Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Klantenovi 7/25

Dato:
30.04.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
3,7km

Trimtur med yngste son Sander, og besøk på grava til mine besteforeldre Maia og Hallvard Borlaug. Stavkyrkja er vakker som alltid.

Kart    

Amlaholten

Dato:
20.03.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,9km

Ettermiddagstur med Sander, etter eit lite ærend på Elkjøp.

Kart    

Klantenovi 3/25

Dato:
09.03.2025
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Tur på sein ettermiddag med hovudlykt.

Kart    

Klantenovi 12/24

Dato:
02.11.2024
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Dei fleste bilda eg tek frå Klantenovi, er mot Grindi. Spennande å sjå endringa i årstidene, då eg siste åra, har gått 10-12 gonger til dette turmålet i året. Det har etablert seg som ein vane.

Kart    

Storehaugen

Dato:
18.10.2024
Turtype:
Fottur
Distanse:
13,3km

Mørket kjem tidlegare no. Avspassere to timar, og då vart det topptur på fredag. I dag var også dagen med meldt finaste vèret denne helga. Køyrde til Kaupanger og opp flyplass-vegen til ca. 400 moh. Delvis merka og skilta rute, men ein må følgje litt med på appen til ein er i posisjon oppover fjellryggen. Når ein har komme litt opp og ut på ryggen, får ein ei nydeleg utsikt til fjorden, Kjørnes og Sogndal. Ut til toppen av Storehaugfjellet med mastene er det 6,4 km. No får ein også fin utsikt til Bleia og vidare ut Sognefjorden. På retur tok eg med ca. 70 nye høgdemeter opp til varden på grøn topp som blir kalla "Storehaugen". Her er varde, og svært god utsikt mot m.a. Sogndal. Her er Sjekk-ut på Ut-appen og postkasse. Så er det eit godt stykkje der ein er på >>>

Kart    

Klantenovi 10/24

Dato:
28.09.2024
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,0km

Ein månadleg tur til Klantenovi høyrer til.

Kart    

Klantenovi 8

Dato:
27.07.2024
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,1km

Sverrestien, Klantenovi, Vindhellavegen med Sander.

Kart    

Javnberget

Dato:
18.06.2024
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,1km

Feriestart. Skal vere i Porsgrunn til fredag. Då kan ein plukke nokre Valdres-toppar på veg, var tanken. Slik blir det. Byrja med Javnberget. Grei sti, men blautt i dag etter noko bygever. Svært flott utsikt frå toppen. Mot Jotunheimens mektige toppar, og Skaget m.m. Gikk opp til Storebergtinden på retur. Køyre vidare til Robølstølen.

Kart    

Hovden

Dato:
18.05.2024
Turtype:
Fottur
Distanse:
2,8km

Lett tur på godt merka sti. Godt tak i vinden på toppen, men varmt i vèret i dag. Ein benk var sett ut oppå flata ved toppen, retta mot Alden Nydeleg utsikt rundtomkring. Mot Alden, og hakket i Kinnaklova vist godt herifrå. Flott også inn austover. Nedatt møtte eg to karar, ein med ei jente på skuldra. "Har du vore på tur" spurte ho tilitsfult. "Ja, fin tur, svara eg smilande". Då eg var tilbake til parkeringsplasen, kom det tre bilar til. Ikkje uventa er nok dette eit mykje nytta turmål på øya.

Kart    

Klantenovi 12

Dato:
23.12.2023
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,1km

Vakkert i snøpynta skog. Strevsamt å gå i djupsnø. Truger hadde passa betre til turen i dag. God trim, og fin opplevelse.

Kart