Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter

Oppsalåsen, Åborsjøkampen og Tutrudkampen
- Dato:
- 13.06.2021
- Turtype:
- Fottur
Tre turar i Ringebu og Øyer med pappa og Kristine.
Den første turen gjekk til Oppsalåsen, eller Hemrumsvarden som ser ut til å vere det lokale namnet, i Fåvang. Vi kørde vegen innover mot Mjogdalen, og parkerte i vegkanten litt sør for turstart. Veldig fint råk oppover til toppen. På veg oppover var det eit lite punkt på Oppsalberga med flott utsikt, og høgt stup ned i Oppsaldalen. Oppe på toppen var det stor varde, og flott utsikt alle retninger. Vi gjekk same veg ned.
Den andre turen vart Åborsjøkampen ved Venabyga. Vi parkerte i vegkanten på Jønnhaltvegen. Derifrå gjekk vi på bra råk opp Vangkleiva til salen mellom Åborsjøkampen og den vesle nordtoppen, som vi oppretta. Til toppane var det ikkje råk, men greitt terreng å gå i. Overraskande flott utsikt på toppen.
Den >>>
Fire turar i Engerdal og Trysil
- Dato:
- 06.06.2021
- Turtype:
- Fjelltur
Vi vakna opp i bilen til strålande flott vêr. Etter frukost gjekk vi i vegen mot Veslfjellet frå der vi hadde overnatta. Typisk nok vart vêret meir overskya då vi gjekk i vegen. Turen opp til Veslfjellet var kort og fin, men litt tungt underlag.
Neste tur gjekk på Kvitvolaknappane . Stor parkeringsplass ved start, og flott råk heile vegen. På tur til Nordre Kvitvolaknappen oppretta vi Søndre Kvitvolaknappen, på turen attende følgde vi råket som gjekk på nedsida av Søndre. Flott utsikt mot Sølen på denne turen.
Dagens tredje tur vart Den brune høgda . Vi parkerte i vegkanten, og gjekk gjennom skogen til toppen. Overraskande lettgått terreng, men ingen høydare av ein tur.
Dagens fjerde, og siste, tur gjekk til Ulvsjøberget ved Vestby. Her var det igjen fint råk. Godt merka turstart. >>>
Elgåhogna og Herbensen
- Dato:
- 05.06.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 15,9km
Etter frukost i sola ved Blokkodden villmarksmuseum, køyrde vi inn til parkeringa ved Elgåhogna. Derifrå gjekk vi på vegen opp til Hammarvollen, og så på godt råk vidare oppover til Elgåhogna. Dei siste 150 høgdemetrane gjekk vi i ura utan råk, men fin ur å gå i. Flott utsikt på toppen.
Vi vart einige om å ta med Storslåga, så da gjekk vi til Elgåhogna sør. Ned derifrå fann vi ei snørenne vi kunne skli ned frå litt over 1300moh og ned i skaret på 1200moh. Vidare var det fint å gå til Storslåga.
Vi hadde snakka litt om beste rute ned at frå Storslåga, om det var å gå attende mot råket, eller å gå rett ned og følgje vegen til bilen. Vi val det første, og det vart eit fint alternativ. Stort sett lettgått og fint, men litt kjedeleg terreng rett før vi kom inn på >>>
Skagsvola og Sæteråsen i Trysil
- Dato:
- 04.06.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 8,3km
Ny helgetur oppover Østerdalen, denne helga var Elgåhogna ved Femunden det store målet. På veg oppover på fredag vart det to turstopp i Trysil.
Den første turen var ein kort tur på grusveg, til den vesle toppen Sæteråsen ved Trysil flyplass og motorbane. Vi parkerte i krysset rett etter hovedvegen da vegen vidare inn var stengd med bom. Turen vart på 3,7 km, 110 hm og 44 minuttar.
Neste tur gjekk til Skagsvola. Turen vart prega av at streiken til Kristine vart avlyst, og at ho derfor måtte planleggje ein del undervisning til måndag på teams og telefon. Men ein skikkeleg flott tur var det.
Etter turen køyrde vi vidare mot Femunden, og fann ein fin plass til overnatting mellom Engerdalssetra og Drevsjø.
