Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (336)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Skjeltrene randonee
- Dato:
- 04.02.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 6,1km
Eeeendeleg. Etter 40 dagar utan trening, grunna kraftig koronasjukdom frå nyttårsafta. Sjukdomen heng framleis i, men i dag blei det tur. Det var tungt. Snittpuls 20 over vanleg snitt. Fleire gonger måtte eg stoppe og henge på stavane. Men, til topps skulle eg. Hadde brukt mykje tid på å vurdere ruta som eg valde i dag. Må vere forsiktig. Nytta Varsom sin app, også undervegs. Unngikk skredterreng, og heldt meg under 30 grader. Men det var ganske mykje vind-transportert snø, og laust oppi. Etter mildvær og frost, så nysnø og kaldt, og ingen drønn, rekna eg oppgangen som trygg i dag. Hardare føre opp ryggen. Appen stoppa ved toppen, og tok heller ikkje inn toppen. Difor er sporet kun opp. Var på toppen kl 14:20. Eg hadde ikkje lasta ned offline-kart, så kanskje det var årsaka. >>>
Nedanfor Tyinkrysset
- Dato:
- 26.12.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 6,3km
Randonee-tur med Yngve. For han var målet morsom skogskøyring. For meg, håp om ein topp. Vi fann ein skogsveg med spor. Dette gjorde turen opp i terrenget lettare enn kva vi hadde forventa. Då vi kom ut av skogen, vurderte vi litt ein flanke av Finndalshorn. Men då vi kom inntil, var det noko laust, og verka tungt å gå opp. Vi gikk difor inn dalen, og rundt for lettare oppstigning. Oppå fjellet var vinden sterk, og det tjukna til. Finndalshorn var ikkje å sjå. Vurderte å snu, men Yngve hadde svært lyst å sjekke ut flanken. Det var ei kort etappe så vi gikk over. Av med feller, og så køyrde vi litt ned for å sjekke forholda. Det viste seg at snøen var hard i toppen her, og flakete. Vi høyrde drønn, og det laga seg lange sprekkar. Då vart valet plutseleg enkelt. SNU. Sjølv >>>
Blåskavlen
- Dato:
- 17.05.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 22,6km
Fantastisk.. Når ein er så vaksen, at det ikkje er forpliktelsar overfor born. Då gjer ein litt som det lystar seg. Å feire grunnlovsdagen i slike omgivelsar, gjer at ein kan reflektere over mangt og mykje. Kva fantastisk land vi leve i. Nydeleg natur, tryggheit, og gode lover frå 1814, gjer at vi har det betre enn dei fleste på denne kloden. Takk for det, og hurra for 17. mai ! I dag såg eg ikkje skyer, og føret var heilt supert. Solotur i dag sidan sambu var på arbeidsvakt. Rando går fint, sjølv på ei såpass kuppert rute. Hadde ikkje feller på att, på returen. Løyste opp lås på sko, og kom meg opp dei få kneikene i mot, på returen. Noko fiskebein, og staking. Men det var mest køyring nedover att da. Svært morro, og klokka sa 65,6 km/t som maks. Måtte i hockey for å >>>
Bleia frå Maristovlii.
- Dato:
- 08.05.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 13,9km
Fin tur med Yngve, som kom med turforslag fredag. Eg har vore på Bleia 1821 toppen i Lærdal fleire gonger. Men tidlegare alltid frå Eldrevatnet, når det har vore på ski. I dag skulle vi prøve ei rute frå parkeringsplassen like nedanfor Maristova. Det bar rett inn i skogen. Vi sikta ei grei rute innover mot Kolsmork. Veldig hardt, men det var for såvidt greitt så lenge det ikkje blei for bratt. Passerte etter kvart ei tømmerhytte, og tok sikte på ein åpning i skogen, opp mot Storehaug. Brattare no, og bratt oppgangen her. Her losna skiskoen frå bindingen ei gong både for meg og Yngve. Det var isete, og vanskeleg å få feste opp denne kneika. Vi tok av skia og gikk på føtene siste 30 meter opp, til det flata ut. Vidare var det ei flate før vi passerte grova Fremre Spjotåni. >>>
Hellstugubrean med toppar
- Dato:
- 23.04.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 24,6km
Nydeleg ver og fin tur på Hellstugubrean med Marita. Helgetur til Lom. Bubilen har ikkje vinterdekk, så vi leigde oss inn i leilegheit ved Nordal turistsenter. Gamal stugu som var pussa opp. Grei innkvartering og god frukost. Køyrde mot Spiterstulen laurdag morgon. Vegen oppover var svært holete, og ein del skada av vatn som grov. Måtte ta det med ro. Gikk innover Visdalen kl 09:40, og snart nådde vi sola. Fint innover, men snøen sang på siste verset her. Etter kvart litt opp, og inn mot brefallet. Ca. 2 timar hit, og så matpause i nydeleg sol, og stille. Etterpå vidare opp brea. Ingen problem, anna enn at det var hardt og ein del "bøljeblekk". Følgde delvis eit skuterspor, som gjorde det jamnare. Det var berre å finne rett tempo, og ete seg høgdemeter opp brea. Fint >>>
