Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Klantenovi

Dato:
22.09.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Kart    

Storeberg

Dato:
30.07.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,8km

Kom rett frå Omdalsåsen. Køyrde nokre hundee meter vidare, og parkerte midt i anleggsområdet for nye motorvegen. Søndag, og ikkje arbeid i dag. Gikk opp på gravemaskin-trasè, og inn i villskogen. Skulle vere traktorveg, men den var godt attgrodd. Opna seg då eg følgde ei kraftlinje ei kort stund, for så å leite etter sti inni skogen att. Det gikk da framover. I eit belte på 50 meter måtte eg sloss i gjennom 3-4 meter høg tekk bjørkeskog. Kom så inn på nokre flater med ope felt. Litt til høgre, og innatt på noko betre ATV-veg fyrst flatt, og så lett stigning. Sjekka app, og gikk så ganske rett opp mot turmålet. Enda på feil topp, 200 luftmeter for langt sør. Sidan det var hoggbratt i mellom, måtte eg litt i retur, og så ned i skaret. Greit topp til toppen, men tett >>>

Kart    

Omdalsåsen

Dato:
30.07.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,1km

Sidan sambuar Marita har familie og to barnebarn på eitt og tre år i Porsgrunn, blir det tid til toppar her i området også innimellom. Samt topp og topp. Knausar med tettvokse skog, kratt og kjerr, dei fleste. Fleire toppar er ikkje merka, stiane er ikkje rydda/vedlikehaldne. Mykje på skogsveg, og bushing, for å komme fram. Omdalsåsen, var av dei lettare i så mote. Fin traktorveg innover i skogen. Så tok eg ei rettare rute på vegen opp av nysgjerrigheit. I staden for ATV-veg. Litt bushing her, men ruta og retninga gav seg sjølv. Straks topp. Måtte leige etter ei glenne for å ta ein bildete. Retur på ATV-vegen som byjra 200 meter nedanfor toppen. Så småjogging ned til bilen. Parkerte under brua, då innkøringa kun er for fastbuande og gardsbarnehagen.

Kart    

Solgladberget

Dato:
18.06.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:57t
Distanse:
4,8km

Tur to i området rundt Vavatn i Hemsedal i dag. Køyrde vidare oppover på fjellvegen frå parkeringa til Kvitingane. Like etter kryss til Harahorn hotell m.m. var det bom. Kr. 90 chippa med kort, enkelt og greitt. Litt dyrt for den vesle turen eg skulle på kanskje. Men eg hadde no køyrt heile vegen opp. Betalte kr 60 ved førre parkering og. Ja-ja. Det blei ein fin tur vidare. Varmt i veret og overskya. Sikta meg inn på ein hytteveg. Der den stoppa gikk det sti vidare oppover, noko syd for fjellet. Alltid lurt å følgje sti. Tok av ved ei mast, og følgde trakk vidare, før eg stampa kursen rett opp på ryggen. Lett og gå når ein kjem over lyng-partia. Gikk innom trig.punkt og varde, men heldt fram til neste varde. Så må ein også ned litt, og vidare til haug nr. 3. Der ute er høgaste >>>

Kart    

Kvitingane

Dato:
18.06.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:04t
Distanse:
8,0km

To turar i Hemsedal i dag. Fyrste til Kvitingatn, som det heiter på «Hemsedøl». Køyrde inn Grøndalen ved Tuv, og opp fjellvegen mot Vavatn. Parkering med Vipps ved tur-start. Skilta og merka rute til topps. Fyrst opp ein veg, så litt ned i skogs-terreng, og etter kvart over ei solid bru. Tydeleg at denne turen er ruta utanom stølsområdet med hensikt. Etter kvart slapp skogen, og det var fint å gå inn dalføret. Ikkje lenge, før det vart brattare opp fjellryggen. Fint å gå her. Oppå fjellet var det også nokre flatere parti. Den merka ruta går bort til varden. Her var både postkasse og SjekkUt. Fin utsikt. På «Norgeskart.no» er denne, og nabotoppen lenger nord sett til same høgd. Raude nåla er på toppen utan varde. Så det vart sjølvsagt obligatorisk innom den også. >>>

Kart    

Sopandefjellet på Vikafjellet

Dato:
16.06.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
2,9km

Ein liten enkel topptur på Vikafjellet i forbifarten. Parkerte ved utløpet av tunnelen. Det var trakk til å byrja med. Litt nedatt ein liten skrent, og tangerte vatnet. Islagt enno. Greitt opp i lyngen til topps. Her er elektro-installasjon for tele-signal. Fin utsikt, sjølv om linjer og master tok litt utsikt. Men dei må jo til. Grei trim etter å ha sete mykje i ro på samling med jobben.

Kart    

Metalen

Dato:
28.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,8km

Denne turen tok eg like etter Siljanniben. Parkerte utom vegen på høgre side like før eit hus. Gikk innover på god breid grusveg. Så til høgre og på jord-dekt traktorvei. Då den runda 270 grader, vart det meir for ATV-veg å rekne. Vidare nokre hundre meter.Buksa meg så 50 meter gjennom tett skog, og fann "stien", som var ein halvanna meter breid veg. Så bar det på denne bratt oppover til ein haug. Sti vidare herifrå. No såg eg også to blå merke. Gikk så 90 grader til høgre, opp på ryggen, og ut til toppunktet. Denne turen vart nesten utan "bushing". Utsikt heilt til havet herifrå. Trea skygger likevel for det meste av 360-utsikt frå toppen av åsane på desse trakter. God trim, og Porsgrunn-topp nr. 5 i boks.

Kart    

Siljannibben

Dato:
28.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,5km

Turen inneheld gode ruteval og dårlige, eller rettare, litt surr på returen. Då eg kryssa elva, og såg opp, der det var omtala oppgang, så tenkte eg, at her er det både veldig bratt og mykje vegetasjon. Så eg gikk for plan min etter å ha studert kart-kvotar. Lenger inn på grusveg, og så inn i terreng ved ein litt open plass. Veldig tettpakka terreng. Så tolmodigheit og prøve å finne opne glenner. Plutseleg var eg på ATV-veg, og følgde den. Der den slutta, tok eg litt til høgre, så rett opp. Kom til ein skrent, leita litt, og så noko til venstre. Og så stod eg under bratte berg. Fann ei lita skår som eg klora meg opp i. Vidare kjapt bort på toppen. Litt tid til utsyn, og så retur. Valde litt runding under berget, for så å sikte meg nedatt til ATV-vegen. Då den svinga >>>

Kart    

Klantenovi

Dato:
17.05.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Måtte ha ei raud nål sidan det var 17. mai i dag. Medan Marita tok ein Bakketrim på Galdane, gjorde eg runden Rimskiold-Sverrestien-Klanenovi-Klanten-Vindhellavegen-Rimskiold. Fin runde, der eg kan plukke med ein topp med pmf. over 100 meter. Fin dag, litt kaldt i lufta, men ideelt for litt trim.

Kart    

Storehaugen

Dato:
19.03.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
6,2km

Fyrste fottur til Storehaugen i år. Is frå litt under Hardasiglet. Krika meg mellom isfelt opp til ca. 430 moh. Så på med snøkjetting. Lite snø opp til Skirset. Tungt opp hit, med vidare gikk det lett i dag. Meir snø, og hardtrakka trugespor oppover. Merkeleg nok blei det blautare, og eg trakka i gjennom snøen 10 -15 gonger. Kunne ha nytta truger, frå Vetlehaugen, men det var greit til fots i dag. Flott utsikt frå toppen, om det er vinter ellers sommar :)

Kart