Turar i Engerdal og Trysil på køyretur frå Isteren til Gåsbu
- Dato:
- 30.05.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 8,9km
Tur 1: Bårn i Engerdal: 8,9 km - 439 hm - 3 t 21 min
Tur 2: Galtåsen i Engerdal: 8,3 km - 320 hm - 1 t 42 min
Tur 3: Volgnollen i Trysil: 3,4 km - 119 hm - 53 min
Tur 4: Vardlia i Trysil: 5,5 km - 256 hm - 1 t 17 min
Turen til Bårn
Vi gjekk i vegen frå der vi overnatta i bilen. Vi følgde vegen innover, før vi gjekk oppover i terrenget. Greitt og fint terreng å gå i, vi var forberedt på at det skulle vere meir kronglete. Fin utsikt på Rokampen.
Vidare fortsatte det å vere fint å gå opp til Bårn. Vêret var strålande flott og kolossalt varmt. Veldig flott utsikt på Bårn, ein overraskande flott tur eigentleg. På veg ned tok eg eit lite bad i vatnet på om lag 920moh.
Turen til Galtåsen
Dagens andre tur gjekk til Galtåsen. Vi parkerte ved Galten gård, gjekk hundre meter nordover på >>>
Gloføken
- Dato:
- 29.05.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 15,0km
Vi vakna opp til strålande flott og varmt vêr laurdag morgon. Vi drog nordover mot Johnsgård ved Langsjøen, og åt frukost ved Isterfossen.
Vi parkerte på ein liten parkeringsplassen i Gloføklia vest. Derifrå gjekk vi vegen til Gjotsetra. Planen var å gå i terrenget opp til Gloføken derifrå. Det var blautt til å byrje med, men så var vi heldige og kom inn på eit råk. Det kunne vi følgje eit godt stykke oppover, før det byrja å gå i feil retning. Vidare var det fint å gå i terrenget oppover. Vi hadde ein lang og god pause på veg oppover, og vi satt ei god stund på toppen av Gloføken og nøyt sola, varmen og den flotte utsikta.
Vidare gjekk vi over Søre Gloføken og Nordvest for Gloføkkampen til Gloføkkampen. Skikkeleg flott turterreng her. Like nedunder Nordvest for >>>
Grimsåsen i Trysil og Svarthammaren i Engerdal
- Dato:
- 28.05.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 7,9km
Helgetur nordover Østerdalen med Kristine. Vi drog frå Gåsbu etter jobb på fredag, Gloføken i Engerdal var helgas mål.
Første stopp på vegen vart i Trysil sentrum. Der gjekk vi på kombinert stolpejakt og topptur på Grimsåsen. Flott råk opp til toppen. Litt utsikt ein stad undervegs, men ikkje noko utsikt frå toppen. Veldig varmt og godt vêr.
Vidare hadde vi tenkt til å gå gå Skagsvola, men der var vegen opp til parkeringa stengd med låst bom. Da vart det å finne ein annan tur, og valet fall på Svarthammaren i Engerdal Østfjell.
Opp til Svarthammaren gjekk vi på bra råk, men det var veldig blautt. Det låg framleis ein del snø i terrenget, så det var kjekt å ha fjellstøvler. Vêret var framleis fint, men det var mykje kaldere. Det var sur vind, og jakka og lue vart tatt >>>
Vålertoppar og stengd bom
- Dato:
- 22.05.2021
- Turtype:
- Fottur
Tur saman med Kristine til Våler. Sjå rapporten til Kristine.
Stolpejakt i Våler
- Dato:
- 16.05.2021
Tur til Våler i Solør for å gå på stolpejakt med Kristine.
Det vart tre turar på stolpejakt denne dagen. Første tur vart ved hoppbakken på Gjerdrumsberget. Turen starta tungt oppover hoppbakken, og det vart mykje terreng opp til toppen av berget.
Andre tur vart ein liten tur i Våler sentrum for å ta stolpane der. Vi fekk ikkje tatt alle stolpane da Glomma var flaumstor, og vi ikkje hadde lyst til å vasse på gangvegen.
Tredje og siste tur vart på Strætåsen. Veldig bra stinett der, men på grunn av stolpane gjekk vi også ein del i terrenget.