Øvre Salen nordaust
- Dato:
- 15.04.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 2:36t
- Distanse:
- 7,5km
Fin-fin langfredagstur til Øvre Salen nordaust. Son Joakim og Marita var med. Fyrstnemnde med heftige gnagsår, og Marita med mykje trening frå i går i føtene. Vi gikk frå parkeringa til grunneigarane på Smeddalen. Der har slekta hytte, som far min bygde i 1955, og difor har vi koden til bommen :) Turplan var til litt over tregrensa. Så skulle vi til dagens mål, hytta nedst ved Smedalsvatnet. Men det blei topping likevel. På alle tre. Vi møtte Yngve og Vidar på veg ned, då dei var like under toppen. Holdt følgje på retur etter kvart. Det er svært mange som har oppdaga denne toppen som ein godt eigna rando-topp. Bilde viser at det var god trafikk i går og i dag. Lukka var nysnøen som kom for nokre dagar sidan, og som dekke over mange harde is-parti. Nysnøen hadde bunde seg >>>
Stora Grånosi
- Dato:
- 11.04.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 8,9km
Rando-tur med Marita frå Vardahaug. Meldt trekvart sol, men den var synleg i områda nord og aust for oss. Mange kraftige drønn i snøen i dag. Såg sjølvutløyst ras ovanfor Vardahaug støl. Ikkje mykje over 30 g i brotkant. Bestigninga opp flanken på Stora Grånosi er mest 25 -27 grader. Vi valde å gå lenger ut i retning Bjørnen, før vi gikk mot toppen litt under toppryggen. Litt slakere terreng, og så unngikk vi den brattaste flanken, med mest vind-transportert snø. Retur same, og med noko mindre morro køyring enn om vi hadde køyrt rett ned flanken. Men sikkerheit fyrst. På returen frå toppkruna var det tett skodde, med sikt ca. 10 meter. Heldt spora. Like under toppkruna, vart det på nytt grei sikt. Dimt ned att frå sjølve fjellet. Betre vidare nedover med ein del skare. >>>
Salen-toppar
- Dato:
- 19.03.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 10,6km
Det var meldt lettare ver utpå dagen. Det freista med skitur, og slik blei det. Mildt ca. 3 pluss ved start 900 moh. God snø opp skogsområdet mot Synshaug. Vidare noko hardare, og til og med parti med blå-is innimellom. Fint å gå og betre snø innover, når eg var oppe nær 1400 moh. Lettkuppert bortover og over Kjerringtjørn. Fin utsikt mot Nedre Salen, absolutt ein fjelltopp. Fyrste bestigning dit. Tok av feller, og fekk ca. 600 lengde-meter renn nedatt på vatnet. Så bar det opp mot Øvre Salen. Denne toppen har få besøk, sidan den ligg bak rando-toppen nordaust for Øvre Salen. Feller av igjen i renn ned mot foten av siste topp. Rett opp her, og litt over. Så feller av, og berre kos og morro heilt nedatt. Mykje god snø i flanken under toppen, og i skogenes mot Nedre Smeddalsvatnet.
Berdalseken
- Dato:
- 12.03.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 17,8km
Skitur med Lærdal turlag. Vi var 7 glade personar på tur i dag. Fleire avstod nok grunna meldingane om vind. Men vinden var fråverande på 80 % av turen. Nydeleg nede i dalane, men oppå sjølve ryggen bortover mot toppunktet var det sterk vind. Særleg siste par hundre meter, og rundt varden på toppen, var det kraftige vindkast. Sidan det var hardpakka snø, vart det ikkje noko snødrev. Ikkje det beste føre heller, men hard snø fungera greitt det. Svært avblæse på nokre stader. Særleg i partiet før skaret der ein kjem inn på flata under breen. Fleire steinar å sjå enn på tidlegare turar her oppe. Men ingen problem å komme fram. Måtte vere litt på vakt for isete parti. Eit par frå Hemsedal var med oss i dag. Trivelege folk. Svært kjekt at nye folk blir med oss på turane >>>
Suletinden frå Maristova
- Dato:
- 03.03.2022
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 3:15t
- Distanse:
- 10,7km
Spontan topptur med halv dag avspassering på jobb. Fekk med Anders og Yngve. Køyrde heilt øvst i hyttefeltet på Gramstølen. Anders hadde gått i førevegen frå utkøyrsla framom Maristova, og fekk slik sett ein vesentleg lengre tur. Nydeleg sol, og det er lenge sidan. Mjuk fin snø fyrste 20 min, men vidare oppover mykje hard skare. Greitt å gå på det, med feller. Fantastisk å labbe oppover, og sjå det vanvittige fjellpanorama som opna seg. Lite dokumentasjon av hærlegheita, då batteri gikk raskt ned i dag, og på toppen vart det stopp for telefon. Fekk sporlogg av Polar-klokka, noko som var greitt. På retur kosa vi oss med rennet, sjølv om den fyrste delen hadde hardpakka snø og noko is. Litt anna rute nedatt. Anders følgde noko av returen, men ville ta rute litt som opp, >>>