Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Gråhø
- Dato:
- 09.08.2015
Gråhøtur. Startpunkt: Nysetra Valde lågsko på denne turen. Det viste seg å være ein bommert etter berre eit par hundre meter. Sidan vart det verre. Kjørr, mygg, myr, klegg, knott, fluer, tett bjørkeskog og manglande råk gjorde turen svært minneverdig. Kan trygt erklære Skåbu som staden Gud gløymde og Fanden forlot på grunn av all udotten. Anbefaler eventuelt andre ekspedisjonar til Gråhø å byrje frå Murudalsetrin. Vil heller gjennomgå dei evige pinsler i niande sirkel til Dantes Inferno enn å opphalde meg eit minutt meir i den lia. Insektangrep i det myrhe***te kan fjerne meir vekt frå ein stakkar på fem minutt enn kvakksalvarkurane til Grete Roede, Fedon Lindberg og Dr. Atkins klarer på eit heilt år. Enda bra det snart er vinter att.
Mont Blanc Bom
- Dato:
- 27.07.2015
Det hendte i dei dagar at det gjekk ut bod frå Høvding Ask på Gjøvik til Arne på Rena, Krokfot i Dalanes Dal, Morten på Fagernes og Øyvind i Drammen om at det skulle skrivast inn i manntalet på Mont Blanc. Men for å gjere ei kjapp historie stutt, etter endt akklimatisering vart dei fem vise menn samla i Chamonix.
Bodstikka gjekk og ryktet sa at normalruta på Mont Blanc var stengt på grunn av rasfare i Grand Couloir.
Stemninga var dyster men Øyvind tok grep og prata varmt, lenge og lengselsfult om Gran Paradiso som alternativ tur. Morten tok over og prata enda lengre og varmare om Dufourspitze. Mange andre forslag vart også lansert. Forslag med høg pf og stor status som fellesfaktor.
Til slutt reiste eg meg og tok ordet. "Folkens, vi veit alle at sånne åtvaringar berre gjeld >>>
