet, som i følgje Peakbook ikkje er høgaste punkt. I følgje kartet, og vårt augemål, er det likevel høgast ved varden. Frå varden gjekk vi til Peakbook-toppunktet og kommunetoppen.
Etter den korte turen bada vi lengje i Eidstodpølen, den nordlegaste delen av Nisser, før vi åt ein god buffé-middag på Straand.
Tjorbufjell
- Dato:
- 25.06.2018
- Distanse:
- 10,5km
Vi pakka ned teltet, og køyrde i vegen mot Seljord. Nokre kilometer før Seljord tok vi av frå vegen og køyrde opp til Grimås. Derifrå gjekk vi på veldig bra råk opp til Tjorbu, vidare utan råk opp til Røysdalsnuten og over til Blomtjønneggin. På veg ned at gjekk vart mobilen min straumlaus, så GPS-sporet sluttar tidleg. Vi følgde det sørlege råket tilbake til Grimås, men det var ikkje like fint som råket vi gjekk oppover. Ein strålande flott tur, i eit eventyrleg fint vêr. Etter turen køyrde vi til Straand hotell i Vrådal.
Mælefjell
- Dato:
- 24.06.2018
- Distanse:
- 13,5km
Telemarkstur med Kristine. Vi drog frå Hamar sundag morgon til Sauland i Telemark, med kort rast i Kongsberg undervegs. Frå Sauland køyrde vi bomvegen inn Slåkådalen. Vi satt opp teltet på parkeringsplassen før vi gjekk i veg på tur. Målet for turen var Mælefjell. Vi hadde sett på ein rapport at det øvre råket som er teikna inn på kartet ikkje eksisterer, så vi gjekk det nedre råket. Med unntak av eit lite parti etter ei seter, var råket greitt å følgje. Råket opp langs Londalsbekken var stort sett bra, men det var tungt vidare oppover til vatna på 1280moh. Vêret var ikkje så fint som det hadde vore før, og det bles ein del i høgda, så jakkene måtte på. På veg ned at så tok det av eit råk ganske tidleg ned langs Londalsbekken, som vi forsøkte å følgje. I skogen >>>