Dukhornet (17.04.2019)


Startsted Bakkedalen (315moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 4t 30min
Distanse 8,5km
Høydemeter 1100m
GPS
Bestigninger Dukhornet (1411moh) 17.04.2019 13:17
Andre besøkte PBE'er Bakkedalen p-lomme (315moh) 17.04.2019 10:22

- Fjordidyll

Onsdagen i påskeveka planla vi tur til Dukhornet, ved Bakkedalen innst i Hjørundfjorden. Marius sleit med ei forkjøling og søv nokre timar ekstra på hytta medan vi andre var på tur.

Ingen av oss hadde køyrd Skjåstaddalen eller vore i bygdene innst i Hjørundfjorden før. Det var i seg sjølv ei mektig oppleving på slik ein fin vårdag.

Karakteristiske Jakta sett i frå Finnes, der setervegen til Bakkedalen tek opp.
Karakteristiske Jakta sett i frå Finnes, der setervegen til Bakkedalen tek opp.

Sola vermde godt då vi starta på bilvegen oppi Bakkedalen. Der vegen er i ferd med å kome opp i dalen sette vi frå oss bilen, og det vart ein halvtime med skibering fordelt på 150 høgdemeter. Vi var litt vel utolmodige med å kome oss på snø, så det var noko kronglete skog i starten. Vi hadde nok tent på å følge råsa litt lenger.

Fjordidyll. Skogen har åpna seg, sola varmer og fjorden ligg blank under kvite tindar.

Det er ein lang bakke opp til Dukhornet, men vi naut det i vårsola. Ei lita handfull til på tur her denne dagen.

Fjellsida har ein del formasjonar, og både opp- og nedturen kan difor gjerast variert.

Etterkvart dukka andre fjell også opp over horisonten.

Vinden kom og gjekk litt, men på ein lun plass tok vi matpause.

Ståande bufé?

Det var lagt eit fint spor av tidlegare turgåarar.

Oppe på toppen var utsikta fin. Saudehornet, Vassdalstinden, Kolåstinden og Molladalstindane stikk seg fram.

Med kurs for fjorden.

Nedturen baud stort sett på soltina vårsnø med god glid. Jonas og eg brukte litt tid på fotografering nedover med varierande hell.

Etterkvart sikta vi oss inn på stien, og sleppte unna litt skogbaksing.

Tilbake ved fjorden. Finnes, ei av dei sjarmerande bygdene her inst i Hjørundfjorden.
Tilbake ved fjorden. Finnes, ei av dei sjarmerande bygdene her inst i Hjørundfjorden.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.