Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Hånosi og Hestehovden i Oftedalen

Dato:
06.07.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
19,7km

Nytta ein fin feriedag til ein fjelltur med rute som tok med to Lærdalstoppar på pm 100. Gikk frå sjukehuset i Lærdal til Oftedalen. Vidare opp til Øksenvatnet, Småvotni, og runda opp på Hånosi frå austsida. Nokre snøbruer, men greie å skrå over, før bratt opp på platået. Då var det å dreie litt i norleg retning, og eg nådde varden etter ca 5 min. Varden var rund, stor og staseleg, men det hadde rasa ut litt på sørsida. Så var det å gå over Hånos-fjellet til Helle-skaret, og opp på Hestehovden, ein litt lågare topp på hi sida av Oftedalen. Nedatt derifrå var det vakker natur med frodige beiteområde i 1000 - 1400 høgdemeter. Mange sauer med lam storkosa seg her oppe. Herifrå var vakre Lærdalsøyri med fjorden, frodig og flott i fugleperspektiv :) Så var det >>>

Kart    

Heilhornet

Dato:
22.06.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
10,6km

Denne gongen vart det berre nesten. På ferietur i nordnorge kom vi over denne forlokkande toppen. Ein finfin fjelltur blei det, i ukjende omgjevnader :) Nær toppen motte vi ned i eit skar, og over ein egg knapt ein meter brei. Ein bolta kjetting var til hjelp i denne overgangen. På siste bratte partiet forsvann raudmerkingane delvis inn i ei bratt snøbru. Vi vurderte det litt usikkert å gå på dei store blokkene ovanfor. Fallhøgda ned til breen/snøbrua (som ein ser på biletet) er betydeleg, og ei utgliding kunne bli livsfarleg. Eit følge på 3 unge kom listande rundt ei stor blokk med lite å halde seg i. Dei meinte at dette var lett. Eg sjølv vil heller gå ei gong seinare på året, når snøen har smelta meir. Ja om eg kjem på dei kantar ei annan gong. Det var i alle høve ein >>>

Kart    

Veslesmeden

Dato:
20.06.2017
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,6km

Kart    

Rondeslottet

Dato:
18.06.2017
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:47t
Distanse:
13,6km

Kart    

Bermålsnosi

Dato:
20.08.2016
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:42t
Distanse:
19,1km

Tur med litt tempo til Bermålsnosi. Bilda gikk litt bananas, men er forsøkt koda på plass att. Dette er ein fin-fin tur over fjord-landskapet i Indre Sogn.

Kart    

Kongsvollen

Dato:
23.07.2016
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,6km
Kart    

Glittertinden frå bom Veodalen via Glitterheim

Dato:
12.07.2015
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
28,0km

Med Marita og Runa Mari frå Glitterheim.

Kart    

Lifjellet

Dato:
01.03.2014
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
10,0km

Gikk opp Nipestigen. Det var bratt og ein smule spennande. Fin utsikt, tur over fjellet og nedatt "vanlege" ruta.

Kart    

Hornsnipa

Dato:
07.08.2013
Turtype:
Fjelltur

Onsdagstur med Lærdal turlag.

Kart    

Store Soleibotntinden

Dato:
26.08.2012
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
9,0km

Med Lærdal turlag.

Kart