Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Øvre Salen

Dato:
28.04.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
9,9km

Fin tur til Øvre Salen med Yngve, mann til mi niese Mari. Vi som har hytter på Smeddalen, har gått mange gonger til Salen, som vi lokale kallar den fyrste og mest markerte toppen. Det er også til denne 99 % går. Og frå denne toppen er det kontinuerleg renn nedatt til brua over Smedals-osen. No er denne toppen vorte eit eldorado for hyttefolket på Filefjell som vil ha fin randonee-tur. Det kan vere verd å merke seg, at skal du på Øvre salen, og rette toppen på fjellet, så må du gå i sørvestleg retning. Litt ned og opp, småkuppert, og ca. 15 minuttar så er du på Øvre Salen, 1588 moh. Dei fleste som er på Salen, er alså på toppen Nordaust for Øvre Salen, på 1567 moh.

Kart    

Stora Grånosi

Dato:
15.04.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
9,6km

Frå Vardahaug med Marita.

Kart    

Såta

Dato:
12.04.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
11,2km

Var lysten på ein topptur etter arbeid, og valde Såta. Berre 10 min i bilen opp i Erdal. Gikk over hengebrua til Mork, og følde stien mot Nyborg. Etter 20 min vurderte eg å snu, då snøen var relativt djup, og eg trødde i gjennom. Angra på at eg ikkje plukka med trugene som tenkt. Fekk prøve litt til, og det vart betre etter kvart, med harde trugespor som bar. Ei stund. Det vart verre att lenger oppi. Fekk på Randoskia på om lag 780 moh. og då gikk det som ein leik oppover. Ei ny oppleving å komme til Nyborg på ski. Innover Tjørnadalen steig det lett og jamn, men med kraftig vind i mot. Det var avblæse, og lite fok. Ingen problem å halde fram mot toppen. La ruta på hyller oppover som det naturleg gav seg etter kvart. Ikkje bratt eller vanskeleg då. På toppen vart eg møtt >>>

Smeddalsnosi

Dato:
01.04.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
7,0km

Randonee-tur til Smeddalsnosi med Yngve.

Kart    

Raudbergnuten

Dato:
30.03.2018
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
35,0km

Nydeleg fjellskitur med Lærdal turlag på langfredag i eit fantastisk vér. I alt 15 deltakarar stilte ved Breistølen fjellstove kl. 09:45. Litt sur sno ved start. Straks inn i Stardalsgjelet gav vinden seg, og var lite til plage resten av dagen. Fyrste rast ved Starsjøen, og andre ved Bjordalsbu. Her valde 6 av turfylgjet å returnere. Til Bjordalsbu t/r er ein betydeleg tur på ca. 25 km t/r. I dag var det folk i mellom 10 og 20, i 30, 40, 50 og 60-åra. Kjekt når det er folk i alle aldra på fellestur :) Ni av oss gikk så over Bjordalsvatn, og opp til toppunktet på Raudbergnuten, grensefjell for Lærdal, Hemsedal og Ål. Veldig fin og jamn stigning opp til toppen. Utsikta her var formidabel i alle retningar. Etter litt foto var det å gli nedatt til Bjordalsbu for ein liten rast om >>>

Kart    

Stora Grånosi

Dato:
28.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
8,5km

Besøkte Stora Grånosi for andre gong. Toppen ligg lett tilgjengeleg som skitur frå Vardahaug, 12 km opp Erdalen, og ca. 15 min. biltur frå Lærdal. Utsikta er formidabel. Her får ein 360-panorama med høge vestlandsfjell, alpine toppar, fjordlandskap, mjuke snøvidder, djupe brebotnar. Ja, alt i ei pakke. Sjølv om nabotoppen Bleia av mange blir rekna for toppen med stor T i området, er dette min favoritt når det gjeld utsikt. Tek du ferja Fodnes - Manheller, er det denne toppen du ser inst i Vindedalen mot sør. Denne toppen må du prøve. Med randoné-utstyr var det svært moro nedatt. Stakefri retur i laussnø med gode svingar :)

Kart    

Kjølbergtinden

Dato:
27.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
9,4km

Ein må stadig utforske nytt terreng, og sett bort frå dei fyrste 500 meterane, hadde eg ikkje gått her før. Det var nydeleg skiføre, og sol frå skyfri himmel. Inn dalen, og om lag i 20 minuttar, var det litt tak i motvinden. Det løya då eg kom opp til 1475 vatnet. Brukte toppturskia i dag, då eg såg føre meg eit par fine nedkøyringar. Det fungerte fint. Valde å skøyte over 1475 vatnet på returen, i staden for feller på. Turen hadde fungert veldig fint på fjellski også. Det var ein del folk ute i terrenget, såg tre grupper, ma. to spreke hundar som måtte helse på meg. Nokon valde å gå opp 1390 toppen under Eldrevassbergi, og køyrde den brattaste linja ned. Eg trur dei tok fleire turar :) Tre fine nedkøyringar på returen, der ein kunne lage fine svingar. Nydeleg dag i >>>

Kart    

Skjeltrene

Dato:
13.03.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
9,6km

Lysare kveldar, og eg rakk ein topptur etter arbeid. Avspasserte ein halvtime, og køyrde til Filefjell. Det vart ein fantastisk tur. 15 - 20 cm pudder, så litt tungt opp i skogen. Heilt urørt terreng etter nyleg snøfall. Stille. Eg gikk rundt toppen, til Grønevatn, og opp på baksida, då eg rekna det for tryggast. Sola skein, sett bort frå når eg runda fjellet på austsida, og kom i skuggen. Men eg nådde att sola då eg nærma meg toppen. Fekk med ein solnedgang på veg opp. Himmelsk. Var nede att i bilen i skumringa, og fekk slik sett med det flotte raude lyset som avsluttar dagen.

Kart    

Rjupeskareggen

Dato:
21.01.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
14,0km

Fin skitur på Randonè frå Smeddalsosen til Rjupeskardseggi saman med Marita. Småkalde minus 23 når vi starta litt etter kl 11. Sola skein fint i bjørkeskogen i 15 cm pudder. Idyllisk. Ein får fort opp varmen i bratta og djupsnø. Vi gikk inn Gravfonnbotn, men dreia nord, og gikk opp mellom Smeddalsbergi og Smeddalsnosi. Årsaka var at vi vurderte ruta rett opp i Kviesjøen, som litt rasutsett slik forholda var. Det har komme mykje snø som ikkje har botte seg, og det var ein viss fare for flakskred. I det vi gikk opp, såg vi eit følgje på 8 personar på veg mot Salen, på andre sida av Gravfonnbotn. Vi tok med Smedalsnosi som toppbesøk, før vi sigla ned på Kviesjøen. Tok ikkje av fellene her. Så var det transportetappa over Kviesjøen, ca. 20 min. Det vart no å finne ei fin rute >>>

Kart    

Breistølfjellet

Dato:
06.01.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
8,7km

Fin skitur på Randonee frå Breistølen fjellstove til Breistølfjellet. Nytt område for meg. Følde DNT-løypa fyrste halvtimen. Tok så høgdene raskt, og kom inn dalføret. Jamn stigning til topps. Bratt nok til å køyre dailege S-ar ned frå toppunktet (sjølv om det var ei kort økt). Litt flatt på nokon få strekk på returen, som medførte ca. 100 m x 2 med staking. Men også eit bratt morosamt parti. Min andre tur med Randonee, og Lærdalstopp nr. 30. Det kan godt bli brattare. Naturen og lyset var fantastisk i dag. Januarsol som kom og gikk. Fin dag :)

Kart