Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Askøy-tur

Dato:
26.05.2017

Tur til Askøy og barnedåpen til Jakob Bertin. Kristine og eg køyrde tidleg frå Hamar fredag morgon, og vi plukka opp mamma og tante Sigrid på Vingrom. Vi hadde ein rask stopp på Statoil i Fagernes, før vi tok ein lengre rast på Stalheim. Der nøyt vi utsikten og eit godt måltid inne på hotellet. På kvelden gjekk Lars Ove, Kristine og eg ein tur til Brenneklubben. Laurdag gjekk tante Sigrid, Mari, Kristine og eg ein tur til Kolbeinsvarden. Søndag var det barnedåp, før vi køyrde den lange vegen heim.

Kart    

Tandetoppen

Dato:
21.05.2017
Kart    

Fusjeberget

Dato:
19.05.2017

Tur med Kristine på veg til Gausdal.

Kart    

Hamar

Dato:
17.05.2017
Distanse:
18,2km

Sykkeltur saman med Krisitne.

Kart    

Moldetur

Dato:
13.05.2017

Vi var invitert i konfirmasjonen til Ingrid i Molde denne helga. Kristine henta meg på skolen på fredag etter at eg var ferdig, og vi køyrde til Nygaard og plukka opp mamma og pappa. På Dombås tok vi ein matpause saman med onkel Laurits, tante Anne Grete og tante Sigrid. I Åndalsnes tok vi ein kjapp stopp for å strekke på beina. Laurdagen starta med konfirmasjon i kyrkja, før det vart middag på Skaret. Kaffe og kaker vart servert heime hos onkel Jan og tante Anne Marit. Etter ein lang og triveleg dag med mykje god mat og gode kaker, var det fristane med ein liten tur. Onkel Jan, Arne, pappa, Kristine og eg gjekk dermed ein tur opp på Hausen. Opp mot Hausen var det ein fin gapahuk, og det var fin utsikt på Hausen. Søndag drog vi i vegen ganske tidleg i retning Kristiansund. Vi følgde >>>

Sjugurdsjøpiggen og Pannhøe

Dato:
07.05.2017
Distanse:
15,5km

Kristine og eg åt ein litt sein frukost på Bessheim. Vi fann ut at vi skulle gå på Sjugurdsjøpiggen, så vi køyrde inn Murudalen, og parkerte ved Holsætrin, som ligg på om lag 820moh. Vi bar skiene til omtrent 900moh, der tok vi dei på, men snøen var gjennom rote og vi brøyt igjennom. Så på om lag 1000moh tok vi dei av igjen. Da bar vi skiene til vi var nesten heilt opp på Holsæterfjellet. Derifrå kunne vi for det meste gå på ski. Det var bratt og ganske hardt opp til Pannhøe. Ned i frå Vesttoppen bar vi skia nesten heilt ned i skardet mot Sjugurdsjøpiggen. Nesten nede i skardet kunne vi ta dei på igjen, og vi køyrde nedunder Sjugurdsjøpiggen, før vi tok oppover mot ryggen. Oppe på ryggen satt vi frå oss skiene og gjekk dei siste 90 høgdemetrane til fots. Ned at >>>

Kart    

Høgdebråtet og Tjønnholstind

Dato:
06.05.2017
Distanse:
21,9km

Kristine og eg køyrde tidleg frå Hamar til Valdresflya. Vi parkerte sør for Heimdalsmunnen og gjekk i vegen mot Høgdebrotet og Tjønnholstind. Vi kom litt lengre inn i Leirungsdalen enn vi hadde tenkt, og dermed vart oppstigninga til Steinflye noko bratt. Frå Steinflye følgde vi greitt det vanlege spore opp til toppen. På toppen av Høgdebrotet møtte vi Berit Flugstad med følgje, dei skulle også vidare mot Steinflytinden. Vidare mot Steinflytinden vart det svært bratt og ganske så hard snø, så det var litt ekkelt på langrennsski. Då vi kom opp på ryggen mot Steinflytind, og tilbake i solhellinga, vart det mykje betre. Der satt vi frå oss skia, og gjekk på føtene opp til Steinflytinden. Kristine og eg slo følgje med ei til og gjekk eit tråkk til Tjønnholstinden. På veg >>>

Kart    

Valdresflya

Dato:
01.05.2017
Distanse:
25,7km

Etter ein god frukost på Bessheim køyrde me oppover mot Valdresflya. Me parkerte like etter Heimdalsmunnen og gjekk i vegen i slak stigning mot Rasletind. Sola strålte og det var godt og varmt. Frå omtrent 1500moh økte brattleiken, og det var relativt tungt opp mot Øystre Rasletind. Det var mange folk og mykje spor overalt, men det er tydeleg at berre eit fåtal av turgåarane tar avstikkaren om Øystre. Nede igjen frå avstikkaren var me tilbake på E6 mot Rasletind. Flotte forhold heile vegen til Vestre Kalvehøgde, men det var tydeleg at mange tykkjer at det er langt nok å gå til Mugna. Det var veldig fint å køyre ned Steindalen frå Raslet.

Kart