Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (336)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Skjeltrane
- Dato:
- 25.02.2024
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 10,4km
Plan var tur med Lærdal turlag til Sletningbu i dag. Etter langtur i bil og familie-besøk i går, freista ikkje tidleg start. Det vart ein kjapp ettermiddagstur til Skjeltrane i staden for. Same startpunkt som turlaget. Skuter-løype gjorde det lett å gå frå start, og opp i bjørke-skogen.
Fin laus snø, og urøyrde vidder dekka av snø når eg kom opp på snau-fjellet. Dreia litt nordvest, fann eit punkt og kryssa elva. Den var for det meste åpen, og hadde god vass-føring. Kika på ruta aust, som eg gikk i fjor. Uråd no, med fleire store skavlar, som trua oppi. Lett å gå opp ryggen frå nord. Avblæse siste partiet, nokre hundre meter mot toppen. Fin utsikt. Feller av, og fin sigling nedatt. Litt staking ved vatnet og nedover i flatere parti. Laus og fin snø siste halve partiet ned >>>
Såta nr.2 i Hemsedal
- Dato:
- 18.05.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 14,5km
Hemsedal har ikkje mindre enn tre toppar med namnet Såta. Eg kallar denne nr. 2, sidan den er den mellomste i høgd over havet. Skulle egentleg slappe av i dag, men litt over kl. 12 kom det akutt ei lyst på skitur. Hadde ein par ruter klar i hovudet, og Hemsedal er snørikt i år. Eg var litt spent på om det vart for varmt for skitur i dag. Det gikk greitt, viste det seg. Hadde vurdert litt for og i mot i val av utstyr. Rando eller fjellski. Valde rando sidan eg såg for meg fin køyring ned frå toppen. Ved fare for gjennomslag, så flyt dei også betre. Det vart ein fin skitur. Tok ikkje av fellene ned frå Systerskardet. Angra på det, sidan det var lenger ned enn kva det såg ut for. Litt dette med tida med feller av/feller på. Men ein skal da ha det moro og, så feilvalg det. Eit >>>
Bleia i Lærdal
- Dato:
- 07.05.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 26,7km
Triveleg tur med Lærdal turlag. Fin gjeng på 13 personar gikk denne relativt lange skituren til hærleg utsiktstopp. Her får ein skitur der mykje går i jamn fin stigning i vakkert landskap. Etter Daudmannsvatnet, litt nedatt til Bleiaskard. Så byrjar dei knapt 500 høgdemeterane opp til varden på toppen. Om lag halve gruppa pausa ved varden, medan oss andre gikk ned til kanten mot Sognefjorden, og naut den flotte utsikta. Her utpå er nokre skavlar, men vi var varsame, og hadde kyndige Jon Einemo med som kjentmann nedpå. Om lag 3 km tillegg på turen, som betalte seg. Så var det siglinga nedatt, der dei fleste hadde det kjekt, og nokre kosa seg meir enn andre. Dei fleste hadde fjellski med feller, og tre nytta rando. Som er morro ned frå toppen, men mest fjellskitur dette, samla sett. >>>
Storebottnuten
- Dato:
- 06.05.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 7,4km
Ein time og 15 min å køyre med vasskraft-lada bil. Parkerte ved Holdeskar-vegen. I dag ville Marita prøve seg på ski for fyrste gong i år. Kjekt at ho blei med. Betennelse i kne har plaga henne lenge. Valde ein enkel rando-tur, med jamn stigning. Denne toppen burde eg ha samla i haust, men den rauk i eit dårleg strategisk val. Men tur er meir enn samling. Det var fint å gå roleg oppover i ikkje for bratt lende. Ruta gikk beint mot sør, og sola steika godt. Talte ei rekkje på 20 personar over oss, på veg mot Systerskardfjellet. Fleire og sjå på fjellski også i kvista løype. Enno rikeleg med snø. Så lenge det ikkje blir for varmt, er det høve for skitur nokre veker til her. Litt vind oppå topp-platået. Toppen baud på flott utsikt i alle retningar. Fasinerande å sjå dei >>>
Stora Grånosi
- Dato:
- 04.04.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 7,8km
