Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Favorittopper

Fjellstjørnryggen

Dato:
23.04.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
2,3km

Tur 6 og siste på dag to i Hyllestad. Denne turen var eg litt spent på etter sprake-infernoet til Katlenova i går. Det viste seg at her var det sti, og som eg minnest at Line hadde omtala for ei kort tid tilbake. Men at den var mykje attgrodd. Konsentrerte meg difor grundig i overgangar, for å ikkje misse stien. Lett å halde den for det meste med nokre unntak. Når ein kjem til den bratte fjellryggen, må ein gå til tilbake før ein klyv oppå. Eg fann eit fint opptak. Ser av spor at nokre har gått brattare skårer. Fint oppover ryggen fram til masta. Vidare litt kraftigare skrake-skog (sprake er einer). Artig sak denne toppen, og det gikk mykje betre enn frykta.

Kart    

Sørbøheia

Dato:
23.04.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
2,8km

Parkerte fyrst ved landhandel og gikk opp forbi sjukheimen. Inn i granfelt. Rotete og bratt område, fann ikkje sti og snudde. Her hadde eg vore for kjapp i føre-arbeidet. Men hugsa eit spor, så det ha godt folk her i nyare tid. Køyrte så ut litt lenger utover, og parkerte på ei lomme og følgde merka sti til topps. Fin sti her, og greitt å gå. Granfeltet var veldig bratt, men det var ei brei og god hylle å gå på. Nokre steinete opptak, men sti heile vegen. Kom opp til ei myr litt før toppen, men skimta trakka, og kom greitt over. Varde på toppen, men dårlegare utsikt i dag sidan det var yr i lufta.

Kart    

Kvimsen

Dato:
23.04.2026
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:01t
Distanse:
3,8km

Dag 2 i Hyllestad, og overskya ver med noko ismett av yr. Køyrde opp til noko som likna ein parkeringsplass, like før det går ein bratt bakke opp til vassverket. Fin sti i for det meste lauvskog. Kommunikasjons-mast på toppen. Sporet krasja i appen. Har lagt ved frå Polar-klokka.

Kart    

Torgeirsletta

Dato:
22.04.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,7km

Parkerte ved kyrkja på Øn. Her var det skilta rute på oppsida av vegen til m.a. Torgeirsletta. Fin sti, med eit bratt granfelt, før lauvskog og snillare sti etter kvart. Tregrensa ved om lag 310 moh. Om lag 200 meter før toppen var det eit stikryss. Denne turen kunne eg ha gjort kortare ved å køyrt inn eit dalføre mot Indre Sundbotn. Retur på denne ruta gav nok ein betre opplevesle med utsikt mot Lihesten, Åfjorden, til havet med meir. Då eg tok til på denne turen var plan å halde fram utanom sti til Høgeheia. Men eg gløymde nista i bilen, og var i ferd med å gå tom for energi like før toppen. Høgeheia lyt eg gå til frå Indre Sundbotn ei anna gong.

Kart    

Katlenova

Dato:
22.04.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
2,5km

Bilen vart plassert på ein grei stad 50 meter før eg gikk inn i terrenget. Like før svingen, inn på ei markert flat stein-blokk. Dette vart tur heilt utan sti. Bratt og tett. Spennande var det, å prøve å finne ei god rute. Til sist ved toppen var det eit sprake-villniss av høgaste generasjon. Nedatt vart det vanskeleg å treffe samme ruta. Ruta opp var best. Mitt fyrste og siste besøk hit. Men utsikta til Lihesten var fin.

Kart    

Kolgrovheia

Dato:
22.04.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
5,9km

Dette skulle bli den fyrste av i alt 6 turar i Hyllestad over to dagar. Parkerte mot Kolgrov, 200 meter frå hovudvegen. Skogsvegen var under utviding, og noko gjørmete på fyrste del. Vidare fin grøn skogsveg til stien tok til inn i terrenget. Tydeleg sti, og godt merka der det var steingrunn. Ein del sva-parti, på ruta, særleg i øvre del. Terrenget vart brattare då eg nærma meg toppen. Turen var variert og fin, med flott utsikt.

Kart    

Fresvikåsen

Dato:
20.04.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
14,4km

Endeleg til Fresvik. Einaste staden eg ikkje har vore i området i regionen. Eg viste at det var flott og kontrastfyllt. Snille området oppe på Åsen, og fantastiske utsikt til vakre fjell, styrtningar, og ein langstragt fjord. Difor ein del bilder i dag, med kamera og ikkje mobil. Litt blautt i starten, men fin sti til toppen Fresvikåsen og vidare til Middagshaugen. No vart det eit parti på nokre hundre meter med djup snø, mest godt opp til leggen, og eit par gonger til knes. Innimellom var det litt snø og is til ein kom under 600 høgdemeter. Kom ned til Holten med hytta. Her kjem stien frå sentrum opp. Gikk vidare og no ein knapp km på skogsveg, før stigninga mot Mulakamben. Fin sti, og eg måtte opp til det stilause toppunktet (sjølvsagt sidan ein samlar toppar 100 pmf. +). Litt >>>

Kart    

Klantenovi 5/26. Med ekstratur

Dato:
08.04.2026
Turtype:
Løpetur
Turlengde:
1:48t
Distanse:
11,3km

Samenhengande tur Lo-Dekkene-Annastien-Klantenovi-Lo. Plan var Lo-Dekkene. Men då eg var nede ved bilen, kom eg på at eg kan forlenge turen til Klantenovi (og raud topp). Slik blei det, og Annastien i tillegg. Gikk tom for næring 2/3 ut i økta. Slik går det når ein endrar planar undrevegs. Til Dekkene følgde eg sti opp, og grusvegen nedatt. Stien byrjar i fyrste svingen.

Kart    

Amlaholten 2/26

Dato:
05.04.2026
Turtype:
Fottur
Distanse:
5,0km

Snøbyger i dag. Litt snø på traktorveg/sti. Gikk greitt å komme opp siste bratta utan snøkjetting. Kram snø ca. 2 cm. med godt feste.

Kart    

Storehaugen

Dato:
21.03.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
6,8km

Tur frå dørstokken heima. Det var litt is innimellom etter Vetlehaugen. Øvst i skaret, der det mangla kjetting/tau, valde eg å gå ned att, og ta den gamle ruta rundt haugen. Burde ha teke med snow-chain. Nokre etter meg gikk rett opp skaret. Såg litt på ei rute nord for, som kanskje skal sjekkast nærare ei anna gong.

Kart