Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (364)
-
Skitur (113)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (70)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Skøddetindar
- Dato:
- 01.04.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 31,7km
Skøddetindar i dag. Fantastisk fint fjellområde å gå skitur i. Litt tøffe forhold med bra trøkk i vinden i dag. Føret var og litt vanskeleg. Hard skare og fokksnø. Greitt i løypeområde. Då vi skulle på Tverrfjellet Vest gjorde eg ein bommert. Vi trudde neste topp var toppen, og snudde då det var hard is i traseen på skrå mot Tverrfjellet. Men vi skulle da på Tverrfjellet Vest, nærare oss. Kunne berre gå få 100 meter tilbake, og lett opp ca. 140 høgdemeter. Blei lurt av at kartet i appen falt ut ved zoom, og at teksten var plasser langt mot aust. Ja-ja, blir ny tur eit anna år da. Då bar det tilbake, og U-sving oppover til Skøddetindane. Flott utsikt, særleg frå Vestre. Fint å sigle ned frå toppen i DNT-løypa som i motsatt veg går mot Kjåen i Hemsedal. Kjekt turfølge >>>
Slettind
- Dato:
- 27.03.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 5,4km
Skitur med Sigmund. Mykje nytta Randonee-topp frå fylkesgrensa på Hemsedalsfjellet. God trim opp, og delvis fin køyring nedatt.
Varhovdtinden og Børrenøse.
- Dato:
- 13.03.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 16,6km
Nydeleg ver etter ein periode med ruske. Og når vi då hadde fått 2 x 5 cm nysnø siste dagane, så lova det godt for langtur inni fjellheimen frå Filefjell. Plan var Skoddetind, og kanskje eit par 100 pm. i tillegg. Godt oppi alpinløypa oppdaga eg at sekken låg att i bilen. Svarte also. Snu ? Nei etter nesten 20 minuttar og med det hardaste slitet, freista det ikkje nedatt, og påan igjen. Så då måtte eg re-organisere dagens planar. Topptur skulle det bli. Så uten mat og utan reserveklede, bestemte eg meg for Varhovdtinden. Då går ein i oppkøyrte løyper og der det er folk, for det meste. Veldig fint området ved Vardhovdflenene. Stoppa der, og skua innover det som var dagens eigentlege mål, Skoddetinden. Såg at det var gode skuterspor innover der, og folk på veg oppover inni >>>
Kyrkjenøse
- Dato:
- 07.03.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 4,2km
Som lokalkjendt i mykje av fjellområda på Filefjell, har eg likevel aldri gått opp ved St. Thomaskyrkja på Kyrkjestølane. Så då vart det opp derifrå i dag. Det hadde blæse storm i går og natt, så føret var ikkje topp. Hard skare opp lia. Betre når eg nådde stikka til Dnt-løypa mot Sletningbu, då det flata ut. Følgde skuterspor og stikkene til litt før bandet. Skrådde opp mot toppen på is. Det var såpass lite bratt, at det gikk å stampe stålkantane til feste. Fann ei grei rute, og snart flata det ut. Fin utsikt frå toppen. Ved å gå litt frampå 10 meter frå varden, såg eg ned att til hyttene og vegen ved Kyrkjestølane. Eg var litt spent nedatt, om det braut nokon stad der det var skare. Ein stad braut det litt. Ispartia var greie, då stålkantane tek godt feste >>>
Slettind
- Dato:
- 14.02.2021
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 5,5km
Fin Randonee-tur frå fylkesgrensa ved Eldrevatnet. Her er det kort transport til fjellfoten, og ganske jamn stigning til topps. Bratt nok til at det var moro på returen. Fin laussnø, og fekk inn nokre lange gode svingar. Ein del folk i traseen. Såg ca. 10 - 12 på den kjappe turen. Ruta ligg på grensa til Hemsedal og Lærdal. Her kan ein etter kvart greie ettermiddags-tur frå Lærdal. For den som er relativt ny på Randonee, og bur i nærleiken, er dette ein fin tur. Prøv gjerne fleire varianter av nedkøyringar. Ved val av rett trasee, bør det vere trygt med tanke på rasfare. Ein må sjølvsagt gjere sine vurderingar. På vestsida av Eldrevatnet finn ein Breistølfjellet, ein annan mykje nytta rando-topp i Lærdal. Den skal eg prøve normalruta av seinare i vinter.
Bleia i Borgund. Frå Eldrevatnet.
- Dato:
- 24.01.2021
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 19,1km
Fantastisk å komme seg på topptur i kalde januar. Eg fekk henge med Finn og Rolf i dag, på fjellskitur frå Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet. Bleia var nemnt som mogeleg turmål. Ja om det ikkje vart vurdert for stor rasfare, på utsatte punkt. Og viss det ikkje vart for mykje tung laussnø. Tida var også ein faktor her, då dagen er kort enno.