Randotur med Yngve frå 600 meter nedanfor Vardahaug parkering. Nydeleg dag for topptur. Etter vurderingar om tur til Bleia, blei denne valgt som passe i dag. Mykje som skal gå i hop i påska. Gledar meg til besøk frå son og barnebarn i ettermiddag. Snart kjem også dotter heim på besøk. Det var litt tunge bein i dag, så kanskje litt på minus med restitusjon for tida. Men denne turen er ikkje så bratt, men likevel har den fin køyring heile vegen. Skogskøyring som avslutning. Flanken ned frå toppen gir bra fart. Fiiin-fin tur :)
Storebottskarvet
- Dato:
- 26.03.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 9,6km
I dag var det vanskeleg å bestemme seg turmålet. Langrenn, fjellski, men helst topp da. Turmålet blei bestemt 200 meter før rundkøyringa i Borlaugskrysset. Vegringa gikk på to element. Det var meldt aukande vind i høgda ut over dagen, og dette med solo-tur høgt til fjells. Turen hadde eg heller ikkje gått tidlegare. Turen vart opptur. Det einaste minus var vinden. Den førte til at eg returnerte frå flanken, og gikk opp sør-aust. Egentleg eit betre val uansett, vil eg meine. Men der og då, når eg snudde og slapp med nedatt 40 høgdemeter, var det ugreitt. Vinden, samt at skia skyfla laussnøen i bratta. Hard skare under. Det hadde ikkje vore problem å komme opp da. Men det viste seg at ruta rundt gav meg god ly for vinden heilt til eg var på topp-platået. Gikk på begge toppunkta, >>>
Kyrkjenøse.
- Dato:
- 24.03.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 3,7km
To timar avspassering på ein fredag var nok til å få seg ein fin topptur i sola. Det hadde komme ca. 20 cm nysnø. Difor var det tungt, men likevel fint oppover. Mild også, med eit par varmegrader og kram snø, til det flata ut på ca. 1100 høgdemeter. Noko drønn i bratta mot toppen. Men ikkje over 25 grader bratt her, og eg følte meg trygg på tur. Idyllisk i nysnøen. Fin køyring nedatt. Appen ville ikkje lage spor nedatt.
Helleberget og Dyrhovden
- Dato:
- 01.03.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 13,0km
Litt avspassering vart til ein skitur frå Hollekve i Sogndal. Målet var Helleberget, med opsjon på Dyrhovden. Resultat på begge, men noko undring undervegs. Følgde ruta over brua skilta til Helleberget. Sannsynlegvis ei sommar-rute. Men her var fint å gå oppover. Ruta til topps var heilt fin. Idyllisk ved vatnet og hyttene under toppen på austsida. Toppen var rund-flat, måtte litt forbi postkassa. Svært fin køyring nedatt frå toppen. Skikkeleg mjuk og turr snø på 10 - 15 cm. Nesten nede tok eg ein lang sving i retning mot fjellet eg rekna med var Dyrhovden. Det viste seg å vere rett, men undringa skuldast at appen svikta meg totalt i dag. Heilt fint til topps, og så eit par hundre meter i nedkøyringa, stoppa den. Ikkje hadde eg teke med GPS heller. Men eg hadde studert kart >>>
Blåfjellet og Blåfjellet øst
- Dato:
- 25.02.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 12,2km
Fyrste tur til Blåfjell for min del. Måtte gå frå nederste parkeringa. Litt bonus-trim, og to km lenger tur. Kom litt seint av garde i dag. Var spent på vindforholda. Heldig der, då det var mindre vind enn venta. Men litt ustabilt. Vurderte å snu ei kort stund, sidan det kom ei snøbyge, og eg var i ukjent terreng. Men byga forsvann like fort som den kom. Eg hadde gått litt for langt opp i botn, men fann likevel ei fin lei vidare. Tungt oppover. Framleis i dårleg form etter Korona. Det er bratt, og snøen var djup og delvis laus. Det letta litt, og eg kom meg til topps, sjølv om det kosta i dag. Gikk fyrst bort på hovudtoppen, så aust-toppen, der den store varden står. Rask å ordne for returen, då det blæs her og dagen minka. Føret var greitt minus. Litt flakete i toppen av >>>
Børrenøse
- Dato:
- 19.02.2023
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Distanse:
- 4,4km
Opp i laussnø mellom hyttene, og etter kvart inn på grøne alpint-løypa. Følgde den opp. Det blæs godt på toppen. Kort tur i det ustabile vêret.