Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Skitur frå Spjeldsjøen

Dato:
13.02.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
4:36t
Distanse:
38,7km

Skitur med Kristine. Strålande vêr, men sur nordavind. Litt kjedeleg terreng på deler av turen, skog og myr. Oppe ved Raudfjellet var løypane ganske attblåste, så det var tunge forhold.

Brumundkampen frå St.Olav

Dato:
06.02.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
3:02t
Distanse:
33,0km

Tur med Kristine. Strålande vêr, og ikkje for kaldt. Frå St. Olav gjekk vi ned til Tørbustilen. Derifrå gjekk vi om Haugsætra og Kjeltåsen til Brumundkampen. Like etter Målia skilla vi lag, Kristine gjekk til bilen på St. Olav medan eg gjekk til Gåsbu, der Kristine plukka meg opp. Fin tur.

Kart    

Målia frå Gåsbu

Dato:
03.02.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:21t
Distanse:
24,2km

Kveldstur med Kristine. Fint vêr, men kaldt, særleg ned frå Stenfjellet.

Kart    

Brumundkampen og Gitvola

Dato:
31.01.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:40t
Distanse:
22,7km

Hyggeleg besøk av mamma, pappa og tante Sigrid i dag. Mamma vart at i Tyrihans, medan vi andre drog til Brumundsetra og gjekk ein skitur. Flott vêr, og ein veldig fin tur.

Kart    

Skitur på Gåsbu

Dato:
30.01.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:52t
Distanse:
26,6km

Skitur med Kristine på Gåsbu. Vi gjekk om skistadion på Budor, og over Svaen og Hestfjellet til Appelsinhaugen. Derifrå via Lageråkvisla til Gåsbu. Flott vêr og flotte løyper.

Kart    

Skitur på Gåsbu

Dato:
29.01.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:33t
Distanse:
16,2km

Kveldstur med Kristine. Flott måne i kveld. Meir enn 20 kuldegrader, så det var bitande kaldt i nedoverbakkane. Som alltid bra skiløyper på Gåsbu.

Kart    

Skitur på Skei

Dato:
24.01.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:40t
Distanse:
23,5km

Skitur rundt om Sjøsætra og Bånsætra med Kristine og pappa. Flott tur.

Kart    

Målia frå Gåsbu

Dato:
19.01.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:47t
Distanse:
34,0km
Kart    

Brumundkampen og Brattberget

Dato:
16.01.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
4:10t
Distanse:
40,7km

Skitur med Kristine. Vi gjekk i frå St. Olav mot Målia, før Målia tok vi av løypa mot Brumundsetra. Derifrå opp til Brumundkampen. Vidare til Brattberget, litt brøyting til høgaste punkt her. Og så forbi Blåmyrkoia til Vollkoia, og opp til St. Olav. Fin runde i flott vêr. Kaldt, men fint å vere ute.

Kart    

Kollmyrkampen frå Gåsbu

Dato:
15.01.2021
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:51t
Distanse:
16,2km

Skitur med Kristine. Vi gjekk om Bårdsetra til Kollmyrkampen, og attende til parkeringa om Stenfjellhytta og Lageråkvisla. Fine løyper og flott lys.

Kart