Litt før kl 11 kom vi av garde frå parkeringa. Fint skiføre og gode spor i starten, inn mot Ulvehaugen. Vidare laga vi våre eigne spor. Fint skiføre, og etter kvart kom vi høgt nok til å få sol. Godt med nysnø, litt tungt innimellom, men mest berre vakkert. Litt gjennomslag til stein i det bratte partiet opp foten av fjellet. Så vidare flatt, og litt ned. Så måtte vi vurdere rutevalg med tanke på rasfare. Vi hadde alt høyrt drønn, der >>>
Galden
- Dato:
- 29.11.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 5,7km
Årets andre på ski, og fyrste på Randonee. I går blei det 15 km langrennstur i løyper på andre sida av Tyin-vatnet. I dag fekk eg med min kjære på topptur. Parkerte på Tyinstølen. Systemet med betaling via SMS fungerte ikkje. Vipps neste ? Det ser bratt ut opp frå Tyinstølen, men det lagar seg fint. Min fyrste tur her. Sidan det var minimalt med snø, måtte ruta velgjast deretter. Gikk difor litt høgare i terrenget enn «normalt». Ville unngå vatnet. Flanken mot Galden vart litt Berg- og dalbane. Men vi fann ei grei rute. Svær fin utsikt frå toppen, særleg mot Vang, der det var klarvær og raudskin.
Vi la retur med hensikt bortetter ryggen. Variasjon er kjekt. Det blei litt bratt nedatt frå dette fjellet, men vi fann greie hyller. I skråkøyringa då vi nærma oss sporet >>>
Blåskavlen II
- Dato:
- 14.06.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 13,0km
Då vart det den andre turen til Blåskavlen på ei veke. Fantastisk. Onsdag spontant tur med Lærdal turlag der vi var 10 stk. I dag saman med Yngve, mann til niesa mi. Fin gange innover med småkneikar, som ein kunne gå rett opp. På toppen tok vi oss tid, sette oss i ly 100 meter nedanfor varden. Såg ein flik av Aurlandsfjorden, pluss fantastisk fjordlandskap. og panoramaet her oppe er veldig flott. Tilbake til varden møtte vi tre kvinner som hadde gått frå Aurland-sida, opp flanken ved Prest. Lettkuppert, og tre gode nedkøyringar på returen, der vi tok ein flanke i retning mot Kvammadalen, og fekk nokre gode svingar pluss. Då vart det litt meir jabbing motbakke, med det er god valuta. Finfin tur med Yngve.
Snøvegen og Tissedalsvarden
- Dato:
- 13.06.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 12,9km
Fin sommarskitur med Lærdal turlag. Turen var utsett frå tidlegare grunna dårleg vêr. Heile 14 glade skifolk vart med på denne rolege fine turen langt uti juni. Veldig kjekt. Til og med kjønnsbalansen var lik med sju av kvar. Snøvegen i Lærdal bør bli kjend for fleire. Dette fjellet har mykje snø, og det er fort å komme seg opp i 1300 meters høgd over havet, både frå Lærdal og Aurland. Terrenget innover var lettkupert og flott. Vi tok rast i ly av ein haug. Vinden var merkbar i dag, og det einaste som mangla på heilt perfekt tur. Etter kvart kjem ein inn til Tissedalsvatnet, så tek ein opp i litt meir nordleg retning. Svak stigning i fin boge. Fin nesten flate innover, til ein står ved den store varden. Denne varden er perfekt, stor med ein svak vinkel ut, som ein pokal. Så >>>
Blåskavlen
- Dato:
- 10.06.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 13,0km
Lærdal turlag arrangerte spontan-tur via Facebook dagen før. Vi var 8 i følgje, pluss to som kom etter avtale litt etterpå. Det var lagt opp til å gå frå Trollahaug 1250 moh. Denne ruta var ny for meg, då vi pleier gå frå Modlaugsbotn om vinteren. Om sommaren går vi til vanleg frå høgaste pkt. på fjellevegen (ved Jonsnosi), og opp sjølve brea Blåskavlen. Det var svært greitt terreng å gå opp i frå Trollahaug, med Hornsnipa til høgre for oss. Om lag 6 1/2 km kvar veg fordelt på 614 høgdemeter. Det er heilt fantastisk å kunne køyre bil i 25 minutt, for så å spenne på seg skia, og dette 10. juni. Ein særs snørik vinter hjelper på, men denne fjellovergangen er kalla "Snøvegen" av ei årsak. Tidlegare har eg gått til Blåskavlen 1. juli, utan å ta av >>>
