Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Rundemannen

Dato:
26.03.2024
Turtype:
Løpetur
Distanse:
12,2km

Morgon-tur opp mot Fløyen, og innover fjellet. Blå himmel då eg gikk ut døra frå hotellet, men skyer på veg inn. Fin tur oppover, men litt forbi Fløyen kom det snø-vèr. Det var no berre artig, då det gav seg fort. Så greie forhold å gå heilt til masta, og ikkje glatt på vegen. Hadde byrja på tur vidare til neste "fjell", men ombestemte meg, då eg måtte sjekke ut innan kl. 12.

Kart    

Amlaholten

Dato:
12.11.2023
Turtype:
Løpetur
Distanse:
4,9km

Når ein fyrst er i siget. Tok av mot Festingdalen i staden for å køyre gjennom tunnelen, og rett ned på ferjekaien. Parkerte ved stistart. Her er plass til 6-8 bilar. Har gått denne runden tre gonger tidlegare. Ved sidan av meg laga ein jæger seg til. Eg sa kor eg tenkte å gå, og spurde om det vart problematisk. Vi lyt dele på området, var hans gode svar. Vekselsvis gikk eg raskt, og småsprang på traktorveg innover. Den blir noko smalare ATV-veg etter kvart. Siste stykke opp mot toppen er «små-klyvete». Oppe på toppen er nydeleg utsikt mot Bleia, og ut fjorden mot flotte fjell over Aurlandsfjorden. Litt for store bartre tek noko av denne utsikta. Heldt fram på brei sti, og etter kvart traktorveg nedatt. Fin rund-tur.

Kart    

Klantenovi 0723

Dato:
20.07.2023
Turtype:
Løpetur
Distanse:
4,0km
Kart    

Lisbetnøbbi ved Gol

Dato:
26.05.2023
Turtype:
Løpetur
Distanse:
6,0km

Ein liten pause i bubilkøyringa til austlandet. Nytta tida godt til ein kjapp tur. Fint område ved skule og idrettsanlegg. Diskgolf, sykkelløype og stiar. Golingane har høve til rekreasjon i nærområdet til sentrum.

Kart    

Klantenovi 12

Dato:
14.12.2022
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
0:45t
Distanse:
3,9km

Målet om ein tur til Klantenovi kvar måned i 2022 nådd. Eg går ulike ruter her innimellom. No blei det litt systematikk. Ved å gå opp til topp-punktet, ein gong kvar månad, sikra eg meg 1440 ekstra meter primerfaktor. Avstikkaren frå stien over Klanten er 200 meter bort til topp-punktet. Overkommeleg �.Mobil utan dekning i dag. Ikkje gps-spor, sidan eg sletta PB-app i forsøk på å få den i drift. Den fann ikkje posisjon og kart.

Klantenovi 11

Dato:
05.11.2022
Turtype:
Løpetur
Distanse:
4,0km

November-turen til Klantenovi, i årets månads-prosjekt. Av det lette slaget, må leggast til. Men… topp er topp. No er det verkeleg haust, med mørkebrune løv på stien som hovud-ingrediens.

Kart    

Klantenovi 8

Dato:
29.08.2022
Turtype:
Løpetur
Distanse:
3,7km
Kart    

Klantenovi 7

Dato:
27.07.2022
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
0:38t
Distanse:
4,0km

Månadens tur til Klantenovi. 37:55. Går raskere no :)

Kart    

Årdalsåsen

Dato:
29.06.2022
Turtype:
Løpetur
Distanse:
15,5km

Liten topptur under ferieopphold i Porsgrunn. Med anmarsj gjennom byen blei turen faktisk 15,5 km, og nesten tre timar.

Kart    

Porsgrunn

Dato:
26.06.2022
Turtype:
Løpetur
Distanse:
11,1km

Litt gå og jogging rundt om, i eit område av Porsgrunn. Er på feriebesøk hjå sønnen til Marita. Må innom dei raude og grøne nålene, når ein fyrst er i farta.

Kart