Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Toppar ved Vinstre

Dato:
08.10.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
17,4km

Haustferie, og toppturar i Øystre Slidre. Plan var 4 raude nåler på ein tur. I dag måtte Gråhøe gå ut grunna ver-tilhøva. Greitt fyrste timen, men så vart det to timar med snøbyger og vind. Fint å gå DNT-stien opp til mellom Gluptind-toppane. Bratt og litt sleipt opp til Søre Gluptiden. Rask retur, og eg valde snillare rute ned att i skaret før toppstøyt mot Nørdre Gluptinden. No vart det meir surt ver. Nedatt frå Nørdre Gluptinden var det uråd å orientere seg i bratta i starten. Så difor valde eg å runde i mindre bratt terreng. Lettare opp mot Store Nuten. Så vurderte eg litt ruta vidare. Det var vått med snø og sleipt. Difor vart det litt tilbake, før eg kom meg nedatt i dalen. Fint å gå etappa under toppen, og til tangering av DNT-stien på retur. No letta veret, >>>

Kart    

Skreddalsfjellet og Svarthamaren m. fl.

Dato:
27.09.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
10,5km

Fin rundtur i Øystre Slidre. Ein må komme seg ut av den for tida mørke dalen i Lærdal, og få seg litt sol-timar. Det var mange stiar rundt om i terrenget. Eg satsa beint på grøn nål som fyrste. Sti opp til fjellfoten. Så vart det utan sti fram til siste toppen. Sett bort frå eit lite strekk med raude T-ar. Sti heile vegen nedatt til stølen. Det var fint å gå oppå fjellet. Berg og dalbane mellom toppane. Ikkje særleg bratt, og greitt terreng. Ingen vier, og låg lyng. Kosa meg heile dagen, sjølv med litt vind oppå fjellet. Sønnavinden som kom, fekk opp temperaturen som var låg på morgonkvisten.

Kart    

Ulsanosi

Dato:
13.09.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
16,5km

Fin tur opp ved mektige Hjellefossen i Utladalen. Fin sti oppover. Men i dag var kroppen tung, heile vegen. Hjelledal-stølane er vakre og velstelte som alltid. Sti mot Morkaskaret, og så vart det tyngre i lyngen opp, og ut mot toppen. Nokre få små ryggar braut terrenget, slik at det vart litt ned og bratt oppatt. Fint å gå her. I dag var det såpass med skyer, at stortoppane ikkje var synlige, anna enn ved få glimt. I dag var det tungt nedatt og. Litt sårføtt. Sikkert litt harde dei innleggsålane eg erstatta dei gamle med. Men det vart no ei god økt, og ein ny 100 pmf. topp i Årdal kommune.

Kart    

Skimlehovden

Dato:
07.09.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
26,1km

I dag var det fint ver for ein langtur. Skimlehovden er godt bortgøymd i fjella mellom Årdal, Lærdal og Filefjell. Den kan ein nå på ulikt sett. Lærdal via Oftedalen og Hedleskar. Sagi via Kvitingsmorki og innover, og Vikadalen via Smørhola. Sistnemnde truleg kortast. Eg valde via Kvitingsmorki, mest grunna jamn stigning. Ja sett bort frå fyrste 400 høgdemeter frå Sagi. Kjekt å gå innover fjedli i dag. Stille. Vakkert i område før og ved Fremre Smørhola og mot Vasselavatnet. Toppen hadde eg planlagt å gå ryggen frå vatnet Blåsarbåten, men såg at det ikkje var behov for å gå heilt opp til vatnet, før eg forlot stien. Greitt oppover men bratt innimellom. Flott utsikt frå toppen, og nedatt ryggen på retur. På denne ruta dukkar Hurrungane si tinde-rekke opp frå fleire >>>

Kart    

Breisete

Dato:
31.08.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,5km

Tur utan topp i dag. Var meldt sterk vind i høgda og regnbyger under vegs. Då vart det Stølstrim-post i regi av Lærdal turlag, på UT-appen. Fin tur frå Kvigno til Breisete. Svært mykje gras på stølen. Såg 11 sau nede i lia, og høyrde fleire. Sau på stølen og. Var for kjapp med lagre-knappen, så bilturen heim blei med på GPS-sporet på retur. Data er korrigert.

Kart    

Øvre Kaldekletten

Dato:
26.08.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
3,2km

Fin ettermiddagstur på Aurlandsfjellet med Sander. Frå Skaolo til Øvre Kaldekletten. Fin varde og nydeleg utsikt.

Kart    

Graveskarnosi

Dato:
14.08.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
10,3km

Fyrste for min del til Graveskarnosi. Opp stien frå Tyinosen. Fin tur dette. Bratt opp til fjellet, men lett å gå oppå mellom toppane. Flott utsikt til relativt nærliggende Hurrungane. Hjelledalstind tok seg fint ut frå dette området. Mykje sva, og spennande og variert topografi innimellom oppi her.

Kart    

Mannen - Haramsøya

Dato:
02.08.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
13,5km

Tur med bror din Marita og svigerinne. Pål tok El-sykkelen opp til fjellet, medan me gikk. Oppå fjellet var eg spent på desse vind-turbinane. Lite å sjå av dei også, grunna skodda. Frå Mannen såg ein styrtningane, og tidvis ned til bygda. På returen var eg bortom Ulla-hornet også. Fin sti lags styrtningane her, siste stykket ut mot topp-punktet. Fin tur, på trass av begrensa utsikt. Kosa oss ved Ulla fyr resten av kvelden. Litt solnedgang, men noko for tett sky-lag i dag.

Kart    

Klausethornet og Digergubben - Midsund

Dato:
31.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,8km

Tur to på Midsund i dag. Denne gongen aleine, og med to raude nåler som resultat. Også her var det steintræpper, men kun i bratta frå start og opp til ca 280 m.o.h. Vidare sti, og i deg som ein "Indresogning" vil omtala som "høgfjells-terreng". Fint å gå oppå fjellet her. To snille toppar, fort gjort, og bra med pm.-faktor samla. Lite utsikt også her.

Kart    

Rørsethornet -Midsund

Dato:
31.07.2025
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
4,8km

Dette var ein tur som Marita hadde svært lyst å gå. I fjor var knea hennar ute av form. Men i år, og med to nye halvproteser på plass, gikk det heilt fint. Træppene var lagt fint i naturen. Eit par plassar kjende eg på luftigheita på retur nedatt. Og ein stad litt før ein kjem opp på fjellryggen, var det temmeleg bratt. Personleg føler eg meir for å klyve i naturleg bratt ut. Men denne ruta har absolutt sin fasinasjon. Gikk ca 30-40 meter frå toppen og vidare bort ryggen. Følte der å då at det var i luftigaste laget, utan at nedgongen vart grundig sjekka. Hovud-målet vart nådd i alle fall. Frå toppen var det ikkje utsikt, grunna skodda.

Kart