Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (360)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Rennefjellet
- Dato:
- 09.11.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 6,1km
Stølsvidda og toppar omkring i Vestre Slidre, skulle utforskast i dag. Eg var spent på transport -etappene med bil i mellom. Var det gjennomgåande veg, eller måtte ein nedatt i dalføret ? Tok av like etter Ryfoss, og bomveg kr 140. Stoppa ved tur-skilt som viste Rennefjellet, og gikk fyrst til toppen som dei fleste går til. Den er 3 meter lægre enn høgaste punkt. På sti vidare, til smalare sti tok meg til turmålet. Vakkert landskap, og lett terreng å gå i. Flatt etter min målestokk. Tok ei anna rute tilbake, og difor noko utanom sti. Her oppe kan ein gå til og frå ulike stader. Mange stiar, skilta og merka. Fin tur.
Klantenovi 12/24
- Dato:
- 02.11.2024
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,0km
Dei fleste bilda eg tek frå Klantenovi, er mot Grindi. Spennande å sjå endringa i årstidene, då eg siste åra, har gått 10-12 gonger til dette turmålet i året. Det har etablert seg som ein vane.
Storehaugen
- Dato:
- 18.10.2024
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 13,3km
Mørket kjem tidlegare no. Avspassere to timar, og då vart det topptur på fredag. I dag var også dagen med meldt finaste vèret denne helga. Køyrde til Kaupanger og opp flyplass-vegen til ca. 400 moh. Delvis merka og skilta rute, men ein må følgje litt med på appen til ein er i posisjon oppover fjellryggen. Når ein har komme litt opp og ut på ryggen, får ein ei nydeleg utsikt til fjorden, Kjørnes og Sogndal. Ut til toppen av Storehaugfjellet med mastene er det 6,4 km. No får ein også fin utsikt til Bleia og vidare ut Sognefjorden. På retur tok eg med ca. 70 nye høgdemeter opp til varden på grøn topp som blir kalla "Storehaugen". Her er varde, og svært god utsikt mot m.a. Sogndal. Her er Sjekk-ut på Ut-appen og postkasse. Så er det eit godt stykkje der ein er på >>>
Fjellstulfjellet
- Dato:
- 11.10.2024
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 6,0km
På veg til Nododden og Porsgrunn vart det køyrepause, og ein liten topptur. Merka sti oppover på fjellrygg. Vekslande sva og skogsbotn. Ei og anna myr, og nokre idylliske vatn. Godt å strekke på føtene, og fin utsikt frå toppen.
Klantenovi 11/24
- Dato:
- 06.10.2024
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 4,0km
Noko lyst på 100 m pf. topp. Men ikkje på lang køyretur og dårleg vèr. Då vart det repetisjon av ein enkel topp i nærområdet. Klantenovi er ein av eit par åsar i Lærdal kommune. Fjellvegg, og fjellrygg er det mest av i det tronge dalføret. Difor er dette området fint for oss lokale, i periode mellom sommar-og vinter-sesong.
Amlaholten
- Dato:
- 29.09.2024
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 5,1km
Snøgrensa har komme på besøk til om lag 1000 moh. Då lyt ein besøkte toppar i «låg-landet». Fin runde om Amleholten. Og sikt til vakre Drøfte-fjell under Bleia.
Klantenovi 10/24
- Dato:
- 28.09.2024
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 4,0km
Valdresflya-Bygdin med toppar
- Dato:
- 22.09.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 14,5km
Køyrde opp på Valdresflya, etter å ha overnatta litt før Båtskardet. Plan var å gå over toppar og avslutte turen ved Bygdin. Marita som sjåfør. Følgde varda rute over nesten flatt landskap med steppe, myr og stein til fjellfoten. Kurs-endring 90 grader, og eg gikk så rett opp ryggen mot Øystre Fagerdalshøe. Jamnt bratt, og litt brattare med skrentar like under toppen. Vidare var det å følgje frå topp til topp bortetter. Flott utsikt mot vatn og stortoppar under vegs. Like etter Heimre Fagerdalshøe small det i hagelskot, ikkje langt unna. Kom så to unge jægrar med skytevåpen beredt, like under meg. Etterpå ein noko vaksnare kar med fuglehund. Litt overraska over val av jakt-terreng. Dette er ein fjellrygg, og her går det ein del fot-turistar. Mange som går til Synshorn >>>
Drylleberget, Dryllenøse og Hundeknappen
- Dato:
- 14.09.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 24,9km
Nydeleg ver, og ein fin haust-tur. Men i dag hadde eg tekniske utfordringar. 100 meter før Dryllenøse gikk mobilen i svart. Difor også få bilder. Restarta mobilen fleire gonger, men svart blei det. I ettertid viste det seg at alt lys var av, og mørk-modus vart aktivert. Sidan eg er vand med å gå på Peakbook-spor, blei eg litt smånervøs. Men eg sette på Garmin GPS, som var med som back-up. Den trøbla eg også med på spor-fokus. Men, eg hadde lese meg godt opp på ruta, og toppane kjende eg godt under vegs. Egentleg ikkje noko problem, anna enn nokre få ikkje optimale ruteval. Opp til Hundeknappen frå baksida tok eg opp eit greitt drag, men ser at andre har gått litt lenger inn. Så der rauk eg på ca. ein km. Kunne og ha teke litt meir direkte nedatt frå Hundeknappen, slik at >>>
Austre og Midtre Holåtindane
- Dato:
- 06.09.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 18,6km
Høgtoppane i Breheimen har vore omtenkt i mange år. Som skitur hadde nok vore fantastisk, men då skal mykje klaffe. No vart mine to fyrste 2000 toppar i Breheimen nådd til fots frå Middalen. Køyrde inn vegen til DNT-hytta Nørdstedalseter. Vegen opp og naturen under vegs var ei oppleving i seg sjølv. Like før DNT-hytta svinga eg til venstre på ny grusveg inn Middalen. Her var vegen ujamn, men det gikk bra. Heile 7.4 km var denne etappa, til der eg parkerte litt før ein tipp. Her følgde eg varda rute mot Trulsbu til eit vatn, og så prøvde eg å finne ei grei rute opp mellom toppane. Til Austre heldt eg godt ut nord. Ikkje vanskeleg å bestige denne, men ein blir andpusten. Det som imponerte mest på turen var den enorme brea nedanfor toppane. Men ein ser her at den minkar kraftig. >>>
