Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Volda pf 100 komplett: Blåhornet

Dato:
10.09.2017

Gråværssøndag, men ikkje meldt meir regn enn at eg fekk med meg Kvalshagen (Trygve Kvalsund Norhagen) til Straumshamn og ei runde frå Botnasetra. Gjekk stien mot Keipen og Heida eit stykke før vi traverserte bort mot Sulvatnet og gjekk over Holtane som står på Volda pf30-lista. Vidare ei bue opp mot Sæterhornet vest og Sæterhornet før den siste bakken opp til dagens hovudmål Blåhornet som også var min siste topp på Volda pf 100-lista. Har spart ei stund på denne sidan det er kjekt med noko ugjort i nærområdet. Gjekk ned skaret mellom Blåhornet og Tverrelvhornet til Jolgrøsvatnet og gjekk austsida til osen. Stilaust og litt sleipt nokre stader, men ikkje dei store vanskane. Såg ikkje umiddelbart nokon sti langs elva og gjekk stilaust ned lauvskogen til vatnet. Godt mulig her er betre løysingar på den returen.

Kart    

Ørsta: Blæja og Lisjenibba

Dato:
08.09.2017
Kart    

Sande: Sandsøya rundt

Dato:
07.09.2017
Kart    

Vanylven/Volda: Vikesandfjellet og Blåhamrehornet

Dato:
06.09.2017

Værmeldingane holdt stikk og det var grått og regn frå morgon av, medan det letta litt utover dagen. Såg til nokre dyr på Lauvstad for fattern og fann ut at Vikesandfjellet som er ein pf100-topp i Vanylven var like grei å nå frå Dravlausdalen som å køyre rundt og gå kortare, men brattare opp. Sidan eg også hadde ein Volda pf30 ståande igjen i nærleiken var dette ei fin anledning til ei rolig runde i bra haustvær. Eg kjørte til Gamlestøylen der det er rås vidare til ein er nesten forbi tregrensa, uansett i rimeleg ope terreng som kan være vått. Klassisk torv/myrlendt terreng som ein fikk mykje av i Vanylven. Resten av runda ga seg sjølv og med eit blikk på kartet i pb-appen var det lett å finne att råsa også.

Ørsta: Risenosa

Dato:
04.09.2017

Sidan Kvalshagen (Trygve Kvalsund Norhagen) var tidlig ferdig på jobb opna moglegheita seg for ein ettermiddagstur på Risenosa. Litt skeptisk til oppgangen med småbjørk, bregner og vier etter å ha lest diverse turrapportar, men det gjekk over all forventning. Frå setra gjekk vi for ei renne som fører opp litt vest for Risenosa SØ2. Her slapp vi unna det aller, aller meste av uønska vegetasjon og det var greit å ta seg fram. Vi gjekk "normalvegen" nedatt og her var det ikke like triveleg sjølv om det gjekk greit å kome seg nedover bregnemarka og nokre få belter med bjørk.

Skodje: Småtoppar

Dato:
03.09.2017
Kart    

Stranda: Båsenibba, Sætrenibba

Dato:
02.09.2017

Kjapp laurdagstur sidan eg ikkje kom meg avgarde før ettermiddagen og eg vil ha litt saft i beina til komande dagar med flott ver. Parkerte ved den store parkeringsplassen ved Herdalen og fulgte postvegen til eg såg nokre trakk som tok av mot venstre litt før råsa på kartet var merka inn. Fulgte denne opp til skaret mellom Kjerringane og Timbjørgheiane. Raskt oppom høgste Kjerring før eg fulgte egga tilbake over heiane og til Båsenibba som hadde ein meget flott varde litt nedanfor toppen. Frå foten av Båsenibba fulgte eg svak men tydelig rås på fjordsida av vatnet og sidan opp i skaret på vestsida av toppen på Sætrenibba. Her kom eg innpå råsa som kom opp frå postvegen og då var det kjapt gjort både til topps og nedatt på vegen.

Kart    

Skodje: Merafta ++

Dato:
30.08.2017

Hadde egentlig tenkt meg på Merafta pluss tre småtoppar i kveld, men det vart med Merafta +2. Litt av grunnen var at eg kom seinare avgarde enn planlagt, men også en del misvisande info på kartet. Meir om det lenger nede. 1.På Merafta gjekk alt som planlagt. Parkering ved Gudmundset p-lomme ved bommen og greit merka til topps. 2. Vidare til Nedre Haugtua p-plass der skilt gjorde merksam på at køyring vidare oppetter vegen var forbode medmindre det var til eigedomar. Så den andre parkeringa som er merkt av med klikkbar "P" på kartet er dermed ikkje brukandes om ein ikkje vil risikere bot. Nokre ekstra høgdemeter har eg berre godt av, men skjønte då at det kunne bli knapt med tid før mørket om eg skulle rekke over alt eg hadde planar om ;) 3. Utvikfjellet. Her er det merka >>>

Kart    

Sykkylven: Sandvikshornet og Søvikhornet

Dato:
29.08.2017

Parkerte ved hovedvegen på Løset og fulgte grusvegen oppover til råsa startar frå venstre side av vegen mot setra. Veldig flott sti gjennom skog og utmark som har firbeinte beitepussarar som kan jobben sin. Bra sti heile vegen til Sandvikshornet, men på veg nedatt er det lett å gå av om ein har litt fart, så tipset er å heile tida halde litt mot dalen. Eg skulle ta ein snarveg og følge ei hjorterås som hadde retning mot høgste delen av passet. Det verka smart, men det viste seg at råsa mot Søvikhornet startar litt før høgste punkt, så eg fekk meg ein bomtur mot setra. Der var det dog meeeget flott og fotogent, så sjølv om eg mista siste ferga i Hundeidvika var det ikkje heilt bortkasta. Når eg fann råsa til Søvikhornet gjekk det kjapt unna, men her er det mange hjorteråser >>>

Kart    

Vanylven: Nystøylhornet

Dato:
28.08.2017

Mandagstrim 2/3 Hadde heldigvis rikeleg med skift med i bilen sidan mistanken om ei bløyte var stor. Ofra ein genser og satte avgarde utan både jakke og rumpetaske, dette ville bli blautt uansett og lite sjanse for drikkepauser eller at jakka heldt meg tørr. Surare enn på Lisjekrokhornet og sjølv om det som alltid var godt merka og arbeid med plankestigar over dei verste myrhola er godt igang. Været fordra tempo så det gjekk greit unna i dårlig sikt. Bomvegen kostar 30kr og køyr heilt til bom sjølv om du ser eit skilt med "Nystøylhornet" på, stien startar ikkje før godt etter bommen likevel.

Kart